Ein million innvandrarar: kvifor og korleis
Etter 50 år med innvandring bør nye og gamle landsmenn gifta med kvarandre. Elles vil verdikonfliktane etter det meste å døma halda fram med å auka, meiner professor Eric Kaufmann.
Innvandring
jon@dagogtid
I år er det 50 år sidan Noreg vart eit innvandringsland for anna enn grannelanda. I 1969 passerte vi for fyrste gong 1000 innbyggjarar frå den tredje verda. I desse åra har Noreg vorte sterkt endra, og kva veg desse endringane kjem til gå, og kor mange vi skal halda fram med å taka inn, har i ein stor del av desse 50 åra vore det kanskje største politiske temaet i Noreg. I siste nummer av Tidsskrift for samfunnsforsking delte innvandringsforskaren Jon Horgen Friberg sine røynsler frå eit forskingsfelt som med åra har gått frå å vera prega av aktivisme til å verta meir realistisk. Noreg har truleg no betre innvandringsdata enn så godt som alle land der ute.
Vi kan byrja med eit sitat frå han:
«Jeg mener migrasjon og globalisering stiller Norge og Europa overfor omveltninger som vi i dag ikke overskuer konsekvensene av. Vil velferdsstatens økonomiske og politiske bærekraft bestå i møte med omfattende demografiske og kulturelle endringer? Vil innvandrerne og deres barn finne sin plass og bli akseptert som en del av fellesskapet, eller vil Norge bli et permanent etnisk delt samfunn? Vil kulturell usikkerhet i møte med migrasjon og sosial endring føre til autoritær populisme og demokratisk tilbakeslag i Europa og Norge? Ingen har i dag svaret på disse spørsmålene.»
Veit litt
Men sjølv om ingen kjenner framtida, veit vi mykje om fortida og konsekvensane av vala der. Førre helg var den store saka på sosiale medium Dagbladets oppslag om kor mykje særleg Oslo og fødselstala der har endra seg. I hovudstaden hadde talet på nyfødde med innvandrarforeldre gått frå å utgjera 24 prosent av dei nyfødde i 2000 til 42 prosent i 2017. Størst var auken på Stovner, som hadde gått frå 40 til 80 prosent. I desse tala er tredjegenerasjon med, men berre éin av ti nyfødd med bakgrunn frå utviklingsland, til dømes, er tredjegenerasjon.
At artikkelen vart så mykje delt og lesen, syner at innvandring er godt stoff, alltid. Men tala burde vera velkjende for alle som har interesse for innvandringsstatistikk. At Oslo har vorte ein innvandringsby for utlendingar og ein utvandringsby for nordmenn, skulle ikkje vera ei overrasking. I 1970 utgjorde nordmenn 470.890 av innbyggjarane i Oslo. I 2018 var det same talet 450.626, og den statistikken kan ein finna ved eit par klikk på sidene til Statistisk sentralbyrå (SSB). At nedgangen ikkje er større, handlar om at levealderen til nordmenn har gått kraftig opp. Meir enn 100 prosent av oppgangen i innbyggjartalet i Oslo har kome gjennom innvandring frå utlandet. At Oslo har gått frå knapt 500.000 innbyggjarar til knapt 700.000, kjem av dei 206.370 innvandrarane som har kome til. I desse tala og frå no av inkluderer vi berre SSBs offisielle tal, som ikkje inkluderer tredjegenerasjon.
Heile landet
Men innvandrarane flyttar ikkje berre til Oslo, dei flyttar til heile landet. Om vi ser på statistikken, er kanskje det mest slåande ved den kor sakte innvandringa tok til, og kor sterkt ho har auka dei siste åra. I 1969 byrja innvandringa for alvor: Det kom godt over 1000 menn frå Pakistan og Tyrkia. 1. januar 1970 utgjorde Asia med Tyrkia 1776 av alle som var busette i Noreg. Det kom òg ein del marokkanarar i 1969, og ved utgangen av 1969 var talet på afrikanarar kome opp i 1185. 1. januar 2018 var det vel 300.000 med asiatisk bakgrunn i Noreg og knapt 130.000 med afrikansk bakgrunn. Så seint som i 2000 var det berre vel 25.000 med afrikansk bakgrunn i Noreg, medan det var drygt 100.000 med asiatisk bakgrunn. Den sterke auken dei siste 20 åra har delvis politiske grunnar: Frå og med Jagland-regjeringa slutta Noreg i praksis å praktisera mellombels vern. Dei fleste som kom og fekk asyl, fekk permanent opphald. Den fyrste Bondevik-regjeringa utvida på si side asylgrunnlaget, som ikkje lenger berre skulle vera basert på politisk forfylging.
