CO2-rekning utan vert
«Vi skal sleppa fri den unike skaparkrafta i kapitalismen, som kjem til å få ned kostnadene ved å verta grøn», seier Boris Johnson. Det er ikkje sikkert at kapitalismen har den skaparkrafta.
Statsminister Boris Johnson poserer ved eit solpanel, med Carland Cross vindturbinpark i bakgrunnen i Newquay i Cornwall i juni.
Foto: Jon Super / AP / NTB
Statsminister Boris Johnson poserer ved eit solpanel, med Carland Cross vindturbinpark i bakgrunnen i Newquay i Cornwall i juni.
Foto: Jon Super / AP / NTB
Energi
Jon@dagogtid
Storbritannia har lagt fram ein plan framføre klimatoppmøtet i november i Glasgow. Planen heiter Net Zero Strategy (NZS): Build Back Greener. Planen er oppskriftsboka for korleis Storbritannia skal få netto nullutslepp av klimagassar i 2050. Det er den fyrste konkrete planen lagd fram av eit stort vestleg land om korleis klimanøytralitet skal gå føre seg. Storbritannia var òg det fyrste i-landet som i lovform, i 2019, forplikta seg til å verta klimanøytralt innan 2050.
Det fyrste lesaren møter, er eit føreord av statsministeren, Boris Johnson. Han lover at den grøne overgangen kjem til å vera heilt uproblematisk, og at britane vil få det mykje betre og verta mykje rikare: «Vår strategi for klimanøytralitet er å leia verda gjennom å slutta med menneskeskapte tilskot til klimaendring, og det skal vi få til ved å skapa det største prosjektet for arbeidsplassar og velstand sidan den industrielle revolusjonen.»
Kva har han å seia til alle dei som seier at ein plan for nullutslepp kan verta dyr og er særs vanskeleg? «Vår plan viser at vi kan byggja ei grøn framtid, og det utan så mykje som ei einaste striskjorte i syninga. (…) Ja, ikkje berre det: Når vi viser verda at klimanøytralitet heilt klart kan gjennomførast, vil land som Kina og Russland fylgja vår leiing og ynskja klimanøytralitet i takt med at prisane går ned og grøn teknologi vert den globale norma.»
I planen er det nok av konkrete mål, fram til 2030 og 2035, men for tida etterpå er det litt tynt, utover at britane altså ikkje skal koma med nettoutslepp i 2050. Alle framskrivingar og tabellar sluttar i 2037. Åra etterpå overlèt politikarane til etterkomarane og det dei vonar er nye teknologiar.
Det inneber ikkje at denne regjeringa og komande britiske regjeringar skal gjera lite no. I 2030 skal utsleppa ha gått ned med 68 prosent samanlikna med 1990. Noregs mål er 50 prosent, men vi vil prøva å nå 55. Storbritannia seier i tillegg at kraftforsyninga skal vera heilt CO2-fri innan 2035. Der er Noreg alt framme.
Ei åtvaring: Det kjem til å verta mykje TWh i denne teksta, 1 TWh er 1 milliardar kilowattimar.
Noreg
Storbritannia nyttar i dag knapt 2000 TWh primærenergi samla. For å setja det heile i perspektiv og gjera saka litt meir forståeleg for norske lesarar kan vi samanlikna Storbritannia med Noreg. Vi bed igjen om orsaking for at det kjem ein del tal.
På fastlandet i Noreg nytta vi i 2018 til saman 235 TWh. 135 av desse kom frå vass- eller vindkraft, knapt 78 TWh kom frå fossile kjelder. Det resterande er for det mest bio, stort sett ved, som var 13,7 TWh og ikkje tel med i klimarekneskapen. Og så hadde vi noko fjernvarme, som stort sett er boss eller biomasse, og som var på 6 TWh.
Det viktigaste vi treng å vita, er at stort sett alt av straum og bygningsvarme i Noreg er fossilfritt, og at denne straumen og varmen stort sett kjem frå ei stabil kjelde, magasinkraft. Berre 33 prosent av energibruken på fastlandet i Noreg kjem frå fossile kjelder. Det same talet for Storbritannia er 85 prosent.
Her lyt vi vidare hugsa at statistikken vi hentar tala frå, dei litt kompliserte reknearka som er vedlegg til NZS-rapporten, opererer med bruttotal. Når ein brenner gass, primærenergi, kjem om lag 45 prosent av energien i den opphavlege gassen fram til stikkontakten. Resten av energien frå gassen vert spillvarme, som i Storbritannia vert nytta til oppvarming av bygningar. Men hugs altså at vi her snakkar om primærenergibruk.
