Krigens advokat
John Bolton har ønskt seg ein krig mot Iran i mange år.
Skal han omsider få ønsket sitt oppfylt?
John Bolton har vore ein utanrikspolitisk hauk gjennom fleire tiår og har tent under fire republikanske presidentar. Posisjonen som nasjonal tryggingsrådgjevar for president Trump gjev Bolton meir makt enn nokon gong før.
Foto: Cliff Owen / AP / NTB scanpix
John Bolton har vore ein utanrikspolitisk hauk gjennom fleire tiår og har tent under fire republikanske presidentar. Posisjonen som nasjonal tryggingsrådgjevar for president Trump gjev Bolton meir makt enn nokon gong før.
Foto: Cliff Owen / AP / NTB scanpix
Utanriks
peranders@dagogtid.no
Lytt til artikkelen
Den romerske senatoren Cato den eldre skal ha avslutta alle talane sine i Senatet slik, same kva emnet var: «Og elles meiner eg at Kartago bør øydeleggast.» John Bolton, nasjonal tryggingsrådgjevar for president Trump, har eit liknande syn på regimet i Teheran. Bolton har talt for militær maktbruk mot Iran sidan han tente i regjeringsapparatet til George W. Bush rett etter tusenårsskiftet, og aldri har han hatt betre sjansar for å få viljen sin enn nett no.
I mai og juni har seks tankskip blitt skadde i mineåtak i Hormuz-stretet og Omanbukta. Gjerningsmennene er ukjende, men USA hevdar at Iran står bak. Og sist veke skal Donald Trump ha stogga eit amerikansk bombeåtak på iranske militæranlegg i siste liten. Åtaket skal ha vore tenkt som ein straffeaksjon etter at iranske styrkar skaut ned ein amerikansk drone, og det er grunn til å tru at rådgjevar Bolton mislikte avlysinga sterkt.
Regimeendring
Da John Bolton vart utnemnd til tryggingsrådgjevar i mars i fjor, var det i seg sjølv nok til å auke spenninga i Persiabukta. Forgjengaren, generalen H.R. McMaster, var ein langt meir moderat figur. McMaster var skeptisk til å seie opp atomavtalen med Iran så lenge det ikkje fanst noko betre alternativ, og det er ikkje prov på at iranarane har brote avtalen. Men for Bolton spelar det ikkje eigentleg noka rolle om Iran har halde ord: Iranarane kan bryte avtalen i framtida, og dei kan kjøpe atomrakettar frå Nord-Korea, slo han fast i ein tale i 2017. For Bolton er berre regimeendring i Teheran godt nok.
Posten som nasjonal tryggingsrådgjevar er ein svært mektig posisjon, i alle fall når det er ein person i stillinga som veit å utnytte posisjonen. Henry Kissinger, Zbigniew Brzezinski og Condoleezza Rice er blant dei mest kjende forgjengarane. Folk som har arbeidd med Bolton, omtalar han som svært intelligent. Svært mange av dei meiner òg at han er ein ufyseleg fyr. Og mange ser på han som ein farleg mann. «Det gode med Bolton er at han seier kva han tenkjer. Det dårlege er det han tenkjer», skreiv The New York Times nyleg.
Dei siste vekene har mange blitt påminte om rolla denne mannen spelte før Irak-invasjonen i 2003. Når Bolton no har fått ei viktig rolle i verdspolitikken, er det verdt å setje seg inn i historia hans.
Ein konservativ gut
John Robert Bolton vart fødd i Baltimore i Maryland i 1948, og han voks opp i eit arbeidarstrøk som son av ein brannmann og ei heimeverande husmor. Han var politisk aktiv alt i ungdomen: Som 15-åring var Bolton aktiv i kampanjen for den svært konservative presidentkandidaten Barry Goldwater. Mange har kalla Bolton ein nykonservativ, men det er ein merkelapp han ikkje vil ha på seg. Dei såkalla nykonservative i USA hadde bakgrunn som liberalarar, og Bolton har understreka at han var overtydd konservativ alt i tenåra.
Som gut var han uvanleg skuleflink, og han utdanna seg til jurist ved prestisjeuniversitetet Yale. Fleire seinare kollegaer har hevda at den forakta for «liberale elitar» som Bolton så ofte har uttrykt på Fox News dei siste ti åra, stamma frå erfaringa som ein konservativ arbeidarklassegut ved Yale. (At han sjølv har vore ein del av eliten i USA det meste av livet, er ei anna sak.)
Feiga ut
Bolton støtta Vietnam-krigen, men hadde ikkje lyst til å slåst sjølv. Som student søkte han seg i 1970 til ei trygg teneste på heimebane i Nasjonalgarden, eit vanleg val for unge menn som ville unngå å bli sende til Vietnam. «Eg tilstår at eg ikkje hadde noko ønske om å døy i ei rismark i Søraust-Asia. Eg rekna allereie krigen som tapt», skreiv Bolton sjølv om saka mange år etter. Men avgjerda hans var eigentleg liberalarane si skuld, forklarte han i memoarboka Surrender Is Not an Option: «Å døy for å vinne territorium som antikrigskreftene i kongressen berre kom til å gje attende til fienden, verka idiotisk.»
