Eit drikkfeldig folkeslag
Fråhaldsrørsla står ikkje lenger sterkt i Noreg. Vi har heller ikkje heilt fått til dette med å drikka kontinentalt.
Heldig er den som etter ein utlandstur kjem seg bort frå Gardermoen utan å ha fått ei flaske ramlande i hovudet, skriv Jon Hustad. Foto: Berit Roald / NTB Scanpix
Berit Roald
Heldig er den som etter ein utlandstur kjem seg bort frå Gardermoen utan å ha fått ei flaske ramlande i hovudet, skriv Jon Hustad. Foto: Berit Roald / NTB Scanpix
Berit Roald
Alkohol
jon@dagogtid.no
August kan vera ein tung månad for dei som har likt lange sumarkveldar med øl og vin. Når ferien er over og svevnvanskane melder seg, er det vel ikkje fritt for at det er ein del menneske der ute som skulle ynskja at dei hadde både passa litt betre på døgnrytmen og korka flaska litt tidlegare på kvelden.
Overgangen mellom ferie og arbeid er ikkje heilt lett for mange av oss. Men måtehald må til om vi ikkje skal utvikla både varige svevnproblem eller eit for høgt alkoholkonsum i kvardagen. Det er, for å seia det slik, ikkje uventa at januar og august er dei travlaste månadene for dei som prøver å hjelpa folk som har utvikla eit alkoholproblem.
Sosialt lim
I dag tenkjer vel dei fleste unge på alkohol som noko kjekt, som eit avbrekk frå ein litt monoton kvardag, noko som skapar samhald og løyser opp i sosiale hemningar. For oss som voks opp med NRK-monopolet, var alkohol helst noko farleg. Det var ikkje få timar NRK, eller for den del skulen, sette av til å fortelja om kor lett det var å verta avhengig og kor vanskeleg det var å vera måtehalden.
Det er elles påtakeleg kor stor skilnaden mellom alkohol og det andre store folkehelseproblemet, røyking, er vorten med åra, både i samfunnet som heilskap og i media særmerkt. Folk vart skremde av det dei las og såg om røyking. Folk slutta.
Slik vart det ikkje for alkohol. Media slutta å fortelja oss kor farleg det kunne vera, og konsentrerte seg heller om kva pappvin som var best til påskeferien. Heldig er den som etter ein utlandstur kjem seg bort frå Gardermoen utan å ha fått ein vindunk ramlande i hovudet.
Påskevin
No har det alltid vore visse skilnader mellom landsdelane, men før kunne far ha eit alkoholproblem i vestlandsbygdene, mor nesten aldri. Karane som drakk i ei vestlandsbygd, drakk ikkje saman med kona. Hadde ikkje bygda ei skjenkestove, og det hadde vestlandsbygder som regel ikkje, drakk karane i fjøsen, i garasjen eller i kjellaren, men sjeldan saman med mor i stova.
Ja, det fanst sofistikerte miljø, særleg i byane, som hevda at nordmenn burde lære seg å drikka kontinentalt, og det lærte vi på eit vis. Då NRK-monopolet gjekk i oppløysing og Høgre-bylgja kom, var alkoholbruk normalisert og etter kvart ein naturleg del av både feriar, helgar og – for somme – kvardagen. Det er nokre år sidan Bondeheimen søkte om og fekk skjenkeløyve.
Eit mykje nytta døme i både norsk og internasjonal forskingslitteratur om folkeavrøysting, som òg er eit særs godt døme på korleis kultur endrar seg, er dei to norske folkeavrøystingane i 1919 og 1926 om forbod mot sterkvin og brennevin.
Fleirtalet for forbod i 1919 vart stort, men ingen stadar så stort som i dåverande Vartdal kommune på Sunnmøre. 100 prosent av dei som røysta, gjekk inn for eit forbod. I 1926, då forbodet vart oppheva, var det to personar i Vartdal kommune som gjekk inn for å heva forbodet. Bygdefolket meinte at det var det nye presteekteparet som øydela eit nytt perfekt resultat.
