Kor lenge skal vi leite?
Striden om norsk leiteboring handlar om meir enn moral.
BLINKSKOT: Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen vart oppdaga i 2010 og opna i 2020. Dette kjempefunnet var eit unnatak frå regelen. I berre to av dei siste 25 åra har reservetilveksten på norsk sokkel vore større enn produksjonen.
Foto: Carina Johansen / NTB
BLINKSKOT: Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen vart oppdaga i 2010 og opna i 2020. Dette kjempefunnet var eit unnatak frå regelen. I berre to av dei siste 25 åra har reservetilveksten på norsk sokkel vore større enn produksjonen.
Foto: Carina Johansen / NTB
Økonomi
peranders@dagogtid.no
For første gong har Noregs framtid som ein stor petroleumsprodusent blitt ei stor sak i ein valkamp, og striden står først og fremst om leitinga etter ny olje og gass. Motstandarane av meir leiting fekk blod på tann da Det internasjonale energibyrået (IEA) i mai la fram eit vegkart for korleis ein kan halde den globale oppvarminga under 1,5 gradar.
Det målet har nesten alle land i verda slutta seg til gjennom Parisavtalen, og IEA slo fast at det ikkje gjev rom for å opne nye olje- eller gassfelt etter 2021. Det er allereie funne meir enn nok fossil energi til å overskride den grensa. I tillegg la Klimapanelet nyleg fram ein ny hovudrapport om klimaendringane, og FN-generalsekretær António Guterres oppmoda alle land om å slutte å leite etter meir fossil energi. Alt dette har bidrege til å hete opp oljedebatten i Noreg.
Lytt til podkasten om artikkelen
Artikkelen til Ole André Hagen, som er gjest i denne podkast-episoden, kan du lese her.
Podkast om oljeleiting
Sterke stimuli
Men sjølv om ordskiftet har spissa seg til, er det i dag langt frå noko stortingsfleirtal for å stogge leiteboringa. SV, Venstre, Raudt og MDG går inn for leitestogg, medan dei fire største partia på Stortinget – Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet og Senterpartiet – vil halde fram med å opne nye felt og stimulere oljeselskapa til å leite etter ny olje og gass.
Det er ein ganske kraftig stimulans det er snakk om. Gjennom skattefrådrag eller leiterefusjon dekkjer staten det aller meste av kostnadene ved leiteboring. Ordninga har lokka selskapa til å leite, og olje- og gassfunna har gjeve enorme inntekter til statskassa. Den norske staten tek det meste av den økonomiske risikoen ved leiteboring, og tek til gjengjeld det meste av vinsten gjennom skatt når nye felt kjem i produksjon. Ordninga har vore særs lønsam for staten.
Spørsmålet er om trugsmålet frå klimaendringane no gjer at Noreg bør endre kurs. Og argumenta for å slutte å leite er ikkje lenger berre moralske.
Klimarisiko
Det er høgst uvisst om investeringar i leiting og utbygging av nye felt vil løne seg for Noreg, meiner Thina Margrethe Saltvedt. Ho er tidlegare oljeanalytikar og arbeider i dag som sjefanalytikar for berekraftige investeringar i Nordea.
– Om verda ikkje klarer å avgrense oppvarminga til 1,5 gradar, vil det bli etterspurnad etter meir olje. Da kan det hende at det som er funne til no, ikkje er nok til dekkje etterspurnaden. Men om vi skal nå målet om å halde oppvarminga under 1,5 gradar, eit mål Noreg har slutta seg til, har IEA vore tydeleg på at vi må slutte med leitinga. Skal vi klare det, må forbruket av olje og gass reduserast mykje. Og vi risikerer at skattefrådraga og refusjonen for leiteboring heretter ikkje blir betalte attende. Det kan tenkjast at den oljen og gassen selskapa finn heretter, aldri blir produsert.
Store kutt
Tidsaspektet er ei viktig side av dette, understrekar Saltvedt. Det kan ta ti år frå eit funn blir gjort på norsk sokkel til eit nytt felt blir sett i produksjon. Og om etterspurnaden fell dramatisk i løpet av dei åra, gjer det openbert noko med lønsemda.
– Før kunne vi vere ganske sikre på å få att pengane. Men om vi skal nå dei måla vi har sett oss, må etterspurnaden etter fossil energi reduserast raskt. Vegkartet til IEA inneber at oljeforbruket i verda må reduserast med kring 30 prosent innan 2030 og med kring 75 prosent innan 2050 frå toppnivået før koronakrisa. Om det slår til, blir det enorm konkurranse for å få levere den oljen. Og norsk olje er ikkje spesielt billeg å produsere. I Saudi-Arabia, der det meste av oljen er på land, kostar det kanskje 10 dollar å produsere eit fat olje. Det er langt mindre enn i Noreg, der oljen blir henta offshore.