Etter nokre år som advokat kom John Bolton inn i regjeringsapparatet til Ronald Reagan i 1981, og under Reagan og Bush den eldre hadde han stillingar i utanriksdepartementet, justisdepartementet og den statlege bistandsorganisasjonen USAID. Under justisminister Edwin Meese arbeidde Bolton mellom anna med å stikke kjeppar i hjula for granskinga av Iran–Contras-skandalen.
Forakt for avtalar
I 2000 var Bolton med på sikre sitt eige politiske comeback: Han var ein av advokatane som republikanarane hyra inn i striden om teljinga av røystene i Florida i presidentvalet. «Eg kjem frå Bush-Cheney-teamet, og eg er her for å stogge teljinga», skal Bolton ha ropa da han kom inn i eit bibliotek i Tallahassee der folk sat og talde røystesetlar om att.
Etter ein hard juridisk strid vart Bush kåra til vinnar av valet. Og i 2001 vart Bolton statssekretær i utanriksdepartementet, i ei regjering der det politiske synet hans verkeleg kom til sin rett. Bolton har gjennom heile karrieren vore ein tilhengar av amerikansk åleinegang i utanrikspolitikken, og han har uttrykt forakt for internasjonale avtalar og institusjonar som la band på makta til USA. I 1994 skreiv han slik om synet sitt på FN: «Det finst eit internasjonalt samfunn som iblant kan leiast av den einaste verkelege makta som er att i verda, og det er USA, når det er i tråd med interessene våre og når vi kan få andre til å følgje oss.» Ved eit anna høve skreiv Bolton: «FN kan vere eit nyttig instrument i gjennomføringa av amerikansk utanrikspolitikk.»
Krigersk innstilt
Som statssekretær i utanriksdepartementet hadde han ansvar for feltet våpenkontroll og internasjonal tryggleik. Bolton kjempa mellom anna mot etableringa av Den internasjonale straffedomstolen i Haag og mot ei handheving av FN-konvensjonen om biologiske våpen frå 1972: Han meinte det siste ville setje den nasjonale tryggleiken i fare, fordi det kunne medføre inspeksjonar også i USA.
Bolton var òg ein innbiten motstandar av bilaterale avtalar. Som statssekretær var han mellom anna med på å trekkje USA frå ABM-avtalen med Russland i 2002, ein avtale som skulle hindre statane i å utvikle forsvarssystem mot rakettåtak. Bolton har sagt at han er stolt over å ha smadra avtalen som var inngått med Nord-Korea i 1994 for å hindre landet i å utvikle atomvåpen. I staden burde USA tvinge fram regimeendring i Nord-Korea, meinte Bolton. Han var òg mot avtalen som Bush-regjeringa inngjekk med Muammar Gaddafi i 2005 om å fjerne masseøydeleggingsvåpena til Libya, men fekk ikkje viljen sin.
Bolton var langt meir krigersk innstilt enn utanriksminister Colin Powell, og Powell stolte ikkje på statssekretæren sin. Visepresident Dick Cheney var derimot på bølgjelengd med Bolton, og det var visepresidenten sjølv som fekk plassert han i utanriksdepartementet. «Alle visste at Bolton var spionen til Cheney», har ein av rådgjevarane til Bolton sagt til The New Yorker.
Som statssekretær viste ikkje John Bolton berre eit krigersk sinnelag, men òg eit lausaktig forhold til sanninga. I 2002 hevda han at Cuba hadde utvikla biologiske våpen, og at regimet i Havanna var eit terrortrugsmål mot USA. Bolton truga med å sparke tenestemenn i etterretningsavdelinga til departementet om dei ikkje laga dokumentasjon som støtta påstandane hans, men fekk aldri det han kravde.
Ingen Irak-anger
Bolton var ein ivrig deltakar i oppkøyringa til Irak-invasjonen i 2003 og var delaktig i dei falske skuldingane om at Saddam Hussein hadde masseøydeleggingsvåpen og var eit trugsmål mot USA. Bolton fekk òg oppdraget med å få fjerna den brasilianske diplomaten José Bustani som leidde Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW), fordi Bustani vart sett på som eit hinder for invasjonen av Irak. I 2002 arbeidde Bustani for å få Irak til å slutte seg til Konvensjonen om kjemiske våpen, og det kunne undergrave dei amerikanske argumenta for ein invasjon. Bolton sette inn eit beinhardt press både mot Bustani personleg og medlemslanda i OPCW, og fekk han fjerna frå stillinga.
I 2003 kom så invasjonen av Irak, med katastrofale følgjer. Ingen masseøydeleggingsvåpen vart funne, Irak vart herja av ein grufull borgarkrig der hundretusenar døydde, og i dette kaoset vart terroristorganisasjonen IS fødd. Men den dag i dag held John Bolton fast ved at det var rett å gå til krig mot Irak.
