Fimbulvinter for Støre og Vedum
Om ein skal spå kva den fyrste store krisa vert for Vedum og Støre, peiker straumprisane til vinteren seg klart ut. Det går mot verkeleg dyr straum.
SPENNING: Jobben til norske kraftprodusentar er å få best mogleg betalt for krafta. Aller best betalt får dei når etterspurnaden er større enn tilbodet.
Foto: Bjørn Lytskjold
SPENNING: Jobben til norske kraftprodusentar er å få best mogleg betalt for krafta. Aller best betalt får dei når etterspurnaden er større enn tilbodet.
Foto: Bjørn Lytskjold
Straum
jon@dagogtid.no
Ja, det skal handla om straum, men lat oss byrja med ein analogi som kanskje ikkje er så god, men som handlar om at di mindre du lagar, di betre tener du. Dei siste par åra har mange tenåringar både i Noreg og i utlandet vore opptekne av å skaffa seg ein skomodell som heiter Nike Air Force 1 ’07 AN20. Det finst mange Air Force-modellar, men det er nett denne som visstnok er viktig å ha, og han har gjennom dei siste åra vorte stadig meir populær.
Før jol i fjor kom det inn ein del til norske butikkar, og foreldre stod i kø og kjøpte. Men dei stakkarane som fekk feil storleik og ville byte, sleit. Lagera var tømde. Deretter trekte Nike modellen ut av butikkane. No har dei sjølve meir eller mindre teke monopol på modellen på eigen nettstad. Men heller ikkje der er han å få. Før kosta modellen rundt 1000 kroner. No går eit skopar i storleik 38 for 5000 på Ebay. I tillegg kjem meirverdiavgift inn til Noreg om ein kjøper han frå utlandet.
Mykje av lite
«Alle» som vil ha skorne, har lagt inn førehandstinging på nettstaden til Nike. Før eller seinare slepper dei ein del par der. Prisen vert garantert mykje høgre enn tidlegare, modellen kjem snøgt til å verta utseld, og samstundes kjem svartbørsmarknaden til å bløma endå meir. Poenget er banalt: Ved å skvisa tilbodssida held Nike modellen populær mykje lenger og kan taka seg mykje betre betalt.
No er det ikkje slik at norske magasineigarar nektar å selja straum, men mykje av det same som gjeld for Nike-modellen, gjeld for norsk magasinkraft: I dårlege nedbørsår med snøfattige vintrar tener dei mykje meir enn i nedbørsrike år med snørike vintrar. Aldri er norske kraftkommunar og -direktørar lukkelegare enn når det er opplett over lang tid.
Men i år kjem eit tilleggsmoment: Vi har fått ein ny kraftkabel til Tyskland, og om eit par månader kjem endå ein kabel, til Newcastle i England. På toppen av det heile stengjer Angela Merkel – teknisk sett etterfylgjaren hennar – dei siste atomkraftverka i Tyskland i desember.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har greidd ut dei nye kablane til utlandet. Dei har kome med overslag som syner at dei nye kablane til Tyskland og England gjev eit kraftpåslag per kilowattime på 2–4 øre her i Noreg i gjennomsnitt per år, og at dette påslaget saman med den høgre prisen britane og tyskarane vil betala, gjer kablane samfunnsøkonomisk lønsame. Med andre ord: Vi nordmenn tener samla på kablane, vi vert rikare.
Verkeleg lønsamt
Mykje tyder på at prisauken, og dimed den samfunnsøkonomiske lønsemda, vert mykje høgre. Di meir Noreg får betalt for ei vare, di rikare vert vi. Kor mykje høgre den samfunnsøkonomiske lønsemda vert, er vanskeleg å ha ei klar meining om no. Vi har ikkje fasiten før om nokre år. Men det er ikkje til å koma forbi at når norske forbrukarar får rekninga for den auka eksporten i form av mykje høgre kraftprisar, kjem dei fleste ikkje til å tenkja på at Noreg samla tener på prisauken.
