🎧 Som fanden les Bibelen
Demokratiet endrar seg, og vi godtar
at det ikkje lenger finst noko som heiter rimeleg usemje.
Kvifor var det ikkje legitimt for justisminister Jøran Kallmyr å peike på menneskehandel og kriminalitet som ein del av biletet?
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Kvifor var det ikkje legitimt for justisminister Jøran Kallmyr å peike på menneskehandel og kriminalitet som ein del av biletet?
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
På ei togreise frå Trondheim til Oslo vart eg sitjande ved sida av ein godt vaksen sivilingeniør. Me kom i prat og var gjennom alle dei betente temaa i samfunnsdebatten før toget rulla inn på Oppdal stasjon: klimaspørsmål, skulestreik, vindmølleparkar og forureinande elbilar, og dinest innvandring, islam, svenske tilstandar og somaliske gutegjengar i Oslo. Medpassasjeren min meinte at media skjuler sanninga, og at politikarar og kommentatorar set ideologi framfor realitet. Konklusjonen var at det er noko riv ruskande gale med samfunnsdebatten.
Polarisering
Vaksne menneske har tankar om kva som skal til for å byggje eit stabilt og godt samfunn. Og dei har sjølvsagt tankar om kva som riv det ned. Så kvifor kan me ikkje diskutere desse sakene på ein ordentleg måte i det offentlege ordskiftet?
Ja, kvifor kan me ikkje det? Om menneske er eit vesen som søkjer å forstå, og målet med politikken er gjennom diskusjon å kome fram til det beste for fellesskapet, då står usemje og argumentasjon sentralt i eit demokrati. I så fall er det trekk ved dagens debattklima som er fundamentalt antidemokratiske.
Ein av grunnane til dette er polarisering. Med ein gong ein ytrar noko, vert ein plassert i ein bås og tillagd meiningar ein ikkje har. Det fekk kommentator Anders Giæver i VG merke. Då han for litt sidan skreiv på Facebook at han bekymra seg for Greta Thunberg, og ikkje la seg ned i nasegrus hylling, måtte han stå skulerett i Dagsnytt atten.
Thunberg er her berre eit døme. Poenget mitt er at det knapt er mogeleg å ytre seg nyansert lenger. Dynamikken i den offentlege samtalen har vorte den same som i sosiale medium. Ein får anten tommel opp eller tommel ned. Det finst berre to sider.
Høglydt og tonedøvt
Har me gløymt kva det er å diskutere? Det er mykje som tyder på det. Samfunnsdebattane har vorte både høglydte og tonedøve. Debattklimaet er rigga slik at me berre høyrer våre eigne stammehyl og ikkje lyttar til motparten. Kva er det me gjer gale?
Den fyrste feilen er å byrje med eit forvrengt bilete av motparten. Ei slik forvrenging kjem endå meir på vranga i dei sosiale media, der me ytrar oss i vårt eige ekkokammer. (Eg vil jo helst ikkje vere ven med nokon som har heilt galne meiningar, då kunne folk tru at eg meiner det same sjølv.) Slik vert bileta av meiningsmotstandarane forma av folk med same oppfatning som oss sjølve. Skildringane i ekkokammera, i mange tilfelle karikering av motstandarar, signaliserer at folk på den andre sida ikkje eingong er verde å lytte til. I det norske ordskiftet vert det såleis ikkje langt frå ekkokammera til ønsket om no-platforming: praksisen med å nekte å gje talarstol til dei ein er ueinig med.
Konsekvensane av dette er at demokratiet endrar seg, og at vi godtar at det ikkje lenger finst noko som heiter rimeleg usemje. Demokratiet vert såleis ikkje angripe utanfrå, men innanfrå.
Lat oss sjå på to døme frå debatten i haust: Begge tolkar motstandaren som fanden les Bibelen. Sjølv om desse døma er henta frå den politiske venstresida, finst slike døme sjølvsagt på båe sider.
Karikert
I Dagbladet 5. september 2019 skaut professor i teologi Sturla Stålsett ei salve mot regjeringa («Ekstreme holdninger pakkes inn som norske verdier»). Bodskapen i kronikken var at ekstreme haldningar kan føre til ekstreme handlingar. Konteksten kan ikkje ha vore noko anna enn terroråtaket i Bærum i august, der ei jente vart drepen og ein moské vart angripen.
For at Stålsett skulle kome fram til konklusjonen sin, synte han til – eller rettare sagt: han karikerte – haldningane regjeringa har til bergingsaksjonane i Middelhavet: «En folkehelseminister som beskylder leger for å stå i ledtog med menneskesmuglere. Og med stolthet lover å slå hånda av flyktninger i nød. En justisminister som må presisere at han faktisk ikke mener at druknende flyktninger skal overlates til sin sikre død. De må bare ikke fraktes hit. En finansminister som insisterer på å kaste konspiratoriske mistanker over en minoritetsbefolkning, når den samme befolkningen er angrepet av terror.»
