Den lange halen til pandemien
Langtidsverknadene av covid-19 er vanskelege å overskode. Mange ulike plager råkar også unge og spreke menneske, og «lang covid» er framleis eit mysterium.
Eit timeglas med covid-19-virus i staden for sand.
Foto: Gualtiero / Shutterstock / NTB
Eit timeglas med covid-19-virus i staden for sand.
Foto: Gualtiero / Shutterstock / NTB
Helse
peranders@dagogtid.no
At dei livstrugande tilfella av covid-19 kan få lange etterspel, er ikkje overraskande. Når folk har overlevd lungesvikt og har vore gjennom eit opphald på ei intensivavdeling, kanskje inkludert respiratorbehandling, tek det lang tid å kome til hektene att.
Det merkelege er at mange som har hatt langt mildare variantar av covid-19, også ser ut til å slite med langvarige og til dels alvorlege etterverknader. Og det er eit svært breitt spekter av plager folk fortel om etter overstått infeksjon: pustevanskar, utmatting, hjartelidingar, muskelsmerter, fordøyingsproblem – lista er umåteleg lang. Ikkje minst har mange rapportert om vedvarande kognitive plager som konsentrasjonsvanskar, «hjerneskodde» og dårlegare minne.
Slike komplekse symptombilete har vist seg i studiar frå ei rekkje land, anten det er Kina, USA, Storbritannia, Italia eller Noreg. Og for somme av dei som i utgangspunktet berre hadde mild covidinfeksjon, er plagene i etterkant så alvorlege at dei ikkje er arbeidsføre. Medan sjølve virusinfeksjonen har vist seg farlegast for menn, ser det ut til at etterverknadene råkar flest kvinner. Og dei råkar i stor grad folk som er mykje yngre enn dei som blir rekna som risikogruppe på grunn av alder.
Utmatting
Ein av studiane som viser eit slikt bilete, er utført av ei forskargruppe i Bergen. Sidan mars i fjor har forskarane studert folk som har testa positivt på covid-19, både pasientar som vart innlagde på sjukehus, og dei med mildare sjukdomsforløp.
Eit utval på 312 koronasmitta, der berre ein femtedel hadde vore innlagde på sjukehus og resten hadde vore i heimekarantene, vart studert nærare. Av desse 312 hadde 61 prosent framleis plager seks månader etter at dei testa positivt. 37 prosent fortalde om utmatting, 26 prosent om redusert konsentrasjon, 24 prosent om dårlegare minne.
Det mest slåande er kanskje dette: Da forskarane såg på berre personar mellom 16 og 30 år som ikkje hadde vore innlagde, rapporterte også 52 prosent av desse om plager etter eit halvt år, med utmatting som den mest vanlege. Blant dei under 16 år var det derimot få symptom å spore.
«Alarmerande»
Forskarane i Bergen kallar funna sine «alarmerande» i ein artikkel som for tida er inne til fagfellevurdering. Men det er for tidleg å seie noko om dei moglege konsekvensane av såkalla «lang covid» for samfunnet, meiner Nina Langeland, professor i infeksjonsmedisin ved Universitetet i Bergen og ein av leiarane for forskargruppa.
– Dette er det vanskeleg å vurdere, både fordi plagene varierer i alvorsgrad, og fordi vi enno ikkje veit kor lenge dei vil vare. Men langtidssymptoma må med i reknestykket når vi skal vurdere kostnadene for samfunnet etter covid-19-pandemien.
– Slike funn kan endre biletet vårt av covid-19: Dette har i stor grad vore sett på som ein alvorleg sjukdom berre for gamle og folk med underliggande lidingar?
– Ja. Det er gledeleg at barn i liten grad får langtidsplager, men det er urovekkjande at også unge menneske risikerer langvarige symptom. Komplikasjonane kan råke alle vaksne, seier Langeland.
Ein studie utført frå forskarar ved Akershus universitetssjukehus i vinter gav liknande resultat: Nær halvparten av dei som hadde hatt covid-19 utan å bli innlagde, fortalde om utmatting opptil eit halvår etter infeksjonen.
Sjuke britar
Det er vanskeleg å vite kor representative desse tala er. Sidan covid-19 ser ut til å kunne gje så mange ulike etterverknader, er det framleis ein fagleg diskusjon om kva kriteria for såkalla lang covid skal vere. Men det er i alle fall nokolunde semje om at det må innebere vedvarande symptom etter tolv veker. Data frå Storbritannia tyder på at 14 prosent av britane som testa positivt fram til i fjor haust, framleis hadde symptom etter tolv veker. Under 10 prosent av desse hadde vore innlagde på sjukehus på grunn av infeksjonen. Det var i aldersgruppa 25–34 år at flest fortalde om langvarige plager, og også der var utmatting det vanlegaste symptomet.
