Hellas under press
Fleire flyktningar og migrantar kjem til Hellas frå sør. Samstundes bed Noreg om å få sende fleire hundre asylsøkjarar i retur til Hellas.
Like ved Moria-leiren på Lesvos i Hellas budde det tidlegare i vår 750 flyktningar og migrantar i telt, utan straum og tilgang til grunnleggjande tenester, ifølgje Legar utan grenser.
Foto: Anna Pantelia / Legar utan grenser
Like ved Moria-leiren på Lesvos i Hellas budde det tidlegare i vår 750 flyktningar og migrantar i telt, utan straum og tilgang til grunnleggjande tenester, ifølgje Legar utan grenser.
Foto: Anna Pantelia / Legar utan grenser
Flyktningar
eva@dagogtid.no
Trass i EUs forsøk på å stogge flyktningstraumane til Europa gjennom avtalar, pengestøtte og tettare samarbeid med land som Tyrkia, Libya og Marokko, kjem det framleis flyktningar og migrantar til Europa frå sør. Så langt i år har 40.807 personar kryssa Middelhavet eller landegrensene inn til Hellas, Spania, Italia, Malta og Kypros, ifølgje registreringane til FNs høgkommissær for flyktningar, UNHCR.
Talet aukar no i sommarmånadene, og berre den siste veka har det kome meir enn 1500 nye flyktningar og migrantar til Hellas, over 700 til Spania og litt over 100 til Italia, syner oppdateringane frå UNHCR.
Det er òg Hellas som har fått inn flest nye flyktningar og migrantar totalt i år, til saman 21.112. Samstundes er grensene nordover i Europa framleis stengde, og det greske mottaksapparatet er overbelasta frå før.
Avtalen om at andre europeiske land skulle avlaste Hellas og Italia ved å ta imot 160.000 asylsøkjarar frå desse landa innan hausten 2017, resulterte som kjent i at berre 35.000 personar vart relokaliserte. EU–Tyrkia-avtalen som la til grunn at alle flyktningar som kom over grensa frå Tyrkia til Hellas etter mars 2016, skulle returnerast til Tyrkia, har heller ikkje gjeve dei resultata han skulle for Hellas. Tre år etter at avtalen vart inngått, er under 3000 personar returnerte, ifølgje EU-kommisjonen. I same periode har det ifølgje UNHCR kome over 100.000 nye migrantar og flyktningar til Hellas.
UNHCR reknar med at rundt 80.500 av flyktningane og migrantane som har kome til Hellas sidan 2015, framleis er i landet i dag. Det seier Elizabeth Throssell, som er talsperson for UNHCR i Europa.
Likevel meiner fleire av landa elles i Europa – Noreg inkludert – at asylsøkjarar som har kome seg vidare nordover frå Hellas, skal returnerast til Hellas for å få asylsøknadene handsama der.
Tal frå den europeiske asylinformasjonsdatabasen AIDA syner at Hellas i fjor vart bede om å ta imot 9142 asylsøkjarar frå land lenger nord. Dei fleste førespurnadene kom frå Tyskland, Sverige, Belgia og Noreg. Greske styresmakter avslo nesten alle.
Returar sidan 2017
Årsaka til returførespurnadene er den såkalla Dublin-forordninga frå 2013, som plasserer ansvaret for å handsame ein asylsøknad til det EU- og EØS-landet asylsøkjaren fyrst kjem til.
Regelverket braut delvis saman under flyktningkrisa hausten 2015, då nokre EU-medlemsland gav opp å registrere alle flyktningar og migrantar som kom. I åra sidan har EU gjort fleire forsøk på å reformere Dublin-regelverket, mellom anna for å få til ei meir rettvis fordeling av flyktningar og migrantar blant medlemslanda, men utan å lukkast. Ifølgje statssekretær Kristoffer Sivertsen (Frp) i Justis- og beredskapsdepartementet er det særleg usemje mellom EU-medlemslanda om eit varig fordelingssystem for asylsøkjarar.
Frå 2010 til 2017 vart det ikkje gjennomført returar til Hellas på grunn av kritikkverdige forhold i det greske asylsystemet. I desember 2016 melde EU-kommisjonen derimot at forholda hadde vorte såpass mykje betre at det gjekk an å byrje med returar att. Kommisjonen understreka at returane burde byrje gradvis av omsyn til kapasiteten i mottakssystemet og saksbehandlingsapparatet i Hellas.
Einingsleiar Elisabeth Qvam i Utlendingsdirektoratet (UDI) seier det er tilrådinga frå EU-kommisjonen og ein påfølgjande instruks frå Justisdepartementet som vert følgd når UDI bed om å få returnere asylsøkjarar til Hellas.