Graf
19 land
Kor kontinentale og søreuropeiske har vi så vorte her til lands? I desember 2016 vart granskinga ««Comparative monitoring of alcohol epidemiology across the EU» publisert. I 19 EØS-land vart folk presentert for det same spørjeskjemaet. I Noreg var det Folkehelseinstituttet (FHI) som hadde ansvaret for granskinga. Funna var kanskje, for nokre, litt uventa.
«I Italia og andre land i Sør-Europa er avhold blant kvinner mer utbredt enn i Norge. Det er også større aldersforskjeller i Sør-Europa: Blant folk i aldersgruppen 50 til 65 år er mer enn 35 prosent av italienerne avholdne, mens i Norge er under 10 prosent av disse avholdne», sa Geir Scott Brunborg, seniorforskar ved Folkehelseinstituttet i ei pressemelding. Mellom vaksne i Noreg er under éin av ti fråhalden.
Definisjonen av fråhald var at ein ikkje hadde drukke det siste året. I berre fire av dei 19 landa som var med i granskinga, var det færre som ikkje drakk enn i Noreg. Færrast fråhaldsfolk var det i Danmark, der 7 prosent sa at dei ikkje drakk. Vel 4 prosent av nordmennene sa dei aldri hadde drukke. Knapt 6 prosent sa at dei hadde slutta å drikka. Over 95 prosent av nordmenn er altså ikkje livsvarige fråhaldsfolk.
Og vi er sant å seia heller ikkje særleg italienske eller kontinentale. Mange nordmenn – og danskar – liker enkelt og greitt å rusa seg. Å vera rusa eller full vart for menn definert som å drikka seks glas eller meir av vin eller tilsvarande mengde alkohol. For kvinner vart grensa sett ved fire eller fleire glas vin. 67 prosent av danskane sa at dei ein eller fleire gonger hadde drukke så mykje ein eller fleire gonger det siste året. 60 prosent av nordmenn sa det same, likt med britane, som til liks med nordmenn er kjent for å drikka særleg i utlandet. I Italia var det same talet berre 9 prosent.
Bondeanger
Kor mange har late vera å gjera det som vert forventa at ein skal gjera, til dømes ikkje møtt opp på arbeid? Også der gjorde vi nordmenn det dårlegare enn gjennomsnittet. 6 prosent av europearane sa at noko slikt hadde skjedd det siste året, 8 prosent av oss nordmenn.
Ja, sjølvsagt har sjølvrapportering innebygde problem. Vi menneske har det med ikkje å vera ærlege med korkje oss sjølve eller omgjevnadene når vi har gjort noko dumt. Så dei negative tala er truleg ein god del høgre enn det som kjem fram av slik sjølvrapportering.
Men kor mange angra på noko dei hadde gjort i fylla, kor mange sa at dei hadde hatt skuldkjensle siste året? 15 prosent av nordmennene. I Portugal var det same talet 3 prosent.
«Som forventet var alkoholproblemer mer vanlig i Nord-Europa enn i sør», sa Brunborg i FHI.
Det vi kan slå fast, er at fråhaldsrørsla er nokså død i Noreg. Til og med Kjell Magne Bondevik vedgår at han liker å taka seg eit glas vin av og til, og det vinglaset kan han no taka på Kaffistova.
Brennevin til alle
Kampen mot særleg brennevinet er nokså gamal i Noreg. Men det byrja med ei liberalisering. I dansketida var det berre kjøpstadane som fekk brenna brennevin, men i 1816 fann Stortinget ut at også bygdene skulle få brenna. Det ville skapa meir profitt i landbruket.
Det gjekk særs dårleg. Brennevinsfylla vart nær ålmenn. For å avgrensa produksjonen innførte Stortinget i 1827 ein lov som sa at bønder som produserte brennevin, ikkje kunne selja mindre enn om lag tre liter. I byane vart grensa sett ved 20 liter for produsentane. Innstramminga vart ikkje særleg vellukka.