Han skildra også statsministeren og KrF, før han konkluderte med at dette ikkje berre var stussleg, men djupt urovekkande, fordi «det normaliserer det ekstreme. Vi visste det godt; vi har sett det igjen: Ekstreme holdninger kan føre til ekstreme handlinger. Handlinger som påfører andre skade og ufrihet, og voldelig død».
Stålsett hoppar her glatt bukk over at ulike synspunkt er relevante. Kvifor var det ikkje legitimt for ministeren å peike på menneskehandel og kriminalitet som ein del av biletet? Vart det for komplisert? For kven?
Men er det rett av Stålsett å indikere implisitt at den norske regjeringa har ansvaret for terroren i Bærum?
Han har full rett til å vere ueinig med politikken til regjeringa. Men korleis meiner han det er mogeleg å ha ein samtale om folk berre ropar påstandar og skuldingar mot kvarandre? Særleg av ein slik grov karakter som at regjeringa står for ekstreme haldningar som fører til terror?
Sterke skuldingar
Det andre dømet er ein kronikk i den britiske avisa The Guardian 16. september 2019 med tittelen «Noreg fornektar trusselen frå høgreekstremistisk vald» («Norway is in denial about the threat of far-right violence»), der sosialantropologen Sindre Bangstad kjem med fleire sterke skuldingar.
Som hos Stålsett i Dagbladet var det heller ikkje her rom for motargument. Men endå meir påfallande var den betrevitande ståstaden Bangstad tok. Det var som om han hadde fått mandat til å forklare for eit internasjonalt publikum korleis det står til i Noreg.
Bangstad meiner at nordmenn fornektar at Noreg har mykje rasisme, og at me etter terroråtaket i 2011 gjorde Breivik (med 77 drap på éin dag på samvitet) til noko eksepsjonelt. Dette forklarar Bangstad med at «det er eit trekk ved norsk sjølvforståing at rasisme alltid er noko som råkar andre stader og til andre tider». Han opplyser lesarane av The Guardian om det at trass i dette er eit faktum at terroråtak i moderne norsk historie i overveldande grad er blitt utførte av høgreekstremistar.
Premissen til Bangstad er at det er ein klar samanheng mellom det norske samfunnet og dei norske terroråtaka (2011 og 2019). Det handlar ikkje minst om manglande sjølvinnsikt, om media og om politisk makt.
Bangstad peikar på at norske redaktørar etter 2011 såg liten grunn til endring og heldt fram med å «pushe» eit endå meir fritt ordskifte som løysinga på det høgreekstremistiske hatpratet. Han gjer ikkje noko forsøk på å forstå synspunkta til redaktørane eller motivasjonen deira. Det einaste som liknar ei forklaring, er bisetninga som seier at dei fleste redaktørane, som han sjølv, altså, er kvite, privilegerte og mannlege frå middelklassa. Kva denne opplysninga måtte insinuere, får lesaren spekulere i sjølv, men konsekvensen er iallfall, ifølgje Bangstad, at redaktørane legg til rette for muslimhat i media.
Høgreekstremt hat
Det høgreekstreme hatet tyt ikkje berre fram i media, men òg i politikken. Bangstad introduserer Framstegspartiet for dei internasjonale lesarane som partiet der Breivik sjølv har vore medlem. Det er jo ein introduksjon som er eigna til å svartmåle kven det skulle vere.
Han held fram på same viset når han omtalar regjeringa. Her har ein av ministrane rett og slett oppmoda europeiske styresmakter om å late migrantar og flyktningar drukne i Middelhavet. Stemmer det, eller er det slik Bangstad tolkar politikken til Jøran Kallmyr?
Mitt poeng er her ikkje å forsvare Frp. Sylvi Listhaugs politiske retorikk har tidlegare stått til stryk. Med bilete av båtflyktningar og jihadistar piskar ho opp eit alt opprørt vatn.
Men hos Bangstad er det som om det ikkje finst andre forklaringar på regjeringspolitikken enn hat.
Når Bangstad kommenterer vidare at vi lever i ein «age of anger», og at dei aller sintaste er unge, kvite norske menn som ikkje taklar å misse privilegia til kvinner og immigrantar, då kan eg ikkje late vere å undrast over kva slags aggresjon han sjølv lir under.
Hovudbodskapen i tiraden til Bangstad er at norske politikarar ikkje tar rasisme og høgreekstremisme på alvor. I etterkant av kronikken peikte Thomas Hegghammer ved Forsvarets forskingsinstitutt på ei rekke feil ved Bangstads påstandar på Twitter. Han synte også til undersøkingar gjorde av forskingssenteret Pew, som syner at nordmenn, nest etter nederlendarar, er dei minst rasistiske i verda.
Dersom Stålsett og Bangstad ønskjer å polarisere samfunnsdebatten endå meir, er dei på rett spor med retorikken sin. Kva om dei heller kunne bidra til ein konstruktiv samtale om korleis me byggjer eit godt og stabilt samfunn?
Eivor Andersen Oftestad er forfattar og forskar ved MF vitenskapelig høyskole.
Dynamikken i den offentlege samtalen har vorte den same som i sosiale medium. Ein får anten tommel opp eller tommel ned.