Vi veit alle at britane produserer store mengder vindkraft, ikkje sant? Vel, i 2019 produserte vindkrafta 55 TWh – det same som atomkrafta. Samla primærenergi nytta til straum var på 555 TWh. I tillegg kom ein nettoimport på 22 TWh. Dette gav ein nettoproduksjon av straum på 270 TWh og eit straumkonsum på knapt 300 TWh.
Dei to andre store kjeldene for straumproduksjon ved sida av atomkraft og vind var gass og ved. Storbritannia har bygd om Vest-Europas største kolkraftverk, Drax i Yorkshire, til å nytta ved, som dei importerer frå Nord-Amerika. Korkje USA eller Canada tel med ved i utsleppa sine, heller ikkje det dei høgg til eksport. Dei tel berre utsleppa frå hogsten. Difor kan dei eksportera tre til Storbritannia eller EU, som heller ikkje tel fyring med ved. Dimed kan Storbritannia nytta 130 TWh ved, og det sjølv om vedbrenning skaper mykje større CO2-utslepp enn kolbrenning.
Mest gass
Den klart største straumkjelda er gass. Dei nytta 273 TWh, men igjen lyt vi hugsa at vel halvparten av energien går tapt når gass vert konvertert til straum. 273 TWh gass gjev 123 TWh straum. Men overskotsvarmen frå straumproduksjon av gass går altså til oppvarming av bygg. Det gjekk med berre 22 TWh kol i 2019, og kol skal fasast heilt ut dei neste par åra.
Både gass og ved er ein relativt ny del av straummiksen i Storbritannia. Før vart heile tilskotet dekt av kol. Storbritannia har makta å redusera klimagassutsleppa med 44 prosent sidan 1990. Det har dei i hovudsak fått til gjennom å leggja ned tungindustri – Kina er produksjonslandet for Vesten – og erstatta kol med gass og ved. Men desse kjeldene er no langt på veg tømde som ein enkel måte å redusera utslepp på. Det er knapt kol att som dei kan erstatta.
Ja, dei kunne ha brent endå meir importert ved, men etter kvart er motstanden mot stadig aukande brenning av importert tre vorten så stor – trepellets er reelt sett ei CO2-kjelde og fører til store miljøøydeleggingar – at parlamentet har gjeve etter. Dei har vedteke ikkje å auka importen av tre. I tillegg har parlamentet vedteke ei storstilt nyplanting av tre for å fanga CO2.
Kol for gass
Då britane oppdaga at dei hadde gass og olje i 1960-åra, byrja eit av dei store infrastrukturprosjekta i britisk soge. Mellom 1968 og 1972 vart nesten alle heimar ustyrte med gasskjelar, og kol- og koksomnane vart fjerna. Dette gav stor helsevinst. Kol og koks gjev særs dårleg luftkvalitet. Difor nyttar no Storbritannia 377 TWh gass til direkte oppvarming av bygg. I tillegg kjem 103 TWh gass som vert nytta til industriprosessar.
Om vi reknar med kor mykje gass som går til straum, direkte oppvarming, spillvarme og industri, står vi attende med 760 TWh frå gass.
Ja, det vart frykteleg mykje tal, dette, men dei seier noko om utfordringa Storbritannia står andsynes. Strategien Storbritannia har tenkt å taka i bruk for å nå måla, er elektrifisering. I dag har Storbritannia eit nettoforbruk på knapt 300 TWh med straum. Noreg åleine produserer meir enn halvparten av straumforbruket i Storbritannia, og det gjer vi nesten utan energitap. Ein god vassturbin får ut vel 90 prosent av energien som er i vatnet. Britane må altså nytta 273 kWh med gass for å sitja att med 123 kWh straum. Dei må nytta utruleg mykje meir energi enn vi for å nå måla sine.