I tillegg kjem ordninga med kvoteflyktningar. Folk med bakgrunn frå Somalia er no over 40.000. Dei fyrste kom hit som kvoteflyktningar i slutten av 1990-åra. Før desse hadde ikkje somaliarar råd til å taka den lange turen til Noreg, men dei fyrste som kom som kvoteflyktningar, kunne så overføra pengar til dei heime, som då fekk råd til å reisa til Noreg og søkja om asyl. Noreg prioriterer å taka kvoteflyktningar frå dei fattigaste og mest krigsherja landa i verda. I dag finst det knapt folk frå Kongo i Noreg, men i år skal vi henta 900 kongolesiske kvoteflyktningar. Om historia er noko å gå etter, vil dette så føra til at fleire kjem frå Kongo.
Auka press
Utviklinga i Noreg er på ingen måte unik. Det har vore slik i store delar av Vesten. Fyrst kjem det nokre få, og så stig talet sakte, for så å gå bratt opp. Utviklingsøkonomen Paul Collier ved Oxford forklarar det auka innvandringspresset mot Europa slik: 1) Når europeiske land aksepterer ei ny innvandringsgruppe, sender dei pengar heim att, slik at fleire kan koma etter. 2) Velstandsutvikling i heimlanda, som igjen gjer at fleire kan taka turen. 3) Den store folketalsveksten i særleg Afrika. Dette kan igjen illustrerast med Kongo-dømet. Folketalet i Kongo veks med 3,5 prosent i året, dei 900 som vi tek imot i år, og som vil senda pengar heim, utgjer to timar og 45 minutt av folketalsveksten i Kongo. Så lenge europeiske land ikkje stengjer grensene, seier Collier, er den sterke veksten i innvandringa dømd til å halda fram.
Veksten i innvandring frå den tredje verda har i hovudsak vore driven av flyktning- og asylpolitikken, som igjen har vorte drivaren av den store veksten vi ser i dag gjennom familieinnvandring og fødslar. Noreg har ikkje hatt ei internasjonal forplikting til å taka mot dei fleste asylsøkjarane og flyktningane som er her no. Flyktningkonvensjonen er skapt for å gje vern i granneland, og det finst inga plikt til å taka mot folk som har reist gjennom trygge område. Vi har teke mot personar frå tredje verda av di vi har meint at vi har ei moralsk og humanitær plikt til å gjera dette. Men då tilstrøyminga via Russland vart stor, endra Stortinget til dels denne politikken og avviste å taka mot asylsøkjarar på grensa til Russland. Rundt 200.000 har i dag fått opphald som flyktningar i Noreg, personar som i sin tur har henta familie frå heimlandet. Eit konservativt overslag tilseier at vel 350.000 har flyktningbakgrunn i Noreg i dag.
Arbeidsinnvandring
Mønsteret med sakte vekst til å byrja med gjeld ikkje for arbeidsinnvandring. Knapt 460.000 hadde 1. januar 2018 bakgrunn frå den tredje verda, ei folkegruppe som altså voks relativt sakte i 30 år, for så å veksa snøgt. I 2004 hadde Noreg drygt 100.000 innvandrarar frå EØS-området, berre 14 år etter var talet nesten 370.000. Veksten har mykje kome av at austeuropearar fekk høve til å flytta inn i EØS i 2004. Lønsskilnaden mellom Noreg og Aust-Europa har gjort at Noreg har vore attraktivt. Ei av dei største innvandringsgruppene i Noreg i 1970 var amerikanarar. Dei utgjer gruppa Nord-Amerika–Osenia, som har høgt lønsnivå. Denne gruppa har berre gått frå vel 8000 til vel 13.000 på 50 år. Det har vore langt større utvandring av nordmenn til desse landa enn innvandring frå dei same. Løn er det avgjerande.