Dei kjem til å krevja at politikarane – i dette tilfellet, om vi skal døma etter meiningsmålingane, heiter dei Trygve Slagsvold Vedum og Jonas Gahr Støre – gjer noko. Det er heller ikkje til å koma forbi at auka straumpris råkar dei som tener lite, meir enn dei som tener mykje. Høg straumpris fungerer som ein regressiv skatt, den såkalla Matteus-effekten: «For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har.»
Få i Sør-Noreg bryr seg om straumrekninga om sumaren. Sjølv om vi ikkje nett bur i eit varmt land, er sumaren såpass varm at vi ikkje lèt panelomnar stå på. Og heldigvis er det ikkje så varmt at vi treng klimaanlegg. Einbustader i Sør-Noreg nyttar til dømes knapt straum i august. Difor er også tradisjonelt straumprisen i Noreg låg om sumaren. Om sumaren skal magasina verta fylte av all snøen som smeltar, og denne smeltinga varer tradisjonelt til og med august. Det regnet som kjem om sumaren, er ofte nok til å produsera den straumen vi treng gjennom den årstida.
Mot normalt
I år er vi inne i ein heilt annan situasjon enn normalt. Lat oss gå inn på datoen 11. august i år og sjå på kraftområde 3, Midt-Noreg, som i dette tilfellet vel enkelt sagt er området nord om Sognefjorden opp til grensa til Nordland og bort til svenskegrensa i Trøndelag. I dette området var fyllingsgrada i magasina på 68,3 prosent den dagen. I eit normalår plar fyllingsgrada vera vel 80 prosent og stigande. I år, truleg for fyrste gong så tydeleg, er fyllingsgrada klart på veg ned. Kraftselskapa i Midt-Noreg og i resten av Sør-Noreg, som også har relativt låg og fallande fyllingsgrad, produserer for fullt.
At kraftselskapa i Midt-Noreg i august produserer mykje straum, er forståeleg. Prisen har vore rekordhøgd. Den 11. august var prisen i Midt-Noreg den same som i Sverige, Danmark, Baltikum og Nord-Tyskland, 109 euro per MWh, som er godt over 1 krone per kWh.
Men hugs, vi betaler ikkje berre for straumen, vi har elavgifta som er 16,69 øre per kWH, og så kjem meirverdiavgifta, både på straumprisen og elavgifta, og på toppen kjem nettleiga som plar liggja rundt 25 øre per kWh. Eller toppen og toppen: Vi har også forbruksavgifta og støtta til Enova, som til saman er på 22 øre per kWh, og til slutt kjem den årlege fastavgifta på 2500 kroner. Sluttprisen i Midt-Noreg for vanlege forbrukarar nærma seg to kroner per kWh den 11. august.
Nord-Noreg
Men om magasina har uvanleg lite vatn i august i Midt-Noreg og straumprisen er rekordhøg, skulle ein tru at det vart importert straum frå nærliggjande område. Det vart det i og for seg også. Det kom så mykje det kunne koma frå Nord-Noreg, der straumprisen var under ein tredjedel av kva han var i Midt-Noreg. Gleda for nordlendingane og problemet for resten av landet er at Nord-Noreg har eit stort kraftoverskot samstundes som nettet sørover er såpass dårleg utbygd at kraftselskapa i Nord-Noreg ikkje kan eksportera på langt nær så mykje dei ynskjer ut av landsdelen.
Så ja, den 11. august kom det ein del kraft frå Nord-Noreg inn i Midt-Noreg, men ut av Sør-Noreg samla gjekk det vesentleg meir. Ja, det gjekk til og med kraft ut av Midt-Noreg sørover. Magasinkraftselskapa produserte som om det knapt fanst ein morgondag. Men det gjorde det.
