Dei unge veiknar
Born og unge vert i stendig dårlegare form. Det kan gå ut over demokratiet og den psykiske folkehelsa.
Forskinga viser at den fysiske forma til born og unge berre vert dårlegare. Mange sit inne og spelar data i staden for å vera ute. Biletet er frå den fire dagar lange turneringa X Meeting Point på Hellerudsletta i fjor.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Forskinga viser at den fysiske forma til born og unge berre vert dårlegare. Mange sit inne og spelar data i staden for å vera ute. Biletet er frå den fire dagar lange turneringa X Meeting Point på Hellerudsletta i fjor.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Fysisk form
jon@dagogtid.no
Heilt sidan dei gamle grekarane har det vore klaga over dei unge, og heilt sidan dei gamle grekarane byrja å klaga, har nokon sagt at no må det verta slutt på å klaga som dei gamle grekarane. Denne artikkelen skal likevel handla om at unge i dag faktisk er verre enn tidlegare generasjonar, og at dette er dokumentert.
I desse spaltene har det vore skrive mykje om eldrebylgje, aukande pensjonsforpliktingar og ei eldreomsorg som må taka all ny arbeidskraft og mykje av den gamle for at dei eldre skal få eit minimum av omsorg. Men er det så sikkert at dagens unge vert så gamle? Ja, demografane trur det, men har dei teke omsyn til kva slags menneske dei unge er? At det er stor skilnad på kva slags barne- og ungdomstid dei over 45 hadde, samanlikna med dei under 45?
Når ein skal føresjå kor god helse ein person vil ha i framtida, og kor lenge ein gjennomsnittsperson kjem til å leva, er det mykje ein bør granska: styrke, koordinasjon, sosial aktivitet, arbeid, løn og utdanning – lista kan gjerast særs lang. Men kan vi berre velja éin indikator, meiner både dei amerikanske hjarteforeiningane og den store kardiogruppa CERG ved NTNU at vi skal velja maksimalt oksygenopptak. «Kondisjon målt som VO2max er det beste målet for å predikere livslengd og god helse», skriv kondisjons- og hjarteforskarane ved NTNU på si heimeside.
VO2max er kor mange milliliter oksygen kvart kilo tek opp per minutt når du pressar deg sjølv maksimalt. Det vil seia at om du har ein godt trena muskulatur, sterkt hjarte og låg kroppsvekt, får du til saman eit særs godt resultat. I praksis samlar VO2max mykje: trening, livsstil, sosial aktivitet, mat, rus, røyking og så bortetter – i eitt konkret resultat. For det er ikkje til å koma forbi: I moderne samfunn har dei veltrente – i gjennomsnitt – det beste livet.
Ein by i Sussex
Men i kva retning går forma til unge og born i dag?
– Det er det same overalt. Trenden går feil veg, seier Leif Inge Tjelta, som er dosent ved Universitetet i Stavanger. Han har forska på trening i ein mannsalder og ein del vil nok kjenne han som den som testar kondisjonen til brørne Ingebrigtsen.
Vi skal koma attende til Tjelta. Men fyrst: Ei forskargruppe ved University of Essex plukka i 1998, i 2008 og i 2014 ut 400 born frå ein by i nærområdet. Til saman 1200 tiåringar vart testa i styrke og form. Borna vart høgre og tyngre, men kroppsmasseindeksen var stort sett den same gjennom den perioden dei vart målte. Når borna vart større, skulle ein tru dei vart sterkare. Nei. Maksstyrken gjekk ned med 20 prosent, og den uthaldande styrken gjekk ned med 30 prosent.
