Dobbeltmoral i klimafeltet
Klimafeltet vert stadig meir dominerande innanfor akademia, og Forskingsrådet krev at alle søknader skal koma med klima- og miljøutgreiingar. Då oppstår det nokre paradoks.
Slik skal det nye Life Science-bygget til Universitetet i Oslo sjå ut når det står ferdig. Bygget vert enormt og kjem til å generera store CO2-utslepp, trass i att universitetet seier dei vil ha ein klimanøytral bygningsmasse.
Foto: Ratio arkitekter / Mir
Slik skal det nye Life Science-bygget til Universitetet i Oslo sjå ut når det står ferdig. Bygget vert enormt og kjem til å generera store CO2-utslepp, trass i att universitetet seier dei vil ha ein klimanøytral bygningsmasse.
Foto: Ratio arkitekter / Mir
Klima
jon@dagogtid.no
«Heterogene» er ikkje eit godt ord, «ulike» er kanskje litt betre, men ingen av dei fangar heilt det vi vil, eller ville, at universiteta og forskarane våre skal vera. Men det vi har lært om universiteta, er at der skal store tankar og ulike synspunkt møtast og kjempa ut ein kamp der hypotesane som vert understøtta av best argumentasjon og mest empiri, står att som vinnarar. Det vil seia heilt til det kjem nokre nye forskarar som tenkjer betre og finn endå betre empiri som stør ein ny teori. Kva tid ein hypotese vert ein teori, som så vert sanning, er det vanskeleg å gje klare svar på, men vi kan vel gå så langt som å seia at tyngdekrafta er prova, og at evolusjonsteorien er det særs få med vit i hovudet som trur dei kan avkrefta.
Men då krevst det altså at dei vi gjev pengar til å forska, tenkjer ulikt og vil utfordra det rådande. Slik er det ikkje alltid. I USA, Storbritannia og Sverige dominerer no identitetspolitikken, kjønn og rase, det meste. Her heime er det klima som er det store, og det har kan henda gått politikk i det heile. For skal ein i dag forska, må ein fyrst vera sertifisert klimavenleg. At universiteta kan gjera noko for klimaet til og med i den daglege drifta, er tydelegvis så sant at det ikkje eingong er ein teori, men eit faktum.
Visjonar
«Dei som får visjonar», sa Helmut Schmidt ein gong, «bør gå til lækjaren.» Slik tenkjer dei ikkje ved Universitetet i Oslo. Dei har laga ein visjonsplan om korleis drifta skal verta klimanøytrale i 2040:
«Visjon: UiOs eiendomsvirksomhet: Fremragende grønn.
Mål 2040
Klimanøytral eiendomsvirksomhet i 2040
Redusere UiOs energibruk pr m2 med 40 prosent
All transport knyttet til UiOs eiendomsvirksomhet skal være utslippsfri
Redusere avfallsmengden med 50 prosent. Materialgjenvinningsgrad på 80 prosent.»
Kva som er skilnaden på vanleg grøn og «fremragende grønn», er rett nok noko uklart, og det er kanskje òg poenget med å vedtaka noko slikt. For alt i utgangspunktet er drifta ved Universitetet i Oslo og alle andre universitet som har vedteke liknande mål, nokså klimanøytral. Skilnaden på visjonane til dei ulike universiteta er små. Det er som regel berre årstala som er ulike, og kva tid maten eventuelt skal verta økologisk. Universitetet i Bergen seier det skal verta klimanøytralt i 2030, ikkje 2040 som Oslo.
Reduser energibruken
Men fyrst på alle lister er det at universiteta skal redusera bruken av energi. Kvifor er litt uklart, for ein slik reduksjon kjem ikkje til å føra til noko særleg nedgang i norske utslepp. Som Miljødirektoratet skriv: «De direkte klimagassutslippene fra oppvarming av bygg i Norge utgjør 1,6 prosent av de totale utslippene av klimagasser. Utslippene kommer i hovedsak fra oppvarming med gass, vedfyring, olje og parafin.»
Universiteta nyttar korkje gass, vedfyring, olje eller parafin. Det kan rett nok vera at nokre av universiteta får ein del oppvarming frå fjernvarme. Fjernvarmeanlegga kjem truleg til å verta litt meir oljebaserte framover. Dei krev nemleg ein del plastavfall for å fungera, men til dømes Universitetet i Oslo har vedteke at eingongsemballasje skal bort og avfallsmengda skal ned med 50 prosent. Om plastmengda i fjernvarmeomnane går ned, må plasten erstattast med olje for at varmen skal verta høg nok.
Visjon med atterhald
Men det er ein detalj, for desse nullvisjonane verkar i alle høve umoglege å oppnå så lenge dei same styra og dei same professorane som vedtek nullvisjonar, møter opp hjå politikarane og bed om meir pengar til bygg, datamaskiner og internasjonale konferansar. NTNU som i visjonsdokumentet sitt frå 2014 vedtok at alle innkjøp av mat skulle vera økologiske innan 2020, skal til dømes no få ny campus. Statsbygg har på si side alt fått i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å byggja eit nytt Life Science-bygg til Universitetet i Oslo.
Overalt ved norske universitet og høgskular vert det no bygt eller er det vedteke å byggja. Det som gjer bygginga mogleg, er sjølvsagt den store oljepengebruken som Siv Jensen har opna opp for. Life Science-bygget til Universitetet i Oslo vert på 66.700 kvadratmeter og skal husa 1000 tilsette og 1600 studentar. Bygget skal stå ferdig i 2024 og har ei kostnadsramme på 6,8 milliardar før eventuelle kostnadsoverskridingar, fortel Statsbygg. Det som byrja som ein styrevisjon ved Universitetet i Oslo, vert no røyndom, og det utan at styret var innom lækjar fyrst.
