Ingen helt for slitarane
Det var ikkje dei fattige og lågtlønte i USA som gav Donald Trump sigeren i 2016.
Donald Trump då han heldt ein tale om innvandringspolitikk i Phoenix i Arizon i valkampen i 2016. Meiningsmålingar tyder på at innvandringspolitikken til Trump var langt viktigare for veljarane hans enn økonomiske spørsmål.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB scanpix
Donald Trump då han heldt ein tale om innvandringspolitikk i Phoenix i Arizon i valkampen i 2016. Meiningsmålingar tyder på at innvandringspolitikken til Trump var langt viktigare for veljarane hans enn økonomiske spørsmål.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB scanpix
Utanriks
peranders@dagogtid.no
Det har sett seg som ei slags sanning at Donald Trump vann presidentvalet i 2016 fordi han vann røystene til arbeidarklassen i USA. Den gjengs historia går omtrent slik: Medan demokratane har satsa på velståande veljarar og mista kontakten med vanlege folk, har republikanarane under Trump blitt eit slags arbeidarparti. Denne framstillinga finn vi i både amerikansk og norsk presse. Alt under primærvalkampen i 2016 skreiv forfattaren Thomas Frank, mest kjend for boka What’s the Matter with Kansas, om korleis «kvite frå arbeidarklassen utgjorde storparten av Trump-tilhengarane». Etter presidentvalet skreiv The New York Times om korleis arbeidarklasseveljarar sikra Trump sigeren, og The Atlantic skreiv om «arbeidarfundamentet» for triumfen hans.
Folk på høgresida i USA er glade i denne framstillinga, forståeleg nok. «Vi har gjort Det republikanske partiet til eit parti for arbeidarklassen», sa den tidlegare Trump-strategen Steve Bannon til The Guardian i 2019. Men også radikale demokratar som Bernie Sanders og Elizabeth Warren forklarte sigeren til Trump med at amerikanske arbeidarar var misnøgde med sin eigen økonomiske situasjon og med den økonomiske politikken til demokratane.
Misvisande
Også i Noreg er denne framstillinga utbreidd. «Vant vanlige arbeidsfolk», heitte det på framsida til Klassekampen dagen etter valet i 2016. «Demokratene mistet det overtaket de har hatt blant hvite arbeidere», skreiv Hanne Skartveit i VG. Og soga held fram: «Under Trump har Demokratene mer enn noensinne blitt rikingenes parti», skreiv Klassekampen 10. september i år.
Men det er store brestar i denne framstillinga. For det første: Storparten av veljarane til Trump i 2016 var ikkje lågtlønte. For det andre: Storparten av dei lågtlønte som røysta i 2016, røysta på Hillary Clinton. Og for det tredje har det vore normalen dei siste 40 åra at kvite amerikanarar utan høgare utdanning røystar republikansk. Demokratane har ikkje fått fleirtal i denne gruppa i noko presidentval sidan Bill Clinton vann mot Bob Dole i 1996 – og det var med ein margin på berre to prosentpoeng.
Fattige for Clinton
Men trass i den langvarige republikanske dominansen blant kvite utan høgare utdanning har demokratane framleis langt større oppslutnad blant amerikanarar med låg inntekt. Slik var det òg i 2016, syner tal frå Pew Research: Hillary Clinton vann med 12 prosentpoengs margin blant dei med hushaldsinntekt under 30.000 dollar i året, 53 mot 41 prosent. Og ho vann med 9 prosentpoengs margin blant dei med hushaldsinntekt mellom 30.000 og 50.000 dollar i året. Trump fekk på si side flest røyster i alle grupper over 50 000 dollar i årleg hushaldsinntekt, rett nok med mindre marginar. Og to tredelar av Trump-veljarane hadde inntekt over medianinntekta i USA.
Lang trend
Det var heller ikkje dei kvite arbeidarane som opplevde sin eigen økonomiske situasjon som mest utrygg, som støtta Trump mest. Ei spørjeundersøking utført for The Atlantic i 2017 synte at oppslutnaden til Clinton var dobbelt så stor blant kvite arbeidarar med utrygg økonomi som blant dei med ein trygg økonomisk situasjon. Alt i alt er det urimeleg å hevde at demokratane har blitt «rikingenes parti» i USA – i alle fall viser ikkje det att i valresultata.
Rett nok vann Trump i 2016 uvanleg klart blant kvite utan høgare utdanning: Han fekk 64 prosent av desse røystene mot Clintons 28 prosent, ifølgje Pew Research, og det var den største sigersmarginen i denne gruppa sidan Ronald Reagan vann i 1980. På andre sida var ikkje resultatet i 2016 så ulikt valet i 2012: Da fekk Mitt Romney 62 prosent av røystene frå kvite veljarar utan høgare utdanning. I vippestatar som Iowa og Ohia fekk rett nok Trump langt større framgang blant kvite arbeidarar, og ein kan hevde at det var akkurat dette som sikra han sigeren. Men på landsbasis var ikkje endringa stor frå 2012.