Veddemål
Om vegkartet til IEA blir følgt, kjem fallande forbruk òg til å råke gassen, som har utgjort ein stadig større del av norsk petroleumsproduksjon dei siste åra, påpeikar Saltvedt. I vegkartet til IEA fell etterspurnaden etter gass med 55 prosent innan 2050. Og medan olje kan eksporterast kor som helst med tankskip, går det aller meste av norsk gass i røyrleidningar til Europa.
– Men Europa vil jo redusere gassforbruket sitt. Og vi skal ha ganske gode prisar for å forsvare nye utbyggingar – særleg i Barentshavet, der det er lite infrastruktur frå før. Vi ser òg at fleire og fleire oljeselskap har gjeve opp Barentshavet.
– Det ser ut som norsk petroleumspolitikk er eit veddemål på at måla i Parisavtalen ikkje blir nådde?
– Det skal bli spennande å sjå om politikken tek omsyn til oppfordringa frå IEA framover. Analysane frå IEA har til no vore ein slags bibel for norske politikarar, ei rettesnor som dei stadig har vist til for å grunngje politikken sin. Så om vi leitar etter nye felt no, veddar vi i praksis på at verda ikkje når dei måla som Noreg har sagt at vi skal bidra til å nå – om vi framleis trur på analysane til IEA.
Det er viktig å ta inn over seg kva rapportane frå IEA og FN får å seie for norsk energiproduksjon, meiner Saltvedt.
– Dette handlar om framtida til norsk økonomi. Talet på flinke hovud i landet er avgrensa. Skal vi bruke mykje pengar på å utvikle ei næring som vi veit at vi må redusere? På kort sikt kan Noreg framleis tene veldig mykje pengar på olje og gass. Men med investeringane vi gjer no, låser vi fast kapital og menneskelege og teknologiske ressursar. Dei kan vi òg bruke på fornybar energi, hydrogenfangst, karbonfangst og batteriteknologi, for å nemne noko.
Mål i det blå
Her skal det seiast at vegkartet til IEA ikkje er ein prognose for det energibyrået meiner er den mest sannsynlege utviklinga dei neste tiåra, men ei oppskrift på korleis verda kan nå målet om å halde oppvarminga under 1,5 gradar. Og i dag tyder lite på at målet blir nådd. I den nye rapporten frå klimapanelet til FN peikar dei fleste scenarioa mot at oppvarminga kjem til å passere 1,5 gradar alt om kring ti år.
Om Noreg og verda gjev blaffen i dette Paris-målet, gjev det meir plass for olje og gass dei neste tiåra, og det blir meir pengar å tene for den norske staten. Men sjølv ein mindre effektiv klimapolitikk i verda kjem til å påverke prisane for norsk petroleum. Og den norske regjeringa har prøvd å rekne på dei framtidige prisane og konsekvensane for Noreg.
Fare for suksess
Hovudscenarioet i Perspektivmeldinga til regjeringa tek utgangspunkt i ein oljepris kring 50 dollar fatet fram mot 2030. Men meldinga er klar på at klimapolitikken kan endre biletet: «Konsekvensene av klimapolitikken og den teknologiske utviklingen ved overgang til et lavutslippssamfunn stiller norsk økonomi overfor en særskilt risiko siden det kan gi lavere forventet verdi av våre petroleumsressurser.» (Ein vellukka internasjonal klimapolitikk er her altså ein risiko, ikkje eit mål.)
Meldinga inneheld òg eit lågprisscenario der oljen blir verd berre 30 dollar fatet, og gassprisen fell tilsvarande. Om dette skulle slå til, «er det lagt til grunn at det langt på vei blir et opphør av investeringer i nye utbygginger på sokkelen».
Lønsam leiting
Men med dagens oljeprisar på kring 70 dollar fatet er det utan tvil lønsamt for staten å dekkje det meste av leitekostnadene. Eit svært grovt reknestykke syner dette: Dei 31 leitebrønnane som vart bora på norsk sokkel i 2020, kosta 23 milliardar kroner. Ifølgje Oljedirektoratet gav dette ein ressurstilvekst på det som på oljespråket heiter 77 millionar «standard kubikkmeter utvinnbare oljeekvivalentar» – noko som inneber at olje og gass er rekna saman til éi eining.
Bruttoverdien av dette, om alt blir utvinne, er på over 300 milliardar kroner. Om vi reknar med at produksjonskostnadene blir som i dag, kring 20 dollar fatet, blir verdien av dei nye funna kring ti gonger så stor som leitekostnadene. Men om prisane på olje og gass fell mykje i framtida, blir sjølvsagt reknestykka heilt annleis.
