Donald Trump frikjenner seg sjølv
President Donald Trump og venene hans – som er fleire enn mange vil tru – kosta på seg ein sigersrunde etter at eit kort samandrag av rapporten frå spesialgranskaren Robert Mueller vart overlevert i helga.
President Donald Trump heldt pressekonferanse utanfor Det kvite huset etter at Robert Mueller hadde lagt fram rapporten som slår fast at det ikkje finst prov på at Trump eller folk rundt han samarbeidde med russarane i valkampen.
Foto: Carlos Barria / Retuers / NTB scanpix
President Donald Trump heldt pressekonferanse utanfor Det kvite huset etter at Robert Mueller hadde lagt fram rapporten som slår fast at det ikkje finst prov på at Trump eller folk rundt han samarbeidde med russarane i valkampen.
Foto: Carlos Barria / Retuers / NTB scanpix
Mueller slo fast at det ikkje er prov for at Trump, eller folk rundt han, i 2016 samarbeidde med russarane om skitne knep mot motkandidaten Hillary Clinton. Trump, som er stolt over å ha laga omgrepet «sannferdig overdriving», velbrukt i reklamearbeidet hans som eigedomsmagnat, la for godt mål til at rapporten frikjenner han fullstendig.
Det er ei overdriving, og påstanden er ikkje meir sannferdig enn mangt anna som kjem frå mannen i Det kvite huset. For tvert imot seier Mueller at noko tyder på at Trump har lagt hindringar i vegen for rettssystemet, medan andre faktorar tyder på at han ikkje har gjort det. «Obstruction of justice» er eit alvorleg lovbrot, og denne innstillinga, «på den eine sida er det kanskje slik, på den andre sida kanskje sånn», gjer at rapporten er alt anna enn sluttstreken etter 22 månader med granskingsarbeid.
To trekk
Som om ikkje det var nok, har Trump gjort to trekk som ville ha sikra meir strid også om demokratane hadde valt å stikka pipa i sekk og setja seg på hendene sine i svart mismot – noko dei minst av alt kan ventast å gjera.
For det var ingen glad Trump som innkasserte det han definerer som ein triumf. Det er ikkje nok; han skal ha hemn over dei demokratane som sette prosessen i gang: «Dei har gjort vonde og stygge ting», sa han. Dei skal betala for det.
Det andre trekket vart helsa med gledesrop frå overraska demokratar, som fekk ein ny sjanse til å koma på offensiven. På eit møte med republikanske kongressmedlemer tysdag oppmoda presidenten til kamp for å avskaffa den helse- og trygdelova som president Obama manøvrerte igjennom i det første året sitt som president, i 2009. Utgangspunktet er ei avgjerd av ein konservativ domar i Texas. Han meiner at lova er grunnlovsstridig. Og Trump, som ikkje var dyktig nok til å bruka det fleirtalet han hadde i begge kammer i Kongressen dei to første presidentåra sine, såg ein ny sjanse. Den skal han no nytta i valkampen. Det var berre spreidd applaus frå dei stakkars republikanarane, som knapt trudde det dei høyrde.
Omdiskutert
Lova er stadig omdiskutert, det vantar ikkje på det, og ho har mange republikanske kritikarar. Men ho har stått ved lag i ti år no, og skulle ho verta avskaffa, vil helse- og trygdeordninga i USA forvandla seg til eit kaos som vil få brexit-prosessen i Storbritannia til å sjå ut som ein disiplinert, ryddig parademarsj i samanlikning. Den enklaste forklaringa på at Trump mista fleirtalet sitt i Representanthuset i november i fjor, er nett at demokratane forsvarte lova med nebb og klør og stor effektivitet.
Det gav demokratane leiarstillinga i dei viktigaste komiteane i Representanthuset. Da kunne dei setja i gang fleire granskingar etter at Mueller ikkje leverte det dei hadde vona på. Timeplanen for dei neste to åra er i så måte enkel, monaleg enklare for demokratane enn for Trump: Det vert eit svært livleg år fram til sjølve presidentvalkampen rullar i gang ved årsskiftet.
Fullt trykk
Eit vanleg spørsmål ikkje berre frå nordmenn som interesserer seg for amerikansk politikk, men frå europearar, er: Kva er det som gjer at Trump tromlar fram og trass i alle tabbar, alle overdrivingar og all kjeftbruk får sitt igjennom så ofte som han gjer? Amerikanarane har eit ord for det: firehosing. Det kan omsetjast med «bruk av brannslange», og tydinga er at motargument vert møtte med fullt sprøytetrykk (sprøyt er eit ord med mange tydingar), og motparten kjem ikkje til orde fordi han ikkje får pusta. Samstundes er Trump i stand til å snu på ein femøring og påstå at dette har han aldri sagt eller meint. Etter at Mueller-rapporten vart mildare enn Trump hadde ottast, var skuldingane om heksejakt skrinlagde, og Mueller forvandla seg til ein heiderleg mann.
Ja, han var heiderleg nok til å la spørsmålet stå ope om Trump har prøvd seg på hindringar for rettssystemet. Det la Trump ikkje merke til – i alle fall lét han seg ikkje merka med det. Saman med det demokratiske fleirtalet i Representanthuset garanterer det for nye rundar og nye omgangar.
På grensa
Så var det eit par ting dei glade optimistane i det demokratiske partiet gløymde. Ei veke før valet i november 2016 skreiv to journalistar i New York Times at Mueller, som da hadde vore i arbeid i vel fem månader, ikkje hadde materiale som tydde på at Trump og staben hans fiska etter stønad frå Russland og president Putin. At russarane hadde lagt ut agn, var det mange prov på. Men initiativet kom ikkje frå Trump-leiren, og andre folks fisketurar kan ikkje Trump skuldast for. Det andre momentet er at Trump i heile si verksemd som eigedomsmagnat alltid har balansert på grensa til det ulovlege. Men i det amerikanske rettssystemet er det svært strenge krav til bevisføring, og i samandraget av Mueller-rapporten – som er det einaste vi har sett – går mange av resonnementa på den «detaljen» at det skal førast prov for lovbrot. Det er ikkje nok med tvilsam åtferd eller rufsut moral.
Da er det tidsspille å reisa tiltale. Det var den konklusjonen Robert Mueller drog. Ein siger? På eit vis, ja. Men som Olav Duun legg til: Eit merkeleg vis, forresten.
Per Egil Hegge er tidlegare redaktør i Aftenposten, kommentator og fast skribent i Dag og Tid.
Det var ingen glad Trump som innkasserte det han definerer som ein triumf.