Tre scenario
Dei har laga seg tre scenario i NZS for 2050: høg elektrifisering, høg ressursbruk og høg innovasjon. Men dei spesifikke utrekningane for desse går berre fram til 2037. Høg elektrifisering er den norske løysinga: å laga massivt med straum. Då skal 258 TWh koma frå atomkraft i 2050, mot 56 i dag. Høg innovasjon er eit slags mellomscenario der ein bruker litt mindre av alt. Men også der skal det produserast mykje straum, til dømes 134 TWh frå atomkraft. Også i høg ressursbruk-scenarioet skal det skapast mykje meir straum, men berre 98 TWh frå atomkraft. For der skal ein i tillegg satsa tungt på hydrogen, som, hald dykk fast, i stor mon skal lagast frå naturgass, men der CO2-en skal fangast.
I høg ressursbruk-scenarioet har dei tenkt å nytta 432 TWh frå gass og fanga alle utsleppa i 2050. Alt dette skal gå til å laga 372 TWh hydrogen, og minimum 270 av desse skal koma etter 2037. I dag produserer Storbritannia 27 TWh hydrogen, alt frå gass. I tillegg har dei tenkt å nytta 58 TWh gass til straum i 2050, der utsleppa skal fangast og lagrast. Då snakkar vi om 490 TWh med gass samla i 2050. Fossil-Noreg får heia på høg ressursbruk-alternativet.
Ja, og igjen: Dei oppgjev måla for 2050, men dei har altså berre framskrivingar for korleis dei skal få til ting fram til 2037. I 2037 ser dei føre seg at dei har fanga anten minimum 15 millionar tonn eller maksimalt 44 millionar tonn CO2, men då frå alle typar utslepp: industri, landbruk, avfall og så vidare. Dei samla utsleppa frå Storbritannia i 2020, eit år med låg aktivitet på grunn av covid-19, var på om lag 420 millionar tonn klimagassar. Null av desse tonna vart fanga.
Industrien
Kva med industrien? Han låg i 2020 på 72 millionar tonn utslepp. I 2037 kan utsleppa verta på 24 millionar eller 8 millionar tonn, syner framskrivingane. 2037 er som sagt det siste året regjeringa vågar å koma med predikasjonar for, men utfallsromma dei gjev seg sjølv, sprikjer mykje.
Det gjeld ikkje berre for industrien, men for alle sektorane av økonomien. Det er to grunnar til at tala sprikjer slik, seier regjeringa: Det eine er at dei vil overlata utviklinga til marknaden. Dei vil ikkje driva med mikrostyring. Og det andre er at dei ikkje kjenner alle teknologiane som kan koma i framtida.
Kjem den private sektoren til å stilla opp? Nokre som fryktar at han ikkje gjer det, er det britiske finansdepartementet. Dei snakkar om problemet med «fallande avkasting ved aukande investeringar» i eit dokument dei har skrive i samband med Johnsons NZS. Planen til Johnson har ikkje veldig mange pengesummar, men forfattarane trur at om straumproduksjonen skal verta fossilfri – samstundes som han skal sterkt opp – kjem det til å krevja ein stad mellom 3,4 og 4,8 billionar kroner fram til 2035.
Kva er det finansdepartementet er redde for kan henda i eit slikt scenario? Jau, alt i dag er det slik at når vinden blæs på og utanfor Storbritannia, går prisen på all kraft mot null. Det vert produsert for mykje vindkraft til at marknaden kan taka mot alt saman.
I dag produserer Storbritannia 55 TWh i vindkraft. Dei tre scenarioa har alle det til felles at dei skal produsera mykje vindkraft, ein stad mellom 433 til 542 TWh i 2050, og det meste må koma før 2035, sidan det skal vera null utslepp frå kraftforsyninga då. Då har ikkje prisen mange andre stader å gå enn til null, fryktar økonomane i finansdepartementet.
Mykje kraft
Skjer dette, kjem Nord-Europa til å flyta over av kraft. Det er svært vanskeleg å sjå føre seg at marknaden kan finansiera så mykje vind. I tillegg skal Storbritannia heilt sikker byggja eitt nytt stort atomkraftverk og truleg ei rekkje miniatomkraftverk. Det denne nye atomkrafta har til felles, er at ho skal hjelpa til ved etterspurnadstoppar og vera såkalla «avansert», som er eit anna ord for fleksibel, noko ho må vera sidan ho skal hjelpa til når vinden ikkje blæs og ved stor etterspurnad.
