Mista trua på eiga reform
Helseføretaka har ikkje mange vener att. Mannen som losa føretaksreforma gjennom i Stortinget for 20 år sidan, trur ikkje lenger på modellen han kjempa for å innføre.
Styremøte i Helse Midt-Noreg 24. juni 2010. Styremedlemmene Asmund Sverre Kristoffersen og Olav Georg Huseby.
Foto: Geir Otto Johansen / VG / NTB
Styremøte i Helse Midt-Noreg 24. juni 2010. Styremedlemmene Asmund Sverre Kristoffersen og Olav Georg Huseby.
Foto: Geir Otto Johansen / VG / NTB
Politikk
peranders@dagogtid.no
Mange kriser og politiske stridsspørsmål i Noreg har opphav i avgjerder i helseføretaka, dei byråkratiske einingane som styrer sjukehusa i Noreg. Anten det gjeld talet på intensivplassar på sjukehusa eller sengeplassar i psykiatrien, nedlegging av fødestover eller nye sjukehusbygg som er for små alt ved opninga, er det avgjerder i helseføretaka som ligg bak.
Sjølv om helsepolitikk ofte skaper intenst politisk engasjement, er det ikkje folkevalde politikarar som tek desse avgjerdene. Det er direktørane og styra i helseføretaka som administrerer sjukehusa på vegner av staten, og slik har det vore sidan ansvaret vart flytta frå fylkeskommunane for snart 20 år sidan.
180 gradar
Helseføretaka er ein arv frå den kortliva Stoltenberg I-regjeringa (2000–2001), og Ap-mannen Asmund Kristoffersen var saksordførar da helseføretakslova vart handsama i Stortinget. Kristoffersen var på den tida helsepolitisk talsperson for Ap og sat på Stortinget for Møre og Romsdal frå 1993 til 2009. I dag er han pensjonist, og sterkt misnøgd med resultatet av reforma han sjølv fekk gjennom i 2001, med støtte frå Høgre og Framstegspartiet.
«Eg har snudd 180 gradar, til å seie: bort med den modellen. Vi må over på folkevald styring av sjukehusa, men framleis med staten som eigar», sa Kristoffersen i eit videointervju med Bunadsgeriljaen på Nordmøre i desember i fjor.
– Eg har ikkje noko behov for å forsvare den reforma. Vi må få attende den folkevalde styringa av sjukehusa. Om det ikkje er mogleg å få til innanfor føretaksmodellen, må vi over på ein forvaltningsmodell, seier Asmund Kristoffersen til Dag og Tid.
Champions League
Det var andre tonar i debatten om reforma i Odelstinget 6. juni 2001. «Med denne reformen på plass er Helse-Norge klar for den europeiske spesialisthelsetjenestens Champions League!» sa Asmund Kristoffersen. Han var skuffa over at sentrumspartia var negative: «De har på en meget høyrøstet måte påstått at denne reformen led av et lokalpolitisk og politisk demokratisk underskudd. Jeg tar avstand fra det.»
I dag deler Kristoffersen mykje av synet til kritikarane. Og i røynda var han ikkje så entusiastisk for reforma som han verka.
– Eg var uroleg for at denne organiseringa kunne gje mindre politisk styring av eit heilt sentralt velferdsområde. Da eg vart beden om å vere saksordførar, sa eg ja, men med blanda kjensler.
Reforma vart gjennom-
ført raskt og var dårleg forankra i Arbeidarpartiet, fortel Kristoffersen. Ideane kom frå toppen, med statsminister Stoltenberg, helseminister Tore Tønne og statssekretær Lars Erik Flatø som pådrivarar.
– Det var leiinga i partiet og i Helsedepartementet som jobba fram den nye sjukehusmodellen. For oss i stortingsgruppa kom dette overraskande i 2000, reforma var ikkje forankra der i det heile.
– Det var òg sterk motstand mot reforma i fagrørsla og delar av Arbeidarpartiet?
– Ja, sentrale delar av fagrørsla gjekk imot føretaksmodellen. Og det kjendest ikkje greitt å innføre ei så stor reform utan oppslutnad frå mange av dei som skulle gjere arbeidet.