Utdanning
Når demokratane har langt større oppslutnad blant amerikanarar med låg inntekt, kva kjem det da av at media så ofte framstiller Trump som favoritten til amerikanske arbeidsfolk, eventuelt «slitarane» eller «taparane i globaliseringa», medan demokratane blir framstilte som partiet til eliten? Ein openberr grunn er utdanningsprofilen til veljarane. I 2016 vann Hillary Clinton suverent blant veljarar med høgare utdanning, med 57 prosent mot Trumps 36 prosent. Også denne tendensen var vore klar i mange år: Stadig fleire av dei høgt utdanna i USA røystar på demokratane.
Men utdanningsnivå samsvarer ikkje alltid med inntektsnivå, som statsvitarane Nicholas Carnes og Noam Lupu har peika på i ein artikkel i Washington Post. Av dei kvite utan høgare utdanning som røysta på Trump, hadde nesten 60 prosent inntekt over medianen i USA. Soga om at «vanlege arbeidsfolk» gav Trump sigeren i 2016, er berre ein myte, slår Carnes og Lupu fast. Oppslutnaden hans var langt større i mellomklassen og blant velståande amerikanarar enn blant lågtlønte og fattige.
Proteksjonisme
Når så mange likevel har kjøpt historia om Donald Trump som forkjempar for slitarane, kan det òg ha med retorikken hans å gjere. Sidan han gjekk inn i politikken, har Trump konsekvent kritisert globalisering og frihandelsavtalar, og som kandidat lova han å føre ein proteksjonistisk politikk, hente heim att arbeidsplassar og atterreise amerikansk industri. Sidan dette var så viktig i valkampen til Trump, verka det ikkje urimeleg å tenkje at det gav han oppslutnad blant arbeidarveljarar.
Også folk på venstresida i Noreg såg sigeren til Trump i lys av desse lovnadene. «Arbeidsfolk over hele USA har satt den amerikanske makteliten i Washington og på Wall Street i New York skikkelig på plass», skreiv Svein-Yngve Madssen i LO-aktuelt rett etter valet i 2016, og hevda at arbeidarklassen i USA «er i dag konservativ». Men den påstanden gjev berre meining om ein avgrensar «arbeidarklasse» til å tyde «kvit arbeidarklasse». Og det blir for snevert. Særleg blant dei lågast lønte i USA er afroamerikanarar og folk av latinamerikansk bakgrunn sterkt overrepresenterte – og dei er unekteleg arbeidarar, dei òg.
Framandfrykt
Medan valsigeren til Trump verken kan forklarast med inntekta til veljarane hans eller med uroa deira over sin eigen økonomiske situasjon, syner andre variablar eit mykje klarare bilete. Trump fekk 54 prosent av alle dei kvite røystene og Clinton 39 prosent, han fekk 52 prosent av mannsrøystene medan ho fekk 41 prosent, og Trump gjorde det langt betre i dei eldste veljargruppene enn i dei yngre.
Når det gjeld røystemønsteret blant kvite arbeidarar i USA, synte ein stor studie utført for The Atlantic i 2017 at det særleg var tre faktorar som disponerte desse veljarane for å røyste Trump i 2016: Den første var graden av identifikasjon med Det republikanske partiet, rimeleg nok. Den andre var frykt for utanlandsk påverknad og kjensla av å vere ein framand i sitt eige land. Og den tredje viktigaste var haldninga til deportasjon av ulovlege immigrantar. Økonomi nådde altså ikkje opp. Framandfrykt ser ut til å ha vore mykje viktigare.
Rase og identitet
Når alt dette er sagt: Endringane i røystemønsteret i USA over tid underbyggjer noko av kritikken frå forfattar Thomas Frank og andre som skuldar Det demokratiske partiet for å ha svikta mange gamle kjerneveljarar. Det demokratiske partiet har gjort stor framgang blant høgt utdanna og relativt velståande amerikanarar dei siste tiåra og tapt oppslutnad blant kvite arbeidarar. Sidan Ronald Reagan-epoken tok til i 1980-åra, har republikanarane og demokratane eit stykke på veg bytt veljarmasse. Mange kvitsnippar har gått til demokratane, mange arbeidarar har gått til republikanarane. Samstundes har demokratane halde på oppslutnaden blant minoritetane i USA.
Med den intense polariseringa og identitetspolitikken som berre ser ut til å bli viktigare i USA, verkar det gamle visdomsordet frå Bill Clinton-kampanjen i 1992 –?«det er økonomien, din tosk» – håplaust utdatert. Det gjev meir meining å vri på eit sitat frå statsvitaren Stein Rokkan: Økonomi tel, men rase og identitet avgjer.
Storparten av veljarane til Trump i 2016
var ikkje lågtlønte.
Presidentval
Det var ikkje dei lågast lønte i USA som gav Donald Trump sigeren i presidentvalet i USA i 2016
Det året vann Hillary Clinton med 12 prosentpoengs margin blant dei med hushaldsinntekt under 30.000 dollar i året
Donald Trump fekk flest røyster blant dei med årleg hushaldsinntekt over 50.000 dollar
To tredelar av Trump-veljarane hadde inntekt over medianinntekta i USA