Summa summarum: Innvandringa til Noreg har vore driven av økonomi. Asylsøkjarar har reist til Noreg gjennom såkalla trygge område for å koma til ei rikt land, austeuropearane har kome hit for å få mykje betre betalte jobbar. Og Noreg, lyt vi vel kunne seia, har teke mot dei med relativt opne armar. Dei siste 20 åra har Noreg innanfor OECD, og dimed verda, stort sett alltid vore på fem på topp-lista over innvandring.
Dårleg økonomi
Konsekvensane har kanskje vore størst på økonomien. Dei fyrste innvandrarane frå utanom Norden henta vi frå USA. Dei skulle læra oss å henta opp olje. Det lærte dei oss, og dei har gjort oss økonomisk rike. Det har ikkje dei som kom hit på eiga hand gjort. Lenge var det ein debatt i Noreg om innvandringa var lønsam. Etter dei to såkalla Brochmann-rapportane som den raudgrøne regjeringa tok initiativet til, har ordskiftet stilna. Utvala førte opp ein såkalla statsrekneskap, som synte at særleg kvinner frå Afrika og Asia var særs dyre for velferdsstaten, og at dei samla kostnadene var store. Innvandringa frå Aust-Europa var i eit statsfinansielt perspektiv derimot meir som eit nullsumspel å rekna. Men Brochmann rekna ikkje på den samla velstanden i Noreg, den vert i hovudsak driven opp av produktivitetsvekst. Dei med flyktningbakgrunn driv naturleg nok ikkje denne, sidan dei anten står utanfor arbeidsmarknaden eller arbeider i sektorar med lite teknologi.
Men heller ikkje den store gruppa med austeuropearar gjev mange positive tilskot her: Som Finansdepartementet skriv: «Økt kapitalbeholdning per timeverk har erfaringsmessig bidratt til økt produktivitet. De to siste tiårene har veksten i realkapital per timeverk i Fastlands-Norge vært lavere enn gjennomsnittet fra 1970 til 2001. Økt tilgang på arbeidskraft fra EU-land kan ha bidratt til denne utviklingen ved å gjøre arbeidskraft rimeligere sammenlignet med kapital. Det har gitt rom for vekst i næringer med relativt lav produktivtet og dermed lav lønnsevne.»
Verdiar er alt
Sanninga er nok likevel at korkje Brochmanns eller Finansdepartementets vektlegging av økonomi har så mykje å gjera med innvandringsdebatten eller den uroa som ein del personar kjenner på. Det oppheta ordskiftet handlar ikkje om økonomi, korkje i Noreg eller i resten av Vesten, men om verdiar. Brochmann syner ikkje att i veljaråtferda, for å seia det slik. Ein av verdas mest omtalte og respekterte forskarar på konsekvensar av innvandring til Vesten er professor Eric Kaufmann ved University of London. I fjor gav han ut Whiteshift, ei tunglesen bok pakka med statistikk frå mellom anna Noreg. Ja, mange hevda at Trump vann av di Midtvesten har vorte avindustrialisert, skriv Kaufmann, men ein kvit mann med same familiebakgrunn og utdanning anten han budde i New York eller på landsbygda i Ohio, arbeidslaus eller ikkje, røysta høvesvis likt på Trump. Han røysta Trump av di innvandrarane etter hans meining truga den amerikansk identiteten. Og ja, brexit handla tilsynelatande om at økonomien i helsevesenet var dårlegare, men det var dette at den gamle mora stod i kø saman med innvandrar, som fekk kvite britar med låg utdanning til å røysta for brexit.
Islam
Og så handlar det om islam. USAs muslimar er ofte høgt utdanna, sidan USA slepper inn folk med spesialkompetanse. Muslimane tener like godt som amerikanarar med europeisk bakgrunn. Likevel vert dei oppfatta som eit trugsmål av mange. I 2017 gjennomførte respekterte Chatham House ei stor meiningsmåling i ti europeiske land. 55 prosent ville stengja grensene heilt for muslimar, 25 prosent hadde inga meining, og berre 20 prosent var mot tiltaket. Til og med i Tyskland støtta 51 prosent full stenging av grensene for muslimar. I Noreg finst det ingen slike meiningsmålingar, men den tyske næringslivsavisa Handelsblatt gjennomførte i 2017 ei stor meiningsmåling i ei rekkje europeiske land, med spørsmålet om islam fundamentalt kolliderte med «ditt lands verdiar». I Norden var dei fleste samde. I Noreg svarte 59 prosent ja, berre 13 prosent svarte nei.