Og kanskje mest urovekkjande av alt: forfallet akselererte. Mellom 1998 og 2008 fall styrken med 0,6 prosent i gjennomsnitt per år, mellom 2008 og 2014 med 1,6 prosent. Men det var evna til å halda ut det gjekk verst ut over. Ho fall med 2,5 per år prosent mellom 1998 og 2008, eit fall som auka til 4 prosent per år etter 2008. «Ein passiv livsstil er i seg sjølv ein helserisiko, men fysisk form er det beste enkeltmålet for helse i barndomen, i ungdomen og inn i vaksenlivet. Dårleg form og inaktivitet fører til ei rekkje helseproblem i vaksenlivet», seier Gavin Sandercock, forskaren som leidde studien, til BBC.
Kva med Noreg?
Men dette er England, og alle veit at britane har vore eit folk i forfall sidan krigen. Så gale kan det vel ikkje vera i Noreg? Men diverre ser vi den same trenden her heime, fortel Tjelta.
– Det er så enkelt som at ungane sit inne og spelar data i staden for å vera ute. Så godt som alt av teknologisk utvikling fører til at dei går i feil retning. Heile samfunnet er lagt til rette for inaktivitet.
Tjelta kan dokumentera det heile med tal. Saman med Sindre Dyrstad samla han inn data for nesten 5000 gutar og jenter som hadde gått på to vidaregåande skular i Stavanger. Desse ulike kulla hadde vorte testa på 3000 meter kvart år mellom 1969 og 2009.
Det gjekk nokolunde greitt for kulla fram til slutten på 1980-åra. Det vil seia den gruppa som er over 45 og eldre i dag. Frå 1990 gjekk det gale. Gutane auka tida med eitt minutt og 20 sekund i gjennomsnitt, jentene med eitt minutt. No er ikkje funnet for jentene like robust, sidan langt fleire der har fått fritak gjennom åra, men auken i tid var på 10 prosent for gutar og 6 prosent for jenter.
Elendig hjå dei dårlege
Mest trist er likevel tala for dei som er i dårlegast form. Både dei beste og dei dårlegaste synte rett noko feil utvikling. Dei 10 prosentane av gutane som var i best form, og her har vi gruppa som driv med hard konkurranseidrett, auka tidsbruken frå eit gjennomsnitt på 10.19 på 1980-talet til 10.43 på 2000-talet. For dei beste jentene gjekk tida opp frå 12.28 til 13.10. Dei dårlegaste 10 prosent-jentene gjekk frå 20.57 til 22.30. Men den aller verste utviklinga var mellom gutane på botnen, dei dårlegaste 10 prosentane. På 20 år gjekk dei frå 16.05 til 18.57 i gjennomsnittstid, ein auke på heile 17,8 prosent. Resultata av granskinga vart publisert i tidsskriftet Scandinavian Journal of Medicine & Science in Sports.
– Då eg var ung, lærte vi at den forma ein oppnådde som ungdom, kunne ein delvis taka med seg vidare i livet. Då lover vel ikkje slik funn så godt?
– Det er til ein viss grad slik. Det er nok noko som heiter muskelminne. Men trening er mykje ferskvare. Om du er noregsmeister som 20-åring og så legg opp og aldri gjer noko meir, har du som 50-åring større helserisiko enn ein som ikkje trena i ungdomen, men byrja med trening i godt vaksen alder, seier Tjelta.
Likevel er det altså ein klar samanheng, fortel han, mellom trening og god form i ung alder og helse seinare i livet.
– Er du i god form som ung, er du berre betre rusta. Er du aktiv i ungdomen, held du gjerne fram med å vera aktiv i vaksen alder. Dette er sosiokulturelt. Det er dei mest ressurssterke som har dei sunne vanane. Fysisk form har vorte ein av dei fremste klassemarkørane.
– Men skal ein koma i god form, lyt ein taka seg ut, koma seg opp i svært høg puls. Kan det vera at om ein ikkje lærte det i ung alder, så lærer ein det aldri?
– Det er klart at det å kunna å trena er ein fordel, men ein må ikkje opp i så høg puls heller. Ein bør kanskje opp i 90 prosent av maksimalpuls. Eg har hatt mange grupper gjennom åra, og eg har sett utrulege resultat. Ei dame røykte 20–30 per dag og hadde aldri trena. Då ho var over 50, sprang ho halvmaraton på litt over to timar.
