Heider
Turisttrafikken over Trollstigen er stor. Sjølv om det for det meste har vore norske bilistar på vegen i år, har det vore trong for kolonnekøyring ovanfor kvelvingsbrua over Stigfossen og parkeringsvakter på Stigrøra.
Den 55 km lange vegen frå Sogge i Romsdalen til Sylte på Sunnmøre er ein av dei nasjonale turistvegane her i landet. Det som først var ein kløvsti over fjellet, vart opprusta til ein bilveg som kong Haakon opna 31. juli 1936.
Anleggsarbeidet byrja i 1916, og mange lokale arbeidarar tok del i det krevjande og til dels farlege arbeidet. Vegen har ei stigning på 1:12 med elleve hårnålssvingar.
For nokre år sidan vart somme av vegarbeidarane, både i gammal og ny tid, heidra med å få ein sving kalla opp etter seg, til dømes Kjelstadsvingen, Brandlisvingen, Fivasvingen, Langdalsvingen, som skulle ha hatt ein ekstra fuge-s, og Uri Martin svingen, som nokon skulle ha spandert eit par bindestrekar på. Andre svingar fekk geografiske namn, som Bispesvingen etter fjellet Bispen, og Grustaksvingen.
Dei gongene eg har køyrt «over stien», som vi seier, i sommar, har eg lagt merke til at dei to svingane ovanfor brua ikkje har namn. Har det alltid vore slik, eller kan skilta vere stolne?
Sjølv om det nok var karar som tok dei tyngste løfta i sjølve vegbygginga, måtte dei ha mat. Ei av kokkene på anleggskjøkkenet var Nikkoline Myren Grønning, ho Nikka, som dei siste åra har vorte rikskjendis, som lefsebakar og bærplukkar med propell i kapsen, gjennom Norge Rundt på NRK og besøk av dei britiske fjernsynskokkane Hairy Bikers på heimgarden i Valldal.
Sidan ingen av svingane har fått namn etter kvinner, foreslår eg at ein av svingane vert kalla opp etter kokka Nikka, som fyller 104 år i desember.
Sjølv om karane stort sett er nemnde med etternamn, og eg normalt er for likestilling, synest eg at Grønningsvingen vert for anonymt. Med dette lanserer eg Nikkasvingen.
Tiriltunga