Urovekkande ny blanding av demokrati og autokrati
I Polen og andre stader har makthavarar – og oligarkane som hjelper dei – funne ut korleis dei kan skape ein eittpartistat utan å ta bryet med å setje i scene eit kupp.
I desember kunngjorde Orlen at konsernet ville kjøpe Polska Press, ei medieverksemd som mellom anna kontrollerer 20 regionale aviser, 120 vekeblad og 500 nettportalar.
Foto: Polska Media Grupa
I desember kunngjorde Orlen at konsernet ville kjøpe Polska Press, ei medieverksemd som mellom anna kontrollerer 20 regionale aviser, 120 vekeblad og 500 nettportalar.
Foto: Polska Media Grupa
I 2015 var Daniel Obajtek områdeleiar i Pcim, eit ørlite område sør for Krakow og nord for den polsk-slovakiske grensa. «Områdeleiar» høyrest kanskje ut til å vere noko svært, men eg kan ikkje finne noko betre ord. Det polske ordet for jobben hans er wójt, eit gamaldags ord som tyder noko slikt som landsbysjef. Det vil seie at du leier noko svært smått. Pcim, med ein folkesetnad på 4900, er noko svært smått.
I dag er Obajtek konsernsjef for PKN Orlen, det største selskapet i Sentral-Europa. Orlen driv oljeraffineri og bensinstasjonar i mange land, eig mange ulike energiressursar og er med på Fortune 500-lista over dei 500 største industrikonserna i USA. I praksis er det òg eit statsselskap: Sjølv om det er på børs, er den største aksjeeigaren det polske departementet for statlege verdiar. Det inneber at den polske regjeringa utnemner konsernsjefen. Det styrande partiet, Partiet for lov og rettferd, valde Obajtek og har hatt god nytte av denne avgjerda.
Den personlege rikdomen hans fekk nyleg store oppslag i Polen, i det minste i uavhengige, ikkje-regjeringsstyrte medium, fordi han no omfattar – blant andre verdiar – 38 eigedomar, inkludert hus, husvære, landområde og til og med eit strandpensjonat.
Han seier han skaffa seg dette eigedomsimperiet på lovleg vis, men farten det har skjedd med, har løfta mangt eit augnebryn, noko det truleg ikkje trong gjere. Obajtek er ein oligark, og i det hybride demokratisk-autokratiske politiske systemet som no veks fram i store delar av verda, er det mange nyslåtte oligarkar som tener pengar uvanleg fort.
Polske oligarkar
Inntil for kort tid sidan fanst det ikkje oligarkar i Polen. Sjølvsagt hadde landet nokre rike menneske, blant dei ein del som vart rike gjennom korrupsjon og svindel. Men dei hadde ikkje den særlege kombinasjonen av karakteristika som vi etter kvart har byrja oppfatte som typiske for dei rikaste russarane, ukrainarane, kasakhstanarane og kinesarane.
Faktisk er det slik at i motsetnad til det folk gjerne trur, er det ikkje nødvendigvis gjennom korrupsjon at moderne oligarkar samlar seg rikdom og eigedom, dersom korrupsjon blir definert som det å bryte lova. Oligarkar er rike fordi dei har høgt plasserte vener som hjelper dei til å bli velståande, og denne hjelpa kan vere fullkome legal.
Obajtek, til dømes, er rik fordi Lov og rettferd-partiet først utpeika han til å styre eitt statsselskap, og så eit anna. (Avsløring: Eg er gift med ein polsk opposisjonspolitikar som, da han tidlegare var embetsmann, aldri tente meir enn ei vanleg embetsmannsløn.)
Oligark og oligarki er svært gamle ord. Aristoteles definerte oligarki som det som skjer «når menn med eigedom har hand om styringa av samfunnet». I dag har ordet fått nye konnotasjonar, for i eit fullt utvikla oligarki av det 21. hundreåret er det ikkje lett å skilje menn med eigedom frå regjeringa, ettersom dei er blitt eitt og det same.
Det som verkeleg definerer den moderne oligarken, og som gjer han (eller, meir sjeldsynt, henne) annleis enn den typiske rikingen med gode forbindelsar, er at tilhøvet han har til staten, ikkje berre er nært, men symbiotisk. Forretningskarrieren hans kjem berre av tilhøvet han har til autokraten eller det styrande partiet. Regimet veit dette og ventar å få tenester att.
