Finanskrigen
Globalisering og handel skulle gjera verda tryggare. Det gjekk ikkje heilt slik. No har Russland fått ei finansiell atombombe i hovudet.
Utanriksminister Sergej Lavrovs videotale på nedrustingskonferansen i Genève 1. mars 2022 var ikkje nett nokon publikumsfavoritt.
Foto: Fabrice Coffrini / Reuters / NTB
Utanriksminister Sergej Lavrovs videotale på nedrustingskonferansen i Genève 1. mars 2022 var ikkje nett nokon publikumsfavoritt.
Foto: Fabrice Coffrini / Reuters / NTB
Sanksjonar
jon@dagogtid.no
Angela Merkels motto, som mange etter kvart oppfatta som ein klisjé, og som tyske komikarar stadig parodierte, var Wandel durch Handel – vandel gjennom handel. Slår ein opp i Nynorskordboka på ordet vandel, forstår ein kanskje betre kvifor Merkel alltid kom med dette svaret når særleg Donald Trump ville at Tyskland og EU skulle gjera seg mindre avhengige av Russland og Kina: Opphav «frå lågtysk ‘endring’». Tyding og bruk: «framferd, livsførsel». Døme: «plettfri vandel, handel og vandel – dagleg virke».
Det er ingen tvil om at Merkel verkeleg trudde at handel, særleg når det var i tysk interesse, kunne endra folk og statar og føra til betre framferd. Rett nok fekk ho eit lite sjokk då ho kort tid etter at Vladimir Putin hadde invadert og annektert Kim i 2014, møtte den same Putin. Ho meinte å sjå ei endring, at mannen hadde miste kontakten med røyndomen. Ho ringde president Barack Obama og sa at Putin «lever i ei anna verd».
Og ja, ho gjekk etter møtet med Putin med på nokre sanksjonar mot russiske olje- og gasselskap, og oligarkar, som rett nok i hovudsak var i amerikansk regi. Men om noko gjorde Merkel Tyskland og EU endå meir avhengige av Russland.
Ho heldt fram med å pressa gjennom ei ny gassrøyrleidning utanom Ukraina, Nord Stream 2. Ho sa nei til ein tentativ førespurnad frå Noreg om å vera med på å byggja og finansiera ei ny røyrleidning frå Barentshavet. Ingen tyske selskap har tilbode finansiering av til dømes leiteboring og produksjon frå dei store gassressursane som er i Svartehavet, og som Bulgaria og Romania og ikkje minst Ukraina har ynskt å utnytta. Russland har konsekvent vore mot at grannelanda skal få EU-finansiering til gassfelt, og konsekvent fått viljen sin. Og så var det dette med atomkraft.
Olaf Scholz
Sundag sa den nye tyske kanslaren Olaf Scholz at den tyske regjeringa ville sjå på om det var mogleg å driva vidare dei siste atomreaktorane, som Merkel hadde gjeve ordre om å stengja. Svaret frå eigarane var at det ikkje gjekk. Avviklinga var komen for langt. Skulle reaktorane drivast vidare neste vinter, måtte det vera på det høgste tryggingsnivået og det lægste produksjonsnivået. Det ville ikkje mona.
Scholz kom med meldinga om atomkraftverka i den same talen der han fortalde at han straks ville setja av 100 milliardar euro til opprusting av det tyske forsvaret, og så raskt som råd var, gje forsvaret over 2 prosent av tysk BNP i året. Det svarar til om lag 80 milliardar dollar, som er meir enn det Russland kvart år nyttar på forsvaret. Samstundes opna han for ein storstilt gratiseksport av tyske våpen til ein nasjon i krig, Ukraina.
Særleg det siste var eit totalt brot med tysk etterkrigstradisjon. Men samstundes var det noko anna Scholz hadde vore med på dagen før, som var i samsvar med ei anna tysk handling frå før andre verdskrigen braut ut, å kverrsetja valutareservane til eit sjølvstendig land.
Gje meg gull!
Då Hitler byrja opprustinga av den tyske krigsmakta før 1939, nytta han alt av hard valuta og gull som Tyskland hadde. Han gjekk tom. Det var ein av hovudgrunnane til at Hitler snøgt braut München-avtalen. Den 14. mars 1939 tvinga han Slovakia til å seia seg uavhengig, og dagen etter gav han den tyske hæren ordre om så raskt som mogleg å taka Praha. Han visste at regjeringa i Praha hadde store gullreservar av di Tsjekkoslovakia var eit førande eksportland.
Framme i Praha gjekk tyske styrkar straks inn i sentralbanken, og ein offiser retta ein pistol mot hovudet til sentralbanksjefen og bad han senda eit telegram til Basel, til Den internasjonale oppgjersbanken, Bank for International Settlements (BIS), «clearing-banken» for sentralbankar som hadde som rolle å balansera ut valuta- og gulltransaksjonar mellom statar, ei rolle BIS delvis har den dag i dag. Mykje av valutareservane i verda i form av gull var då som no lagra i kjellaren til Bank of England (BoE).
I telegrammet frå BIS, som var styrt av tyskarar, til BoE stod det at gullreservane til Tsjekkoslovakia i London skulle overførast til Tyskland. Den britiske sentralbanksjefen Montagu Norman fylgde ordren. Medlemane i BIS hadde ikkje formelt sagt at dei var i krig med Tyskland, og Tyskland hadde ikkje kome med ei formell krigsfråsegn mot Tsjekkoslovakia, som Putin elles ikkje har gjort mot Ukraina.