Vi kan sjå på eksport- og importflyten og type kraftproduksjon klokka 9.36 den 12. august. Då produserte Noreg nesten ti gonger så mykje vasskraft som heile den nordiske vindkraftbransjen til saman. Norden i kraftsamanheng inkluderer Baltikum.
Danmark, på si side, som har satsa sterkt på vindkraft, makta berre å produsera ein tredjedel av den straumen dei nytta. Brorparten av krafta dei hadde trong til, kom frå Noreg og norske magasin. Noreg eksporterte straum tilsvarande nesten heile Danmarks forbruk til omverda. Ja, vi sende ein del til Nederland og Tyskland også.
Trass i at magasina i Sør-Noreg har lite vatn og tradisjonelt skal stiga no, sel altså norske kraftprodusentar straum i så høg grad at fyllingsgrada den 11. og 12. august var kraftig på veg ned. Det var heilt etter boka. Jobben til norske kraftprodusentar er å få best mogleg betalt for krafta.
Den usynlege handa
Er likevel ikkje dette uansvarleg sett i lys av at vi kan få ein turr haust og ein kald vinter? Tja, ja, jau, nei. Kva er alternativet? Det vi har sett spela seg ut så langt i august, er Adam Smiths usynlege hand. Vi ser ein fri marknad i funksjon. Det ligg ikkje éin hjerne eller éin samla tanke bak kraftproduksjonen til dei ulike norske kraftselskapa. Norsk kraftproduksjon er på same måte som internasjonale sko- eller bilprodusentar ein del av ein fri marknad.
Kvart einskilt norske kraftselskap prøver på lik line med Audi og Adidas å tena mest mogleg per produsert eining. Dessutan veit norske magasinselskap at om det er lite vatn i magasina til vinteren, kjem dei etter alt å døma til å få endå betre betalt då enn no. Igjen er vi attende til Nike-paradokset vi byrja med: Av og til er det slik at di mindre ein produserer, di høgre vert profitten.
Noreg var dessutan det fyrste landet i Fastlands-Europa som sleppte kraftproduksjonen fri i marknaden, under Eivind Reiten frå Senterpartiet. Resten av EU har fylgt etter oss. Etter frisleppet til Reiten er vi i tillegg vortne medlem av EØS, der det skal vera fri flyt av straum på lik line med andre varer. Acer, som så mange har vore opptekne av, er i grunnen lite anna enn ei formalisering av det som var stoda frå før, at straumen skal flyta fritt mellom medlemslanda i EU. Litt forenkla kan vi kalla Acer ei byråkratisering og regulering av straum innanfor ramma av dei fire EU-fridomane. Acer skal syta for at grunnreglane som gjeld, vert følgde.
Forsyningstryggleik
Men jau, kvart einskilt medlemsland har rett til å syta for forsyningstryggleiken i den forstand at ein må verna om spenninga i nettet: Polen og Austerrike har gjentekne gonger, med full rett etter EU-reglementet, nekta å taka mot tysk vindkraft, av di dei meiner dei ikkje har nok nettkapasitet.
Norske magasineigarar kan ikkje berre tømma magasina, dei må vera med på å sikra spenninga – no i høgre grad enn før, sidan Noreg har fått ein god del vindkraft som ikkje kan regulerast. Men spenninga vert regulert etter parametrar som er kjende frå før. Utover det som trengst for spenninga sin del, skal altså straumen flyta fritt ut og inn av Noreg og medlemslanda i EU.
Det hadde i grunnen vore ein delvis fallitt om det ikkje var slik. Danmark er kanskje det mest typiske dømet. Dei er så heldige eller uheldige at dei ligg midt i eit vegkryss for utveksling av straum i Nord-Europa. Danmark har gjeve opp å ha nok kraftkapasitet til å dekkja eigne behov når vinden ikkje blæs. Dei lit på at straumen innanfor EU, som lovpålagt, skal flyta fritt. Om ikkje Noreg eksporterte straum til Danmark no i august, er det ikkje usannsynleg at landet hadde vore i ei krise. Det er mogleg at dei måtte dei ha innført rasjonering.
