Antisemittisme i endring
Identitetspolitikken kan reinvaske antisemittismen.
75 år etter holocaust er jødehatet tilbake på scena. Under konferansen International Forum on Holocaust Remebrance i Malmö 13. oktober valde Stadsbiblioteket å dekke til bøker om jødisk historie som var utstilte i vindauget, i frykt for antisemittisk åttak.
Foto: Läserbild
75 år etter holocaust er jødehatet tilbake på scena. Under konferansen International Forum on Holocaust Remebrance i Malmö 13. oktober valde Stadsbiblioteket å dekke til bøker om jødisk historie som var utstilte i vindauget, i frykt for antisemittisk åttak.
Foto: Läserbild
I Noreg er vi stadig opptekne av å avdekke nye sider av antisemittisme før og under andre verdskrigen. Å granske fortida er naudsynt, men endå betre er det om det kan føre til eit nytt blikk på vår eiga tid. Kva form har antisemittismen i samtida, kva er det vi overser og difor ikkje erkjenner sjølve?
Ein viktig premiss er at antisemittismen endrar seg. Som eit virus har avvisinga av jødane mutert gjennom historia. Korleis viruset muterer, er difor viktig å forstå.
Tre mutasjonar
Den britiske filosofen og sjefsrabbinaren Jonathan Sacks, som døydde i fjor, peika på tre typar mutasjonar. Den fyrste handlar om form. I mellomalderen var det religionen som var årsak til at jødane ikkje vart rekna som likeverdige. Frå slutten av 1800-talet var dei hata på grunn av rase, og i dag vil mange seie at ein ny antisemittisme handlar om å avvise jødanes rett til ein eigen stat. Det siste kjem eg tilbake til.
Ein annan mutasjon handlar om at episenteret er flytta. Medan den gamle antisemittismen hadde utspring i Europa, kjem han i dag frå Midtausten, trigga av islamisme og uttrykt ikkje minst av innvandrarar til Vesten.
Den tredje mutasjonen er den mest ubehagelege, ifølgje Sacks. Nett difor er han kanskje også viktigast. Han handlar om korleis antisemittismen vert legitimert. No er det ikkje stuereint å vere antisemitt. Men det treng ein korkje å vere seg bevisst eller å utbasunere, for avvisinga av jødane vert til kvar tid rettferdiggjort ved å vise til dei høgste autoritetane i samtida. Slik vert han heilt logisk akseptert og kan gå under radaren.
Menneskerettar
I mellomalderen var kristendomen den høgste autoriteten, difor var antijudaismen teologisk legitimert. På 1800-talet var det vitskapen som gjaldt, og grunngjevinga låg i sosialdarwinisme og raseteori. I dag er det menneskerettane som er høgste autoritet. Ifølgje Sacks forklarar dette kvifor Israel gjennomgåande vert skulda for dei verste brota mot menneskerettane: rasisme, apartheid, etnisk reinsking og folkemord. Den nye antisemittismen kjem til uttrykk på politisk vis, gjennom synet på Israel som ein rasistisk fundert stat utan rett til eksistens.
Modellen der antisemittisme muterer som eit virus, har opplagt noko for seg. Men viss vi skal forstå dagens antisemittisme, er det også her det vert vanskeleg. For kor går grensa mellom legitim israelskritikk og jødehat? Dei fleste er einige om at det er ei viktig grense, men diskusjonar om kor grensa går, endar som regel i sirkel med påstandar frå begge sider.
I staden for å stå i stampe i dette spørsmålet, der det er opplagt at ulike briller gir ulike svar, er ein annan inngang å spørje kva som skjer når kritikken av Israel smeltar saman med nye toneangivande rørsler i samtida. Eit konkret og høgst aktuelt spørsmål er kva som skjer når israelskritikken møter den såkalla wokerørsla.
Jødehat
Då konflikten mellom Israel og Palestina eskalerte i vår, vella jødehatet fram både i Europa og USA. Det handla om åtak på jødar, vandalisering av synagogar, brenning av israelske flagg, jihadistiske slagord og valdelege samanstøytar med politiet.
75 år etter holocaust er jødehatet i skremmande grad tilbake på scena. Ingen siviliserte menneske, korkje på høgre- eller venstresida, vil forsvare dette, men samstundes har det jødehatet som er motivert av situasjonen i Midtausten, tradisjonelt hatt ei viss forståing hos radikale kritikarar av Israel. For viss staten Israel driv systematisk undertrykking og ikkje er legitim, er det aggressive jødehatet som tyter fram gjennom arabisk raseri, både i Midtausten og Vesten, ein forståeleg emosjonell reaksjon, ikkje irrasjonell antisemittisme. Då vert det naturleg nok lettare å teie stille når det vert ropt «død over jødane» i demonstrasjonar.
Eg har ikkje vanskar med å forstå at ein kan kome med kraftig kritikk av Israel utan å vere antisemitt. Kritikk av den uakseptable busettingspolitikken er eit godt døme. Men kva skjer når kritikken, og særleg forklaringa av jødehatet, vert tilpassa nye generasjonar prega av wokerørsla? Som ein ekstra dimensjon kjem tida – dei neste generasjonane vil ha langt svakare minne om holocaust og folk som opplevde holocaust. Det i seg sjølv gir ei ny dynamikk.
Offerstatus trumfar
Det å vere woke handlar om å vere bevisst strukturell urettvise og vere på vakt mot krenking og diskriminering. I lys av wokeideologien, der det ikkje minst handlar om å avsløre privilegium, fell jødane fort langt ned på rangstigen. Når offerstatus gjev moralsk autoritet, vil offerstatusen til palestinarane trumfe jødanes erfaring. Jødane er ikkje berre meir privilegerte, men er det også på kostnad av andre.
Ifølgje denne logikken er dei ikkje lenger holocaustoffer, men mektige, privilegerte og aggressive, og Israel vert prototypen på undertrykkar, rasist, apartheidstat og eit land som ikkje fortener å eksistere. Ettersom rasisme, ifølgje wokeideologien, råkar dei som ikkje er privilegerte, kan den antirasistiske kampen viske ut medvitet om antisemittismen. Eit tydeleg eksempel var oppropet Black Solidarity Statement for Palestine (2015), som manar til sameint kamp mot «anti-blackness, white supremacy and Zionism».
Enten ein meiner at underkjenning av Israels eksistensrett er legitim israelskritikk eller ein ny antisemittisme, er det all grunn til å følge med. Identitetspolitikkens ambivalens overfor jødisk identitet kan, når han smeltar saman med den radikale israelskritikken, raskt utvikle seg til ei trugande og valdeleg makt. For å parafrasere den ungarsk-kanadiske sosiologen og kommentatoren Frank Furedi, som er vel verd å lytte til: Identitetspolitikk kan verte mediet som reinvaskar tilbakekomsten av det gamle hatet mot det jødiske folket.
Eivor Andersen Oftestad er førsteamanuensis ved Institutt for humanistiske fag ved Høgskulen i Innlandet
og fast skribent i Dag og Tid.
I lys av wokeideologien, der det ikkje minst handlar om å avsløre privilegium, fell jødane fort langt ned på rangstigen.