Og det er denne uroa for verdiar og korleis konfliktane i kjølvatnet av innvandring kan dempast, Whiteshift handlar om. Kaufmann syner at etnisk like land har langt lægre konfliktnivå enn land med ei rekkje etniske grupper og verdiulikskapar. Det er samstundes vanskeleg å sjå føre seg, gjeve den låge fertiliteten i heile Vest-Europa og i Noreg, at «kvite» kan halda fram med å vera eit dominerande fleirtal. Det Kaufmann ynskjer, er at vi skal verta «beige», at vi giftar oss med kvarandre. Tyrkarar, seier han, har i dag ein sterk felles identitet sjølv om landet opphavleg var fylt av kristne og ei rekkje ulike folkegrupper. Alle desse gruppene har i dag vorte ein del av ei felles forteljing. Det går altså an.
Lag born saman
Skal det same skje i Vesten og i Noreg, må vi laga born saman. Her er Kaufmann varsamt optimistisk. I Frankrike er innvandringsmotstanden stor, til og med unge er svært skeptiske til islam og innvandring, men samstundes har store delar av muslimane vorte sekulære og giftar seg med franskmenn. Særleg gjeld dette personar med bakgrunn frå Algerie, typisk berbarar som hadde med seg ein fransk identitet frå heimlandet. 55 prosent av andregenerasjonen seier dei ikkje er religiøse. Men desse er nok eit unntak, særleg mellom muslimar som har felles bakgrunn frå eitt land. Storbritannia hadde i 2001 ein million muslimar med bakgrunn frå Bangladesh og Pakistan, og desse budde mykje i same område. Likevel var det berre 2500 par som hadde kryssa den etniske grensa mellom dei to. 4 prosent av pakistanarane budde saman med ein kvit brite, 3 prosent av dei frå Bangladesh. Mellom innvandrar frå ikkje-muslimske område vert derimot «utgifte» stadig vanlegare i mykje raskare tempo.
Betre ser det ut til gå i land som har mange muslimar frå ulike land, slik at ikkje ei gruppe dominerer. Kaufmann spår at særleg Noreg og Sverige vil sjå ein del utgifte frå muslimske grupperingar på grunn av den blanda landbakgrunnen deira. Men innan 2050 vil minst 20 prosent av folkesetnaden i Vest-Europa ha muslimsk bakgrunn, i Sverige vil kanskje 30 prosent ha slik bakgrunn, skriv Kaufmann. Dimed er ikkje trenden med at litt fleire etter kvart giftar seg, ut «ein sikker konklusjon», etter hans syn. Men held trenden i Storbritannia fram som no for alle innvandrargrupper, vil øystaten ha eit fleirtal av blanda opphav, hudfarge og religion i det neste hundreåret.
Trenden til utgifte er høgst der den opphavlege folkesetnaden møter den nye. Difor er segregering det største trugsmålet mot ei «beige» multireligiøs eller sekulær framtid, skriv Kaufmann. I «Befolkningsstatistikken» frå SSB om giftarmål i åra 2008–2013 opplyste 4 prosent av norskfødde menn med pakistansk bakgrunn at dei hadde gifta seg med ei etnisk norske kvinne, medan 3 prosent av kvinnene hadde gifta seg med ein norsk mann.
I 2017 gjennomførte respekterte Chatham House ei stor meiningsmåling i ti europeiske land. 55 prosent vil stengja grensene heilt for muslimar.
Innvandring
På 50 år har vi gått frå 1000 innvandrarar frå den tredje verda til 456.716 ved inngangen til 2018.
59 prosent av nordmenn meiner no at islam bryt med norske verdiar, syner ei meiningsmåling.
Verdiar ser ut til å spela ei større rolle enn økonomi i innvandringsdebatten.