Denne nye oligarktypen dukka først opp i postsovjetiske Russland. David E. Hoffman, forfattaren av The Oligarchs: Wealth and Power in the New Russia – ein av dei første freistnadene på å skildre korleis dei opphavlege russiske milliardærane tente pengane sine – syner at deira veg til rikdom var annleis enn den som gjaldt vestlege magnatar.
Sjølv om mange av dei rike i Amerika og Europa «fråtsa i gode frå både regjeringar og privat kapital», som Hoffman skriv, var det slik at dei første russiske magnatane «saug til seg rikdom frå så godt som éi einaste kjelde: staten». Dei fann aldri opp noko, organiserte aldri noko, bygde aldri noko. I staden var dei ganske enkelt på rett plass til rett tid da ting vart splitta opp.
Dømet Gazprom
Gazprom, til dømes, som no er eit digert privat selskap leia av oligarken Aleksej Miller, var tidlegare kjent som Det sovjetiske ministeriet for gassindustri. Det har ei komplisert historie; mange i Vesten likte at det vart privatisert seint på 1990-talet, og somme tente pengar på det. Men i 2000, rett etter at Vladimir Putin vart president i Russland, avslørte selskapet sin sanne natur.
Ved hjelp av finansielt press, bruk av væpna, maskert «skattepoliti» og arrestasjon av direktøren for Media Most fekk Gazprom kontroll over dette som til da hadde vore det største uavhengige medieselskapet i Russland og eigar av NTV, ein framståande uavhengig fjernsynsstasjon. Straks gav Gazprom-Media seg til å sparke og stenge medarbeidarar ute og leggje ned fleire publikasjonar; den nye redaktøren i NTV kom for å ta over klokka fire om morgonen, omgjeven av sin eigen personlege tryggingsstyrke.
Seinare har Gazprom-Media teke over mange andre medieverksemder. Kvifor treng eit gasselskap å eige aviser og fjernsynsstasjonar? Svaret er at det ikkje dreier seg om eit vanleg gasselskap, eit som berre eksisterer for å utvinne og selje drivstoff. Gazprom er snarare eit gasselskap som i tillegg til å utvinne og selje drivstoff bidrar til å sikre at Putin held seg ved makta. Difor kontrollerer det ein stor slump av pressa, følgjer opp dei utanrikspolitiske initiativa hans – først og fremst Nord Stream 2-gassleidninga, som vil setje Russland i stand til å selje gass direkte til Tyskland utan transitt gjennom Ukraina – og skaffar pengar til venene hans.
Dmitrij Medvedev sat i styret for Gazprom frå 2000 til 2008, samstundes som han var stabssjef for Putin og Russlands statsminister. (Deretter var han russisk president i ein mandatperiode, før han trekte seg attende og overlét plassen til Putin igjen.) Miller, den noverande Gazprom-sjefen, arbeidde saman med Putin hos borgarmeisteren i St. Petersburg på 1990-talet. Gazprom gjev plass til familie òg: I 2018 utnemnde selskapet Mikhail Putin, ein slektning av presidenten, til varastyreleiar.
I dei to tiåra som har gått sidan Gazprom fekk kontroll over Media Most, har politiske leiarar andre stader følgt Vladimir Putins eksempel og freista skape eigne oligarkar og oligarkiske verksemder. Vanlegvis skjer dette i autokrati, der ingen bryr seg med å ta nærsynte omsyn til interessekonfliktar og nepotisme, sjølv om det finst reglar for slikt. Men i aukande grad skjer det i demokrati òg, særleg i vaklevorne demokrati dominerte av ein leiar som ønsker ekstra hjelp til å halde på makta.
I Ungarn, til dømes, skapte Viktor Orban ei lita gruppe oligarkar ved å sikre at statlege kontraktar gjekk direkte til dei, og ved å låne dei pengar gjennom statskontrollerte utviklingsbankar. Så gav dei tenester attende. Éin har bygd eit stort fotballstadion i heimbyen til Orban. Andre kjøpte sjølvsagt opp medieverksemder, som no er så å seie fullstendig under statleg kontroll eller, via oligarkar, kontrollerte av det styrande partiet.
Polska Press
No har det nasjonalistiske regjeringspartiet i Polen følgt etter. Den raske frammarsjen til Obajtek kan enno ikkje måle seg med den til den ungarske oligarken Lörinc Mészáros, som, da han vart spurt om korleis han hadde greidd å få forretningane sine til å vekse fortare enn Mark Zuckerbergs Facebook, svara: «Kan hende er eg smartare.» Ved eit anna høve sa han: «Rikdomen min kjem av tre faktorar: Gud, hell og Viktor Orbán.»