I eit folkerikt land som Storbritannia, der ein stor del av befolkninga har hatt covid-19, inneber dette at svært mange menneske er påverka. 1,5 prosent av alle britar i arbeidsfør alder hadde symptom i meir enn tre månader etter infeksjonen, syner offisiell statistikk frå Storbritannia.
Nær ein halv million britar har rapportert om covidrelaterte plager i meir enn eit halvt år. «Gang dette med dei fleire hundre millionane rundt i verda som har vore infiserte med covid-19, og ein offentleg helsekatastrofe kan vere i emning», skreiv The Economist nyleg.
Tim Spector, professor i epidemiologi ved King’s College i London, tok òg hardt i i oktober i fjor: «Dei langtidssjuke kan bli eit større offentleg helseproblem enn dei ekstra dødsfalla på grunn av covid-19, som mest råkar dei utsette eldre», skreiv Spector.
Sjuke av informasjon
Sjølv om desse tala er illevarslande, er det gode grunnar til å ta atterhald og styre unna dei verste dystopiane. Ikkje minst for Noregs del, der covidsmitten har vore langt meir avgrensa enn i dei fleste andre land. Da Folkehelseinstituttet gjorde ein gjennomgang av kunnskapen om lang covid i mars, var konklusjonen enkel og open: «Den langsiktige effekten av covid-19 på livskvaliteten i befolkningen er fortsatt uklar.»
Sjølv om mange rapporterer at dei kjenner seg utmatta lenge etter overstått infeksjon, treng ikkje det innebere at dei ikkje er arbeidsføre. Det er òg heilt uvisst kor lenge symptoma kjem til å sitje i. Og kanskje har den store merksemda kring pandemien ført til at alt som har med covid å gjere, blir blåst ut av proporsjonar. I Sverige har det rasa ein debatt i det medisinske fagmiljøet i vår: Ei rekkje legar og forskarar har åtvara mot overdiagnostisering av lang covid, og kritisert opprettinga av spesialklinikkar for slike pasientar.
I Noreg har mellom andre Henrik Vogt, lege og forskar ved senter for medisinsk etikk, hevda at sjølve omtalen av langvarige plager etter covid i seg sjølv kan gjere fleire sjuke. «Skremmende informasjon, frykt og forventning om langvarig sykdom og senskader gir trolig akkurat nå en pandemi av kroniske symptomer og uførhet», skreiv Vogt og kollegaen Andreas Pahle i Aftenposten 30. august i fjor.
Mange teier
Slike omsyn er ikkje grunn god nok til å late vere å studere eller omtale langtidsverknadene av covid-19, meiner Nina Langeland.
– Eg er ikkje samd i at ein skal halde attende forskingsfunn med dette som grunngjeving.
– Kan det likevel vere at det er ein del overrapportering her: at merksemda kring covid-19 får somme til å kjenne litt for mykje etter?
– Det er sjølvsagt mogleg, men det er mi erfaring etter meir enn 30 år som klinikar at dei fleste ikkje overdriv plagene sine. Nokre få gjer kanskje det, men så er det mange som teier heilt stille sjølv om dei har betydelege symptom.
– Spekteret av rapporterte symptom er svært breitt. Dette gjer fenomenet «lang covid» vanskeleg å forstå og diagnostisere. Kan dette bli eit problem på liknande vis som det har vore det for ME-sjuke?
– Ja, noko av problemet er at vi ikkje har nokon diagnostisk test for lang covid. I den offentlege debatten ser vi at somme meiner at omtale av langtidssymptom i seg sjølv kan gje folk symptom, seier Nina Langeland.
Auka risiko
Sjølv om langvarig covid framleis er noko av eit mysterium, og sjølv om medieomtalen truleg får fleire til å kjenne fleire symptom enn dei elles ville gjort, er det mange studiar som tyder på at det er harde, biologiske realitetar i botnen for fenomenet. Dette handlar ikkje berre om subjektive plager.
I april publiserte Nature ein studie som såg på 73.000 amerikanske militærveteranar som hadde hatt covid-19 utan å bli innlagde på sjukehus. I løpet av dei første seks månadene etter infeksjonen var dødsrisikoen for desse menneska 60 prosent høgare enn for kring fem millionar veteranar som ikkje var registrerte som covidsmitta i same periode – dette trass i at medianalderen til dei koronasmitta veteranane var lågare enn for kontrollgruppa.
– Langtidssymptoma må med i reknestykket når vi skal vurdere kostnadene for samfunnet etter pandemien.
Nina Langeland, medisinprofessor