Korleis?
Korleis har vi hamna i denne situasjonen? Korleis kan eit land som Noreg, som har så mykje straum, få så høg innanlandspris og til vinteren stå andsynes ein situasjon der vi truleg – om hausten ikkje vert uvanleg nedbørsrik – må importera mykje straum? Ja, spørsmålet er kanskje til og med om det er nok straum å importera frå omverda.
Det handlar om det grøne skiftet. I den siste kvartalsrapporten klagar danske Ørsted, Europas største vindkraftprodusent, over at det i Nord-Europa i fyrste halvdel av 2021 har blåse uvanleg lite, og denne trenden har halde fram gjennom juli og august. Slikt får konsekvensar.
Så langt i år har Tyskland auka kolforbruket med 37 prosent samanlikna med same periode i fjor. I år ligg Tyskland an til å auka utsleppa av CO2 tilsvarande Noregs samla årlege utslepp av klimagassar, som er om lag 50 millionar tonn.
Dessutan manglar verda gass. LNG, flytande gass, er i høg grad kjøpt opp av Kina, der industriproduksjonen går for fullt. Prisen på gass, som slepper ut berre halvparten så mykje CO2 som kol, har gått gjennom taket. Når EU må fyra med kol, går den alt høge kvoteprisen på CO2 endå meir opp. Og sidan Noreg har 99 prosent fornyeleg kraftproduksjon, vert det særs lønsamt å eksportera til kontinentet og snart England.
Atomkraft
På toppen av det heile legg altså Tyskland ned atomkraftproduksjonen før jol. Då går prisen på CO2-kvotar endå meir opp. Det som er problematisk med denne nedlegginga frå eit forsyningsperspektiv, er at atomkraftverka i Tyskland ligg i trafikkryss for straum. Det er atomkrafta som mykje syter for spenninga i nettet.
Då Merkel gav melding om at atomkrafta skulle bort innan 2022, vart det lagt planar om å byggja nytt nett på til saman 5061 kilometer i Tyskland, i midten av 2020 var berre 913 kilometer kome på plass. Naturvernarar, delstatar og kommunar liker ikkje monstermaster i grannelaget.
I alle høve: Om det ikkje vert mykje vind til hausten og vinteren, kjem både Tyskland, Danmark og etter kvart England til å vilja kjøpa endå meir magasinkraft. Noreg har vorte Nord-Europas kraftbatteri og ryggdekning – så lenge vi har vatn i magasina.
Regn!
Elles ser det ut til at NVEs prognosar, i det minste i år, om at nye kablar til kontinentet og England berre skulle føra til litt dyrare straum, ikkje slår til. Ei anna soge er at det tidlegare ikkje har vore samfunnsøkonomisk lønsamt å byggja ut nytt nett mellom Nord- og Midt-Noreg. No ser ei slik satsing ut til å verta klart samfunnøkonomisk lønsam. Men det spørst om Ap og Sp ser seg særleg tente med å gje nordlendingane den same straumprisen som resten av landet må betala.
Det store spørsmålet er likevel kva som skjer om Noreg ikkje får mykje nedbør i haust. Vil omverda då ha nok kapasitet til å gje oss den straumen vi treng, og om dei har det, kva pris vil dei då krevja av oss?
Nei, norske forbrukarar skal ikkje uroa seg over manglande forsyningstryggleik. I ei krise kan den kraftkrevjande industrien leggja ned produksjon mellombels. Men i ein slik situasjon kjem prisen på straum til å verta noko heilt anna enn vi har vore vande med. Då vert det ikkje kjekt å vera ei nyvald regjering som har lova ekstra satsing på elektrifisering og å strekkja langt fleire kablar ut på sokkelen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.