Ebbar ut
I tillegg til prisane er ein annan faktor avgjerande for lønsemda i vidare leiting: Kor mykje er det att å oppdage? Ifølgje Oljedirektoratet er berre halvparten av den utvinnbare oljen og gassen henta opp frå norsk sokkel, og direktoratet trur at kring ein fjerdedel av ressursane enno ikkje er oppdaga.
Men utvinninga har vore større enn tilveksten av nye funn i mange år. Dei fleste verkeleg store funna kom i dei første 20 åra av den norske oljehistoria, og sidan 1994 har det berre vore to år der dei nyoppdaga ressursane har vore større enn årsproduksjonen. (Unnataka er 1997 med Ormen Lange-funnet og 2010 med Johan Sverdrup-funnet.)
I fjor vart det til dømes henta opp tre gonger så mykje olje og gass frå norsk sokkel som det vart oppdaga. Oljeindustrien er i stor grad basert på gamle funn. Og om det ikkje kjem nye store overraskingar, som Sverdrup-feltet, ebbar eventyret altså sakte ut i tiåra som kjem.
2014-sjokket
Det kan vi òg lese ut av Perspektivmeldinga som regjeringa la fram i februar. Regjeringa ser for seg at norsk olje- og gassproduksjon kjem til å falle med kring 65 prosent frem mot 2050. I dag arbeider kring 150.000 menneske i jobbar som direkte eller indirekte er knytte til olje og gass, og regjeringa spår at 50.000 av dei arbeidsplassane blir borte innan 2030.
Om oljeprisen fell til 30 dollar fatet, blir kring 90.000 av oljejobbane borte. Det høyrest svært dramatisk ut. Men denne industrien har faktisk vore gjennom eit liknande sjokk allereie. Etter oljeprisfallet i 2014 forsvann det heile 80.000 arbeidsplassar tilknytte petroleumsindustrien, syner tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Over ein tredjedel av dei petroleumsrelaterte jobbane i Noreg vart borte på fire år. Det var sjølvsagt alvorleg nok for mange, men knapt ein katastrofe for landet.
Små konsekvensar
Om vi så vender attende til utgangspunktet: Kva kan dei økonomiske konsekvensane av å setje strek for leiteboringa bli for Noreg? Skal vi tru SSB-forskarane Finn Roar Aune, Ådne Cappelen og Ståle Mæland, blir ikkje effekten så dramatisk. I fjor publiserte dei studien Konsekvenser av redusert petroleumsvirksomhet på oppdrag for Naturvernforbundet. Dei tre laga eit scenario der regjeringa sluttar å tildele nye leiteareal i 2022, medan oljeselskapa kan utvikle dei felta dei allereie har fått tildelt.
Ein slik politikk ville ikkje få nemneverdig effekt på utvinninga før kring 2030, og dei makroøkonomiske verknadene blir ikkje særleg store. Fram mot 2050 vil så investeringane og produksjonen falle meir enn dei vil gjere om leitinga held fram som før, men forskarane fann ingen dramatikk der heller: «Siden effektene kommer et stykke ut i tid og på et tidspunkt hvor oljenæringen allerede betyr mindre for norsk økonomi enn i dag, er de makroøkonomiske effektene av dette tiltaket gjennomgående små», skriv dei.
Ifølgje studien inneber ein leitestogg i dag at det norske bruttonasjonalproduktet i 2050 vil vere 1,1 prosent lågare enn det vil vere om leiteboringa held fram som normalt i åra framover.
«Det kan Norge klare fint. I forhold til sjokkene norsk økonomi har opplevd, er ikke dette noe å snakke om», sa Ådne Cappelen til Klassekampen i mai.
Men verken denne studien eller konklusjonane frå Det internasjonale energibyrået og Klimapanelet har gjort særleg inntrykk i Noreg så langt. Når dei fire største partia i Noreg vil halde fram med leiteboringa, gjer dei det med visse om at dei har folket i ryggen. I ei meiningsmåling som NRK fekk utført i august, sa 55 prosent at dei ønskte vidare leiting etter olje og gass, medan berre 32 prosent var imot.
– Det kan tenkjast at den oljen og gassen selskapa finn heretter, aldri blir produsert.
Thina Margrethe Saltvedt, analytikar i Nordea
Leiteboring
SV, Venstre, MDG og Raudt vil stogge leitinga etter ny olje og gass på norsk sokkel.
Ap, Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet vil halde fram med leitinga.
Gjennom skattefrådrag og leiterefusjon dekkjer staten det meste av leitekostnadene. Dette er lønsamt fordi staten får så store skatteinntekter frå produksjonen.
I mai la Det internasjonale energibyrået fram eit vegkart for å halde oppvarminga under 1,5 gradar.
I dette vegkartet er det ikkje plass til meir olje og gass enn det som alt er funne.
Noreg har slutta seg til 1,5-gradarsmålet i Parisavtalen.