Slik han ser det, var tabben at USA ikkje trekte seg ut att så snart regimet hadde falle: Han meinte USA ikkje burde ha teke noko ansvar for å etablere ein fungerande stat i Irak etter invasjonen. I eit intervju med Financial Times i 2007 sette Bolton synet sitt på spissen: «Det vi skulle ha sagt til irakarane, var: No er de på eiga hand. Her er eit eksemplar av Federalist Papers. Lukke til.» (Federalist Papers er ei samling artiklar som danna eit grunnlag for den amerikanske grunnlova.)
I 2005 vart Bolton utnemnd til FN-ambassadør for USA. Mange er kritiske til FN-byråkratiet, men Bolton gjekk lenger enn dei fleste. Han er ofte sitert for å ha hevda at «om ein fjerna ti etasjar frå FN-bygningen, kom ingen til å merke det». Pina ved å arbeide i FN varte ikkje så lenge: Alt i desember 2006 gjekk Bolton av som ambassadør og over i privat sektor, og bygde seg ein lukrativ karriere som kommentator, rådgjevar og ideolog. Og han var ikkje sein med å bite dei som før hadde mata han. Da Bush-regjeringa på tampen letta litt på sanksjonane mot Nord-Korea, skreiv Bolton at presidentskapen var i «total intellektuell kollaps». «Eg ser ikkje på Bolton som truverdig», var svaret frå George W. Bush, som angra på at han hadde «brukt politisk kapital» på mannen.
Folkets Mujahedin
Men for mange på den politiske høgrefløya i USA vart John Bolton ei viktig og truverdig røyst. På eit vis var han forut for si tid: Alt i 2000 kritiserte han det han kalla «globalistar» som ønskte å innskrenke suvereniteten til USA. Bolton vart ein godt betalt og krass kommentator i Fox News og ein flittig avisdebattant. Og han var minst like krigslysten som før. Bolton skjelte stadig ut Obama-regjeringa for å vere blaut i utanrikspolitikken, og han tok stadig til orde for militær maktbruk mot land som Iran og Nord-Korea. Bolton har òg arbeidd for konservative tenkjetankar som American Enterprise Institute og samla inn pengar til republikanske kandidatar. Meir oppsiktsvekkande er det at han var styreleiar for Gatestone Institute frå 2013 til 2018. Dette er ein islamfiendtleg organisasjon som er kjent for falske nyhende om «islamiseringa av Europa».
Meir relevant nett no er det at John Bolton er ein ihuga støttespelar for den iranske eksilorganisasjonen Folkets Mujahedin (Mujahedin-e-Khalq, forkorta til MEK), som ønskjer å velte regimet i Teheran. Dette er ein sektliknande organisasjon med ei blodig fortid, og MEK stod på terrorlista til USA fram til 2012. I ein tale som Bolton heldt for ei MEK-forsamling i i Paris 2017, lova han at dei saman skulle feire fallet til regimet i Teheran før 40-årsjubileet til den iranske revolusjonen i 2019.
Få allierte
Den lovnaden vart ikkje halden: Jubileet vart feira i februar. Og at MEK nokon gong skal ta makta i Teheran, står ikkje til truande. Men kan Bolton få Trump med på ein krig mot Iran? Det er svært usikkert. Saman med utanriksminister Mike Pompeo, som òg er ein utprega hauk, har Bolton det siste året leita etter ei god grunngjeving for å bombe Iran, skriv The New York Times. Men verken dei mystiske åtaka på oljetankarar eller nedskytinga av dronen til USA var nok til å få Trump til å trykke på avtrekkaren.
Bolton og presidenten deler syn på internasjonale avtalar generelt og atomavtalen med Iran spesielt. Men Trump har vist svært liten lyst på kostbare krigseventyr, og han har vore hard i kritikken av den Irak-krigen som John Bolton var med på å drive fram. Det verkar heller ikkje truleg at Bolton kan påverke Trump like mykje som Dick Cheney kunne påverke president George W. Bush, til det er Trump for eigenrådig.
I tillegg veit alle at ein krig vil vere fullstendig øydeleggande for Iran, og at iranarane har slagkraft og støttespelarar nok til å råke mange amerikanske mål i Midtausten. At Trump skal setje igang ein full invasjon for å velte regimet i Teheran, verkar nær utenkjeleg. Og det er neppe mange, verken i USA eller Iran, som deler ønsket til John Bolton om ein krig. Alt no spekulerer fleire kommentatorar i USA på om usemja mellom Trump og Bolton kjem til å ende med at det kjem ein ny tryggingsrådgjevar på plass i Det kvite huset.
Kjelder: Artiklar frå The Atlantic, The New Yorker, Foreign Affairs, The New York Times, Financial Times.
Som statssekretær viste ikkje John Bolton berre eit krigersk sinnelag, men òg eit lausaktig forhold til sanninga.
Den dag i dag held John Bolton fast ved at det var rett å gå til krig mot Irak.