Etter kvart gjekk det betre. Høgdepunktet for fråhaldsfolket vart folkerøystinga i 1919. Det same året var 10 prosent av nordmenn medlem av eit fråhaldslag.
Så kan vi hoppa fram til vår tid og rapporten «Det norske drikkemønsteret. Ein studie basert på intervjudata frå 1973–2004» av Sirus-forskarane Øyvind Horverak og Elin K. Bye. Rapporten vart publisert i 2007. Éin figur viser korleis dei som drakk, både i 1973 og i 2004, hadde endra vanar. Den delen som drakk minst, under ein halv liter rein alkohol, hadde gått ned frå 35 prosent i 1973 til 21 prosent i 2004. Delen som drakk mykje, meir enn ti liter rein alkohol, hadde gått opp frå 6 prosent i 1973 til 12 prosent i 2004. «I perioden fra 1973 til 2004 hadde det altså blitt mindre vanlig å drikke svært lite, og mer vanlig å drikke svært mye.»
Medianmidten
Median er litt enkelt sagt midten. Også medianen endra seg sterkt: «I 1973 drakk halvparten av alkoholbrukerne mindre enn 1,1 liter ren alkohol i året, som altså er fordelingens medianverdi det året. I 2004 var grensen økt til 2,1 liter. Medianverdien økte med 86 prosent fra 1973 til 2004.» Medianen for kor ofte ein hadde drukke det siste året, var i 1973 37 gonger. I 2004 var det same talet 56. Halvparten drakk altså alkohol sjeldnare enn 56 gonger, halvparten oftare.
Om vi derimot ser på gjennomsnittet, som tek med seg storforbrukarane, drakk gjennomsnittet alkohol 70 gonger i 1979 og 86 gonger i 2004.
Her må vi igjen nemna det litt triste. Folk har alltid og kjem nok alltid til å underrapportera kor mykje dei drikk. Den lovlege omsettinga av alkohol ligg alltid godt over det som kjem fram i intervju om ein gongar opp. Nordmenn samla drikk mykje meir enn dei vil vedgå. «Vi vet med sikkerhet at folk har en tendens til å oppgi at de drikker mindre enn hva de faktisk gjør, og at de tyngste alkoholmisbrukerne er underrepresentert i våre utvalg.» Men tala i Sirus-rapporten seier noko om trenden.
Tala for dei som drakk eller ikkje siste år, går heilt attende til 1956. Det året sa 37 prosent av kvinnene at dei ikkje hadde smakt alkohol føregåande år og 25 prosent av mennene. I 2004 var tala høvesvis 15 og 11 prosent, altså 13 prosent for båe kjønn. I 2016, som nemnt, var talet under 10 prosent.
Som det står i Sirus-rapporten: «I dag er det nesten like vanlig at kvinner drikker alkohol som at menn gjør det. Utviklingen i brukerandeler både for menn og kvinner indikerer at avhold som en bevisst del av norske menn og kvinners livsstil, er i ferd med å forsvinne helt.»
Oslo-drankaren
Kven var det så som drakk mest, ifylgje Sirus-rapporten? Skilde og single drakk 40–50 prosent meir enn gifte, og folk i Oslo-regionen nesten dobbelt så mykje som folk på mindre stadar eller landsbygda. Kvinner drakk 44 prosent av det menn drakk.
Vin vart elles stadig meir populært, særleg utover på 1990-talet og inn på 2000-talet. Spesielt éi gruppe drakk mykje vin i 2004: «Potensiell stordrikker av vin: Skilt Oslo-kvinne i 40-årene med god utdannelse og inntekt.»
Men ikkje alle har vore med på vinkøyrket: «Drikker lite vin: Yngre mann med lav utdannelse bosatt på landsbygda.» Brennevin har elles vorte stadig mindre populært. Frå 1979 til 2004 gjekk forbruket ned med 30 prosent for gjennomsnittsbrukaren.