Obajtek har likevel ikkje kvidd seg for å kopiere Gazprom. I desember kunngjorde Orlen at det ville kjøpe Polska Press, ei medieverksemd som mellom anna kontrollerer 20 regionale aviser, 120 vekeblad og 500 nettportalar. Selskapet har vore til sals ei tid. Ikkje overraskande har ingen utanlandske eller polske investorar meint at tida no var inne til å satse pengar på polske lokalaviser.
Historia utvikla seg slik alle desse historiene gjer: Nokre veker etter at kjøpet var kunngjort, byrja energiselskapet å seie opp styremedlemar og sparke sjefredaktørar og erstatte dei med redaktørar og aktivistar som tidlegare hadde synt lojalitet til regjeringspartiet. Orlen har òg kjøpt det viktigaste polske byrået for pressedistribusjon og lansert sitt eige annonsebyrå. Begge desse etableringane gjev Orlen makt til å støtte andre proregjeringsmedium – og straffe uavhengige medium – om det skulle ønske det. («Det er eit fint lite blad du har der... synd om du ikkje får det inn i nokon som helst bladkiosk.»)
I samsvar med Gazprom-modellen har Orlen òg gjeve seg i kast med å tilsetje vener og familie av Lov og rettferd-partiets medlemar. Til dømes har kona til eit parlamentsmedlem fått fleire lukrative stillingar. Rett nok er det slik at statsfinansane kontrollerer ein del av Orlen-aksjane, og at staten difor bør dra nytte av investeringane til selskapet. Men i staden investerer selskapet i propagandistar for regjeringspartiet. Prøv å sjå for deg at pengane til amerikanske skattebetalarar vert brukte til å støtte opp under Fox News – eller, ja, MSNBC – og du kan sjå kvifor dette gjer folk sinte. Ein polsk rettsinstans har alt stilt spørsmål ved legaliteten til oppkjøpet.
Orlen har rettferdiggjort medieekspansjonen sin med å snakke om «synergiar» og «diversifikasjon». Da eg stilte spørsmål ved utskiftinga av redaktørar og dei sterkt fallande opplagstala til mange av dei nye medieeigedomane, insisterte selskapet på at det «ikkje grip inn» i «personalsaker» i Polska Press. Ein talsperson gav ingen ytterlegare detaljar om overtakinga.
«Transaksjonen var grundig analysert av både våre eigne ekspertar og eksterne rådgjevarar», skreiv ho i e-post, «og alle finansielle, rettslege og skattemessige tilhøve knytte til selskapet er nøye granska (...). Oppkjøpet av forlagshuset er såleis eit forretningsmessig tiltak med sikte på økonomisk avkastning».
wwEit nasjonalt jarnvegs- eller kraftselskap kan vere fornuftig dersom det, til liks med offentlege medium i somme veldrivne land, er omgjeve av ein kultur prega av streng apolitisk kontroll. Det er til dømes vanskeleg å førestille seg at Amtrak kjøper opp lokale aviser i USA og gjer dei til reine støtteorgan for eit politisk parti. Men der det vantar ein ikkje-partisk etos, kan offentleg eigarskap lett bli korrumpert.
Ei større soge
Her er ei større historie òg. Orlen-soga er ikkje berre ei åtvaring om statsverksemder, men om demokrati, eit politisk system som no til dags sjeldan forsvinn på den måten det pla gjere. For å underminere eit demokrati treng du ikkje lenger stridsvogner i gatene eller oberstar som stormar inn i presidentpalasset.
Du kan skape eittpartistaten din langsamt, over fleire år, berre ved å omarbeide reglane, flytte rundt på pengar, leggje press på rettsvesen og aktorat, fjerne ubehagelege medium og setje deg i stand til å bruke statens pengar til å gjere partiet ditt eller familien din rike. Denne metoden er mykje meir lukrativ og mykje mindre stressande enn det gamaldagse statskuppet, og det kjem til eit demokrati nær deg.
Anne Applebaum
Anne Applebaum er medarbeidar i The Atlantic, medlem av SNF Agora Institute ved Johns Hopkins University og forfattar av Demokratiets svanesang – politikk som svikter og vennskap som tar slutt.
Omsett av Lasse H. Takle
I desember kunngjorde Orlen at det ville kjøpe Polska Press, ei medieverksemd som mellom anna kontrollerer 20 regionale aviser, 120 vekeblad og 500 nettportalar.
Der det vantar ein ikkje-partisk etos, kan offentleg eigarskap lett bli korrumpert.