– I 2003 foreslo SV at Stortinget skulle ta attende den politiske styringa med sjukehusa, og kravde ein nasjonal helseplan. «Vi har forlatt sovjetstyringen i helsevesenet», svarte du.
– Eg meinte vel at modellen måtte få sin sjanse. Men eg ville ha ordlagt meg annleis i dag, ja.
Økonomien først
Skepsisen hans til føretaksmodellen voks etter kvart som resultata vart tydelege, fortel Kristoffersen.
– Reforma skulle sikre effektiv ressursutnytting og gjere sjukehuseigarane meir ansvarlege. Men det viste seg fort at finansieringsmodellen førte til at økonomien fekk spele hovudrolla. Det var ikkje det vi ville.
Den såkalla innsatsstyrte finansieringa av sjukehusa har svekt viktige delar av helsetilbodet, meiner Kristoffersen.
– Det går ut over beredskapen – det er ingen buffer i helsevesenet, det er ikkje rom for reservar, som pandemien har vist så tydeleg. Vi manglar kapasitet, senger og personale.
Det har vist seg vanskeleg å finansiere mange typar tenester som ikkje gjev utteljing i finansieringsmodellen. For helseføretaka er det bra med kjapp behandling og rask utskriving. Men eit felt som psykiatrien har blitt sterkt skadelidande.
Svikt i psykiatrien
Asmund Kristoffersen har lenge vore kritisk til utviklinga i psykiatrien. I 2004 skreiv han eit innlegg i Dagsavisen etter eit knivdrap i Oslo, og det kunne vore skrive i dag: «Vi er i dag vitne til raske utskrivninger av personer med psykisk sykdom fra spesialisthelsetjenesten og i mange tilfeller til et mangelfullt eller nesten ikke eksisterende kommunalt tilbud. (…)
Det er lagt ned langt flere behandlingsplasser enn det som måtte være bygd opp av kommunale tilbud eller relevante polikliniske tilbud i spesialisthelsetjenesten. Disse nedleggingene er bevisste og konkrete handlinger som er foretatt av helseforetakene landet over», skreiv Kristoffersen og oppmoda helseministeren om å instruere føretaka til å stogge nedbygginga av psykiatrien. Utan hell.
– Nedbygginga av psykiatrien har fått gå sin gang, år etter år. Det opprører meg. Psykiatrien passar ikkje med idealet om å få pasientane fort inn og fort ut. Dei psykiatriske sjukeheimane, der folk fekk vere til dei vart friske nok, vart nedlagde. Men pasientane forsvann jo ikkje.
Politisk ansvar
I innlegget sitt i 2004 hengde Kristoffersen bjølla på katten: Det var helseføretaka rundt i landet som stod for nedbygginga av psykiatrien, sjølv om feltet burde vere eit politisk ansvar. Og oppmodinga hans til helseministeren om å instruere føretaka fall på steingrunn. Her ligg mykje av problemet med føretaksmodellen, meiner Kristoffersen: Politikarane har ikkje brukt den makta dei formelt skulle ha.
– Helseminister etter helseminister har flytta ansvar til dei regionale helseføretaka. Dei har nesten fått frie taumar. Og når styra i føretaka etter kvart vart reinska for folk med politisk tilknyting, vart dette eit stort byråkratisk ledd som styrer helsepolitikken ganske eigenrådig. Det var jo ikkje slik det var tenkt.
Etter at han forlét Stortinget, kom Kristoffersen sjølv inn i styret i Helse Midt-Noreg, som har ansvar for spesialisthelsetenesta i Trøndelag og Møre og Romsdal. Dette er eitt av dei fire regionale helseføretaka i Noreg og skal administrere helseføretaka som driv sjukehusa innanfor kvar region. Det er kolossale einingar. Helse Sør-Øst er den største arbeidsgjevaren i Noreg, med kring 78.000 tilsette til saman og ein sentral administrasjon på kring 160 tilsette.
– Dei regionale helseføretaka har blitt mastodontar med svære administrasjonar, og det gjev dei stort spelerom overfor styra og politikarane, seier Asmund Kristoffersen.