Klimaøydaren
Bygg er den store klimaøydaren i verda. Opp til 40 prosent av alle klimagassutslepp kjem frå bygging og drift av bygningar. Så gale er det ikkje i Noreg, vi har heldigvis rein kraft. Statsbygg og Universitetet i Oslo er sjølvsagt klare over at å byggja nytt ikkje er berre heldig for klimaet. Difor har dei då også vedteke at bygget «sertifiseres som et bærekraftig bygg i klassen BREEAM Excellent. Det er den nest høyeste utmerkelsen for hvor klimavennlig et bygg kan være».
I korte trekk inneber dette at ein under byggjeprosessen skal vera så miljøvenleg ein kan, men det er likevel ikkje til å koma forbi at det går med store mengder glas, diesel, jarn og betong i samband med bygginga. Dag og Tid har spurt Statsbygg om CO2-avtrykket. Dei svarar på skjermbrev: «Nå viser det seg at det ikke er så lett å gi et kortfattet og enkelt svar på spørsmålet ditt.» Vedlagt er tre lenkjer med ei lang rekkje ulike føresetnader, men ikkje noko konkret. Slike oversyn er altså vanskelege å gje.
Stort karbonavtrykk
Men Asplan Viak har laga eit totaloversyn over kva norsk bygg og anlegg genererer av utslepp, direkte og indirekte. Oppvarming er berre vel 1 million tonn, medan resten er på vel 12 millionar tonn. Knappe 6 millionar av desse kjem av produksjon av varer i utlandet som vert importerte hit. Gamle bygg er altså langt å føretrekkja. Å byggja nytt har eit enormt karbonavtrykk, tilsvarande ein fjerdedel av dei norske utsleppa. Det har elles vore ein sterk oppgang dei siste ti åra.
Det store spørsmålet når det gjeld bygg, er den såkalla tilbakebetalingstida. Kor lang tid tek det før eit miljøvenleg bygg er like klimavenleg som å halda på og vedlikehalda den gamle bygningsmassen? Det har dei prøvt å svara på i Vancouver. Canada kan òg til ei viss grad samanliknast med Noreg, sidan 75 prosent av krafta er anten vasskraft eller atomkraft. Dei får rett nok 25 prosent frå fossile kjelder, så ei eventuell tilbakebetalingstid for eit nytt klimavenleg bygg vert litt lengre i Noreg enn i Canada.
168 års tilbakebetaling
I ein studie publisert i tidsskriftet Energy and Buildings i fjor kom ei forskargruppe frå University of British Columbia til at om ein ser på bustadar, er tilbakebetalingstida heile 168 år. Dette talet tek rett nok med at gamle bustadar vert rivne, og at det ikkje kjem nye standardar for å byggja tettare og utsleppsfrie hus. Ein av hovudgrunnane til at det tek så lang tid, strekar forskarane under, er at Vancouver har så mykje rein energi. Eit av tiltaka dei rår til, er å byggja i tre, som lagrar CO2.
Det er enno ikkje klart kva som skal skje med den gamle bygningsmassen ved Universitetet i Oslo, men det finst førebels ikkje planar om å riva. Difor vert heilt sikkert tala for det nye Life Science-bygget mykje betre enn dømet frå Canada. Men det som i alle høve er klart, er at for kvart nytt bygg universiteta får pengar til å byggja, kjem ein lenger og lenger unna ein visjonen om at det ikkje skal vera utslepp frå bygningsmassen.
Men at universiteta er opptekne av klimaet, er kan henda ikkje uventa, for det er også Forskingsrådet, som disponerer ein stor sum pengar som skal gå til fri forsking. Hjå dei kan ein lesa dette kravet, som gjeld for alle søknader: «Forskningsrådet legger vekt på prosjektenes eventuelle konsekvenser for det ytre miljø. I prosjektbeskrivelsen skal det derfor gjøres rede for om en utnyttelse av resultatene fra prosjektene vil ha miljøkonsekvenser av betydning (positive og negative).» Sagt på ein annan måte: Om du søkjer om pengar til å driva forsking på utvikling av samisk identitet, må du forklara klimakonsekvensane av det.
Stort felt
Norsk klima- og miljøforsking er vorten eit verkeleg stort satsingsområde. I 2017 nytta dei to felta til saman 7,1 milliardar kroner, syner ein rapport frå Nifu. Men det er sjølvsagt vanskeleg å seia konkret kva som er klima- og miljøforsking og ikkje. Er forsking som gjer at vi tek opp olje meir effektivt, klima-, miljø- eller oljeforsking?
I alle høve: Når Universitetet i Oslo kjøper eit kilo ny PC, tek dei ikkje med i klimarekneskapen at det har gått med 32 kilo med ressursar, mykje olje, gass og kol, men òg såkalla sjeldne metall, som krev gruvedrift for å laga han. Men slik er klimafeltet: fylt av paradoks. I desse dagar går det føre seg eit klimatoppmøte i Madrid. 800 menneske deltok på den fyrste klimakonferansen i Berlin i 1995, i København var det 40.000 delegatar i 2009. Dei fleste kom med fly.
Om du søkjer om pengar til å driva forsking på utvikling av samisk identitet, må du forklara klimakonsekvensane av det.
Bakgrunn
Alle norske universitet har vedteke eller vedtek klimanøytralitet.
Dei same universiteta krev samstundes stadig nye bygg frå staten.
Den norske bygg- og anleggssektoren genererer 13 millionar tonn i klimagassutslepp.