Korleis kan atomkraft hjelpa til med å vera fleksibel? Jau, det kan moderne atomkraftverk vera gjennom at ein slepper mindre vassdamp inn i turbinane – mindre damp vil seia mindre produksjon. Ved fyrste tanke høyrest kanskje dette fornuftig ut. Men det er slik at atomkraft er dyr å byggja og billig å driva. Når ein reaktor står ferdig, står han der og går med full kapasitet. Får han mindre damp, ja, så kjem det ut færre kilowattimar, men investeringskostnaden er den same. Ein atomreaktor på ein atomubåt vert gjerne etterfylt med drivstoff kvart 30. år. Resten av tida går han. Når ein atomubåt ligg til land, går framleis reaktoren. Den einaste skilnaden er at ein ikkje nyttar energien til framdrift. Varmen forsvinn ut i sjøen.
Av nettet
Om atomkraft skal vera fleksibel og generera straum når vinden ikkje blæs, inneber ikkje det noko anna enn at atomkrafta er kopla på nettet. Når vinden derimot blæs og vindkrafta skal ut på nettet, står atomkraftverka der, fråkopla eller med mindre damp, og produserer mindre straum enn dei kunne, og utan å få betalt av marknaden, som ikkje nyttar den straumen atomkrafta kunne ha gjeve. Kostnadene for dei som skal eiga atomkraftverka, vert sjølvsagt stor når dei ikkje kan produsera frå det dei har investert i.
Då hadde det kanskje vore betre å byggja ut mindre vind og produsera maksimalt med atomkraft når ein fyrst har teke atomkraftinvesteringa. Det både vind- og atomkraft har trong for, om ein skal få maksimalt ut av investeringane, er ei balansekraft som kan slåast av og på. Den perfekte balansekrafta er magasinkraft.
Eigarane av magasin tapar ikkje noko på å halda att vatn når prisen er låg. Vatnet kan haldast att til prisen og etterspurnaden er høg. Men atomreaktorar som i alle høve må stå og gå utan at krafta vert seld, fører til tapte pengar for investorane. Og store vindinvesteringar fører som sagt også til at prisen på vindkraft vert lægre etter kvart som vindturbinane vert fleire.
Det britiske finansdepartementet er sjølvsagt klar over dette. Dei veit at di meir vindkraft som kjem, og di meir atomkraft som kjem, di mindre lønsamt vert det heile. Og når finansmarknaden ikkje får avkasting, investerer han heller ikkje. Dimed må staten på eit eller anna vis gje utbyggjarar av både atom- og vindkraft ei eller anna form for avkastingsgarantiar.
Ja, det er mykje snakk om hydrogen i NZS, men å skapa ein fleksibel forsynings- og balansesituasjon med vind og atomkraft er ikkje lett, særleg sett i lys av at dei to kraftformene kannibaliserer verdiane for kvarandre. Og utan ein stabil forsyningssituasjon vert det vanskeleg å laga hydrogen.
Klaging
Vindkraftbransjen i Storbritannia er klar over problema. SSE, ein av dei store vindparkeigarane i Storbritannia, kom i juli med ein rapport der dei peika på paradokset at di meir vindkraft ein får, di mindre lønsam vert all vindkraft. Dei spådde at prisen på vindkraft ville halda fram med å gå ned, «ofte til null».
Det er også slik at vindutbygginga til havs som den britiske regjeringa no auksjonerer bort, berre gjev subsidiar i femten år, sjølv om vindturbinane varer i minst tjue. Dimed kan vindfarmar verta lukka lenge før tida, sidan «dei ikkje vil få tilstrekkeleg avkasting til å dekkja høge faste utgifter», skriv SSE.
Det same problemet kjem altså atomkraftverka til å møta. Dei må produsera mindre eller null når vinden er på sitt beste. Klimanøytralitet på basis av ein fri marknad med mykje vind verkar, for å seia det mildt, litt vanskeleg.
Godt for Noreg?
Alle land Noreg har sjøkablar til, har elles store planar om meir vindkraft, særleg til havs, Danmark, Nederland, Tyskland og Storbritannia. Eit spørsmål ein kan stilla seg, er kvifor Noreg også skal byggja havvind når grannelanda våra etter alt å døma får eit stort vindkraftoverskot dei har trong for å eksportera.
Det britiske finansdepartementet er også uroleg for kva den nye strategien kjem til å gjera med dei offentlege skatteinntektene når staten ikkje lenger kan taka inn avgifter på fossile kjelder: «Om det kjem framlegg til auka utgifter i framtida, kan regjering måtte vurdera å endra eksisterande skattar og finna nye kjelder til inntekter gjennom heile den grøne vendinga», skriv dei.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.