694 førespurnader
Tal frå nettsidene til UDI syner at tilrådinga om gradvis oppstart av returar til Hellas er tolka slik: I 2017 bad UDI Hellas om å ta imot 40 asylsøkjarar frå Noreg, i 2018 var talet 541 personar, og så langt i år er det bede om å få returnere 113 fleire. I sum 694 førespurnader. Som ein kuriositet kan det nemnast at Noreg gjennom EU-relokaliseringsprogrammet i 2016 og 2017, ifølgje organisasjonen European Migration Law, tok imot 693 asylsøkjarar frå Hellas – altså éin mindre enn det UDI seinare har bede om å få sende tilbake til landet gjennom Dublin-regelverket.
Ingen andre Dublin-avtaleland har i løpet av dei siste fire åra samla fått like mange returførespurnader frå UDI som det Hellas fekk berre i fjor.
Qvam seier UDI har bede om å få returnere asylsøkjarar som har visum frå greske styresmakter, søkjarar som har passert grensa inn til Hellas ulovleg, og søkjarar som har framsett asylsøknad i Hellas. Hellas har derimot berre akseptert tolv returar frå Noreg sidan 2017, og ifølgje Qvam er det i praksis berre gjort vedtak om overføring i totalt fem saker.
På spørsmål om ein auke i førespurnader frå 40 til 541 er å rekne som gradvis, svarar ho:
– Å sende ein førespurnad er ikkje det same som ei overføring, noko talet på akseptar og faktiske uttransporteringar syner.
Qvam syner til at UDI alltid gjer individuelle vurderingar før det vert sendt førespurnader til Hellas, og at sårbare asylsøkjarar vert unnatekne.
– I tillegg gjer vi alltid individuelle vurderingar når vi har fått aksept, og før vi gjer vedtak med tilvising til Dublin-forordninga. I lys av det låge talet på vedtak med tilvising til at Hellas er ansvarleg, meiner vi dette er ei gradvis oppattaking overfor Hellas, seier ho.
Det har ikkje lukkast Dag og Tid å få kommentarar til saka frå greske styresmakter.
Ser det som forsvarleg
Ifølgje UDI er avslaga frå Hellas grunngjevne med forhold ved den enkelte asylsøkjaren eller sjølve asylprosessen, mellom anna med at dei som har søkt vern i Hellas, har vorte vurderte til å vere sårbare.
– Korleis vurderer UDI Hellas’ kapasitet til å ta imot asylsøkjarar som vert returnerte?
– I dei få tilfella der greske styresmakter har akseptert førespurnadene våre om ansvarsoverføring etter Dublin-forordninga, har dei gjeve individuelle garantiar om at søkjaren vil få tilbod om mottaksplass og tilgang til asylprosedyre i Hellas. I lys av dette legg UDI til grunn at søkjaren vil få eit reelt høve til å få søknaden om vern vurdert i Hellas, seier Qvam.
– Korleis vurderer de forholda for asylsøkjarar og migrantar i Hellas i dag?
– Den siste tida har talet på asylsøkjarar til Hellas auka, noko som medfører større press på mottakskapasiteten og asylsystemet i landet. UDI følgjer i alle høve situasjonen i Hellas nøye, og vi har ingen informasjon som skulle tilseie at det ikkje er forsvarleg å overføre asylsøkjarar til Hellas etter Dublin-forordninga, seier ho.
– Sprengd kapasitet
Hjelpeorganisasjonar som er til stades i Hellas i dag, fortel derimot om eit overfylt mottakssystem både på fastlandet og på dei greske øyane.
Boris Cheshirkov, som er talsperson for UNHCR i Hellas, seier kapasiteten er sprengd på alle dei fem øyane Lesvos, Chios, Samos, Kos og Leros. Situasjonen er særleg alvorleg på Lesvos og Samos, som saman har fått nesten halvparten av alle nye flyktningar og migrantar til Hellas så langt i år.
– Sjølv om tala på nykomne har stabilisert seg jamført med situasjonen tidlegare år, er det slik at dei som kjem no, kjem til eit mottakssystem som alt er overbelasta. Og det er overbelasta trass i at Hellas har auka den totale mottakskapasiteten frå 1000 plassar i 2015 til meir enn 15.000 i dag, seier han.
Totalt er det ifølgje UNHCR rundt 17.100 asylsøkjarar og migrantar på dei fem øyane og 63.400 på det greske fastlandet i dag.
Øyane har mottakssenter med ein samla kapasitet på 5400 plassar, men der bur det i dag 12.800 personar, ifølgje Cheshirkov.