Mista tilliten
Tida hans som styremedlem i Helse Midt-Noreg frå 2010 til 2012 var lite oppløftande.
– Tilliten min til føretaka vart svekt ganske raskt. Direktørane og administrasjonen ville at styret skulle ha minst mogleg påverknad, og gjekk langt ut over den makta lova tilsa at dei skulle ha, seier Kristoffersen.
– Når administrasjonen nærast krev lojalitet av styra sine, bryt det med grunnleggjande demokratiske prinsipp. Administrasjonen skal jo lytte til styra, men føretaksmodellen har gjeve oss sterke byråkrati som veit å bruke makta si.
Styret til Helse Midt-Noreg handterte brennbare saker medan Kristoffersen var med, mellom anna sjukehusstrid mellom Molde og Kristiansund og pengefordelinga mellom Trøndelag og Møre og Romsdal. Helseminister Strøm-Erichsen (Ap) vraka heile styret i2012 og grunngav det med usemje mellom medlemene.
– I det styret eg sat i, var det seks medlemer med brei politisk erfaring. I dag er det ingen med slik erfaring i styret til Helse Midt-Noreg. Det er økonomar og folk med administrativ bakgrunn, seier Kristoffersen.
Seigliva modell
Trass i at føretaksmodellen har vore temmeleg upopulær heilt frå starten, har han visst seg seigliva. KrF var sterkt mot reforma i 2001. Men da Dagfinn Høybråten frå KrF var helseminister i 2004, meinte han at «det vil være helt uforsvarlig å kaste om på organiseringen etter bare to år». I 2005 sa senterpartileiar Åslaug Haga at det var uaktuelt for Sp å bli med i ei regjering som bevarte føretaksmodellen. Likevel sat partiet åtte år i regjering med Ap utan å rokke ved helseføretaka.
I 2012 var Bent Høie frå Høgre klar på at dei regionale helseføretaka måtte vekk. Helsepolitiske avgjerder «bør fattes av folkevalgte, ikke ansiktsløse byråkrater», sa han. Men da Høie vart helseminister, snudde han.
– Politikarar i posisjon likar at helseføretaka tek ein del av støyten for upopulære avgjerder?
– Det kan nok vere rett. Å styre sjukehusa kan vere ubehageleg, og det kan vere greitt for dei som styrer, å få litt avstand til folk. Og ein del av problema som no blir tilskrivne føretaksmodellen, er saker som ville vore konfliktfylte uansett styreform. Men eg meiner ikkje med det å forsvare modellen, seier Kristoffersen.
– Arbeidarpartiet er det einaste partiet som har forsvart føretaka heile vegen. Det har truleg hatt ein kostnad?
– Eg trur at føretaksreforma har kosta oss dyrt frå dag éin. Stoltenberg I-regjeringa kom med ei rekkje reformer som var veikt forankra i eige parti, og folk spurde seg kor det var Ap ville. Og hausten 2001 gjorde vi eit katastrofeval, seier Kristoffersen
– Dette har vore ei bør for Arbeidarpartiet – vi skapte føretaksmodellen og har forsvart han uansett kva problem som dukka opp. Men ein kan ikkje berre forsvare og forsvare ein styringsmodell om han ikkje verkar.
– Men er det mogleg for Arbeidarpartiet å gje slepp på helseføretaka?
– Eg er i alle fall glad for at Hurdalsplattforma seier at regjeringa vil reformere styringa av sjukehusa. Om regjeringa set i gang ein slik revisjon, håpar eg at alle parti går inn i det med ope sinn. Det vi treng, er å få attende fullt innsyn og demokratisk styring med sjukehusa, seier Asmund Kristoffersen.
– Vi må få attende den folkevalde styringa av sjukehusa.
Asmund Kristoffersen, politikar
Fakta
Asmund Kristoffersen
Fødd i 1944
Politikar for Arbeidarpartiet
Innvald på Stortinget for Møre og Romsdal 1993–2009
Var helsepolitisk talsperson for Ap
Saksordførar for helseføretakslova i Stortinget i 2001