I alle høve: Vi har vorte ein nasjon av drikkarar, og konsumet har stige. I 1990 var det registrerte salet av rein alkohol innanfor grensene på 4,99 liter per person over 15 år, i 2007 var det same talet 6,6 liter. Så byrja talet å gå nedover, til 6,0 liter i 2018. Men her lyt det nemnast at folketalet har gått sterkt opp i Noreg i dei siste åra. Vi kan nok rekna med at arbeidsinnvandrarar tek med seg ein del over grensene.
Koronadrankaren
Ein indikasjon på at grensehandel og -kryssing har mykje å seia, er utviklinga under koronaen. Frå mars 2020 til mars 2021 gjekk salet av øl opp med 12 prosent i Noreg. Om vi samanliknar salet til Vinmonopolet i januar og februar 2020, før nedstenginga, med tilsvarande månader i år, auka salet med 37 prosent. Dessutan har vi ikkje tal på kor mykje nordmenn drikk når dei er i utlandet. Nordmenn reiste mykje før koronaen.
Kor mange nordmenn har så eit skadeleg forbruk? Det er sjølvsagt vanskeleg å seia noko sikkert om. FHI seier at 10 prosent av folkesetnaden står for halvparten av alkoholkonsumet. Desse 10 prosenta kan vi nok seia drikk for mykje. Det er òg framleis slik at menn drikk mykje meir enn kvinner. Skal vi tru spørjeundersøkingar, drikk kvinner berre halvparten så mykje som menn.
Men – som FHI også skriv – det er eit mål i seg sjølv å få alkoholbruken ned: «På befolkningsnivå er det en klar sammenheng mellom totalkonsumet og omfanget av helsemessige og sosiale skader som er nært forbundet med alkoholbruk, som eksempelvis leversykdommer, vold og trafikkulykker. Det vil si at når totalkonsumet øker, går også skadeomfanget opp, og vice versa. Effektive tiltak for å redusere folkehelseproblemene som skyldes alkoholbruk, bør derfor ikke begrenses til høyrisikostrategier rettet mot de relativt få som drikker svært mye, men også omfatte tiltak som begrenser det totale alkoholkonsumet i befolkningen.»
Ikkje lett å slutta
Men det er ikkje så heilt enkelt å berre slutta med alkohol. Det er vorte ein del av norsk kultur og tradisjon. For dei som er tyngst råka av alkoholproblem, ser full stogg ut til å vera særs vanskeleg. Ein rapport i amerikanske Alcoholism Treatment Quarterly i 2000 såg på fyrste oppmøte på ei AA-samling mellom 1968 og 1996 og korleis det gjekk etterpå. 81 prosent slutta å gå på møte innan ein månad. Etter 90 dagar var berre 10 prosent framleis til stades, etter eit år var det talet igjen halvert.
På den andre sida er den gruppa som drikk klart mest i Noreg, unge menn i 20-åra. Dei fleste greier heilt fint å redusera drikkinga når dei får familie. Sanninga er at vi veit at alkohol fører til problem for somme, men ikkje andre, og at vi ikkje veit heilt kvifor, og at forskingsfeltet er svært spreidd.
Det er ikkje eingong semje om kva ein alkoholikar er. Ja, det er til og med dei som meiner termen er ubrukeleg. I USA har helsepersonell slutta å nytta omgrepet alkoholikar eller alkoholisme. Der heiter det no alcohol use disorder (AUD). Definisjonen på dei som fell under AUD, er vid.
Ja, vi vona at vi skulle verta som italienarane, men tala seier at vi vart meir som britane.
FHI seier at 10 prosent av folkesetnaden står for halvparten av alkoholkonsumet.
Bakgrunn
I 1956 drakk under fire av ti kvinner alkohol. No drikk ni av ti kvinner alkohol.
Etter at pandemien råka, har ølsalet i Noreg gått opp med 12 prosent.
Vinmonopolet auka omsetninga med 37 prosent i januar og februar 2021 samanlikna med same periode i 2020.