Dei beste resultata får ein likevel om ein evnar å stå i trening over tid. Her trur Tjelta at vanar frå ungdomen er viktige.
– Eg har sett nokre ekstreme resultat hjå menn med kraftig overvekt. Ofte har det synt seg at desse har drive idrett på toppnivå, gjerne symjing, som unge. Ein som har drive med idrett som ung, veit at arbeidet må gjerast, at det ikkje held å kjøpa medlemskort på helsestudioet. Så ja, det er ein fordel å ha vore godt trena som ung.
Leike fritt
Men fysisk aktivitet handlar ikkje berre om fysisk helse. Særleg for born handlar rørsle og fysisk aktivitet også om psykisk balanse og kognitiv utvikling, ja, til og med evna til å tola konflikt. Born som ikkje får leika fritt og mykje, vert truleg mindre modne som vaksne. I 2018-boka The Coddling of the American Mind: How Good Intentions and Bad Ideas Are Setting Up a Generation for Failure summerer psykologen Jonathan Haidt opp kva forskingsfronten meiner frileik gjer med born:
«Born, som andre pattedyr, treng den frie leiken for å gjera seg ferdige med den kompliserte koplingsprosessen som nevrologisk utvikling er. Born som ikkje får høve til å leika fritt, har mindre sjanse for å verta fullt ut modne og kompetente – fysisk og sosialt – som vaksne. Dei toler i mindre grad risiko og har ein sterkare tendens til å utvikla angst og psykiske lidingar.»
Haidt seier rett ut at utan frileik lærer ikkje born konflikthandtering, og det igjen fører til at dei som vaksne vert meir autoritære og mindre demokratiske. «Dei vil oftare ropa etter undertrykkjande makt mot meiningsmotstandarar.»
Tjelta seier han er fullt ut samd med Haidt.
– Frileik er utruleg viktig. Men her er vi ved eit paradoks: Skal vi få snudd denne trenden med stendig dårlegare fysisk form og helse, må vi få mykje meir fysisk fostring inn i skulen. Og her er forskingsresultata eintydige: Det er dei mest kompetente lærarane, dei som kan mest om organisert trening, som får dei beste resultata hjå elevane. Di betre og meir organisert di betre fysisk helse. Men samstundes er det altså den stendig sterkare organiseringa av samfunnet som mykje tek knekken på den særs viktige frileiken.
– Du høyrest ikkje optimistisk ut?
– Nei, eg er nok ikkje det. Vi over 50 var alltid ute då vi var born og unge. Vi heldt på med vårt. Eg spelte fotball med Svein Kvia. Vi hadde alltid med oss ballen. Vi byrja ikkje med noko organisert før vi var 10–11 år. Svein Kvia fekk flest kampar på Viking og spelte på landslaget. Men til og med etter at han byrja på A-laget, kom han bort på fotballplassen for å spela med oss. No må vi få fysisk hard trening inn i skulen skal det vera von. På fritida vil ikkje born og unge driva med frileik i særleg grad. Vi har gjort borna våre ei bjørneteneste ved å gje dei tilgang til all denne teknologien.
Tjelta har i alle år drive ei treningsgruppe som han har forska på. Den eldste i gruppa er 89 år. Vedkomande har trena sidan han var 14.
– Eg testa han då han var 87. Han hadde då maksimalt oksygenopptak som ein gjennomsnittleg 50–60-åring.
Moralen til Tjelta er at det aldri er for seint å byrja, men alltid for tidleg å slutta.
«Born som ikkje får leika fritt, har mindre sjanse for å verta fullt ut modne og kompetente.»
Jonathan Haidt, psykolog
– Det er det same overalt,
trenden går feil veg.
Leif Inge Tjelta, dosent ved
Universitetet i Stavanger