På Samos bur det no meir enn 3000 personar, inkludert mange born, i eit senter bygd for 700 menneske, og på Lesvos er det 6000 i eit senter med plass til 2000. Cheshirkov seier mange er stua saman i små telt, utan tilgang til lys og elektrisitet, med mangelfull tilgang til vatn og sanitærutstyr og svært avgrensa tilgang til helsetenester.
– Ventetid til 2021
Katrin Glatz Brubakk er psykolog og jobbar for Legar utan grenser på øya Lesvos – både i mottakssenteret Moria og på ein klinikk i hovudstaden Mytilini. Der møter ho barn, kvinner og menn som har opplevd vald og seksuelle overgrep eller har alvorlege psykiske lidingar. Ho seier det er sjuande gongen ho er i Hellas for å jobbe sidan august 2015, og at ho aldri har sett så mange sjuke som no. Mange av dei burde hatt mykje betre helsehjelp enn det dei får, meiner ho.
– Vi er dagleg i kontakt med alvorleg suicidale personar som har mista alt håp og ikkje ser grunn til å halde fram. Det er sikkert eit komplekst bilete bak det, men ein av skilnadene eg sjølv ser frå 2015 til i dag, er at folk no er her i mykje lengre periodar før dei kjem seg vidare. Dei bur trongt, det er uro og slåstkampar, og mange går rundt og er kronisk redde. Dei vert sjukare dag for dag av å vere her, seier ho.
Ho opplever òg at vilkåra i leirane vert dårlegare og dårlegare på grunn av den stadige auken av folk.
– Det har noko å seie for matutdelinga og hygieneforholda, kor fort folk vert registrerte, kor fort dei kan få asylintervju. Dei som kjem hit no, får truleg ikkje asylintervju før i mars 2020. I Aten er det endå verre, der har eg høyrt at folk no kan måtte vente på asylintervju til ein gong uti 2021, seier ho.
Cheshirkov i UNHCR synest ikkje det er rart at Hellas har avslått mange av førespurnadene om Dublin-returar frå andre land.
– Vi må erkjenne at Hellas allereie handterer svært mange asylsøknader og asylsøkjarar. Dei andre deltakande statane i Dublin-samarbeidet bør vere med på å ta ansvar og dele på oppgåvene, seier han.
Vil ha lik fordeling
Frå 2015 og til i dag har over 220.000 personar søkt asyl i Hellas, ifølgje tal frå Greek Asylum Service. Talet på asylsøknader auka kraftig frå 2015 til 2016, då grensene nordover i Europa vart stengde, og har halde fram med å auke kvart år sidan. Av dei nær 94.000 søknadane som så langt er ferdighandsama, har over 40.400 fått asyl eller anna form for vern i Hellas.
Til jamføring er det i same periode nær 42.000 personar som har søkt asyl i Noreg, og over 38.300 som har fått asyl, ifølgje tal frå UDI.
Justis- og beredskapsdepartementet forsvarar at Noreg held fram med å be om Dublin-returar til Hellas, også når Hellas avviser dei fleste av førespurnadene.
– Dublin-forordninga er gjeldande rett, og EU meiner generelt at det ikkje lenger er grunnlag for å suspendere reglane for Hellas, svarar statssekretær Kristoffer Sivertsen (Frp) i e-post til Dag og Tid.
Han seier det er kjent at asyl- og migrasjonssystemet i både Hellas, Italia og Spania er under press, og at det utløyser finansielle overføringar i EU og høve for assistanse frå relevante EU-byrå.
– Vi er særleg merksame på utfordringane for migrantar, asylsøkjarar og flyktningar i Hellas, og Noreg brukar delar av EØS-midlane som er avsette til Hellas, til å styrkje det greske asyl- og migrasjonssystemet, slik at det kan gjevast eit godt tilbod til asylsøkjarar i landet, seier han.
Frå Utanriksdepartementet får Dag og Tid opplyst at rundt 318 millionar kroner, som er litt over ein tredjedel av dei samla EØS-midlane til Hellas mellom 2014 og 2021, er sette av til å styrkje asyl- og migrasjonssystemet i landet.
– Kva endringar i Dublin-regelverket er Noreg med å ta til orde for?
– Noreg støttar at det vert etablert eit forpliktande og permanent fordelingssystem for asylsøkjarar mellom alle europeiske land. Det er viktig at alle dei europeiske landa medverkar, slik at ansvaret ikkje vert lagt på nokre få land. Medan ei relokalisering til nokre få rike europeiske land vil ha ein pull-effekt, vil ikkje ei jamn fordeling til alle europeiske land vere like forlokkande, seier Sivertsen.
– Dei vert sjukare dag for dag av å vere her.
Katrin Glatz Brubakk, psykolog i Legar utan grenser på øya Lesvos