Ein lapp
Ein funksjonær gjekk ned i kjellaren og la ein lapp på gullbarrane til Tsjekkoslovakia. På lappen stod gullbarrane no bokførte som Tysklands. Dimed kunne Hitler nytta dette gullet til å kjøpa gummi frå Nederland, jarnmalm frå Sverige og olje frå Romania. Gong på gong skifta gullbarrane eigarar, men utan at éin einaste av dei vart flytta ein centimeter. Det har ein viktig, for Russland, belgisk parallell i dag.
Då Churchill oppdaga kva som hadde skjedd, heldt han ein rasande tale i Underhuset. Det var for seint, og dessutan hadde ikkje noko ureglementert skjedd, hevda BoE og den britiske regjeringa. Fyrst då Storbritannia og Frankrike i september 1939 formelt gjekk til krig mot Tyskland, vart Tyskland kasta ut av det internasjonale sentralbanksamarbeidet.
Men BIS i nøytrale Sveits heldt fram med å hjelpa Tyskland med å omsetja stole gull, mellom anna frå jødar, gjennom heile krigen, og sytte for at Tyskland fekk tak i varer på den internasjonale marknaden, ikkje ulikt rolla Kina ser ut til å ha teke på seg no.
Finansbomba
No har Vesten gjort det Tyskland gjorde mot Tsjekkoslovakia. Sjølv om Vesten ikkje offisielt er i krig med Russland, gav EU og USA, i samarbeid med Japan, laurdag ordre om at alt av valutareservar som den russiske sentralbanken har utanfor Russland og Kina, som ikkje var ein del av avtalen, skulle kverrsetjast. Samstundes vart russiske bankar, med unnatak for energitransaksjonar, kaste ut av Swift-samarbeidet, teknologiske overføringar av pengar mellom bankar internasjonalt i regi av eit belgisk selskap.
Det meste av denne artikkelen er skriven tysdag denne veka, og ingen hadde då noka form for heilskapleg oversikt over kva som no skjer og konsekvensane av finanssanksjonane. Framstillinga er også noko forenkla. Det einaste som så langt synest sikkert, er at sjølv om dei russiske valutareservane er kverrsette, kjem dei ikkje til å verta nytta av statane og sentralbankane som har teke reservane. I det minste vil vi helst tru det.
Men då USA kverrsette valutareservane til Afghanistan etter at Taliban tok makta, gav Joe Biden ordre om at halvparten av desse valutareservane, som altså ikkje er eigde av USA, skulle gå til etterkomarane av offera etter terroråtaka 11. september 2001. Det Biden gjorde då, er unikt i etterkrigstida og har skapt frustrasjon i det internasjonale sentralbanksystemet.
Goldman Sachs
I alle høve sende den amerikanske finansbanken Goldman Sachs, som vert rekna for å ha dei beste finansanalytikarane i verda, måndag ut eit notat med statistikk og moglege konsekvensar av kverrsetjinga av dei russiske valutareservane. Mykje av opplysingane i denne artikkelen er henta frå notatet. Men fyrst kan vi undra oss over at Russland og Putin kunne vera så dumme at dei har plassert store mengder med dollar, euro, yen og amerikanske, japanske og europeiske statsobligasjonar i statar dei måtte vita var mot invasjonen av Ukraina.
Svaret er minst todelt: Det som skjedde laurdag, er utan presedens i etterkrigstida. Det er bygt opp eit stort internasjonalt regelverk som særleg vernar verdipapir og pengar som sentralbankar, men også ambassadar, har i utlandet. Slik må det nesten vera skal både handel og diplomati fungera. Mange har teke til orde for at Oljefondet, som i dag internasjonalt vert rekna som valutareservane til Noregs Bank, skal skiljast ut frå Noregs Bank. Det er gode argument for eit slikt syn, og eit offentleg utval har kome med framlegg om dette. Men det støyter alltid på det same motargumentet: Valutareservane til sentralbankar har eit særskilt internasjonalt vern.
Clearing
Sentralbankar er også oppgjersbankar, dei driv med såkalla clearing. Noregs Bank summerer opp handelen med norske kroner og vil heller ikkje, som andre sentralbankar, at nasjonale bankar skal utsetjast for særleg valutarisiko. DNB er ein stor bank, både her heime og internasjonalt. Men dei får knapt ha internasjonal valuta på kontoar her heime, såkalla opne posisjonar. Noregs Bank krev at det meste DNB og andre bankar får inn til Noreg av internasjonal valuta, straks vert lukka og veksla inn i norske kroner i Noregs Bank.
Noregs Bank fører så oppgjeret med handelen med utlandet. Det er upraktisk om eg sel noko til Danmark og du kjøper eit møbel frå Finland, og vi båe må byta nasjonal og internasjonal valuta for å få til dette og veksla vidare med ein tredjepart. Noregs Bank har oversikta, og overskotet eller underskotet i ulike valutaer vert bokført av Noregs Bank og andre sentralbankar. Noregs Bank er oppgjersbanken for norske kroner internasjonalt. Den amerikanske sentralbanken, Fed, for dollar.
Må stå ute
Av og til vil ikkje eingong sentralbankar at den internasjonale valutaen eit firma har tent, skal førast heim og vekslast om til lokal valuta, særleg om ein har overskot på driftsbalansen. For internasjonal valuta må, når ein har overskot, altså sparer, stå på konto i eit anna land eller konverterast til internasjonale verdipapir.
Internasjonale dollarreservar som andre sentralbankar har, hamnar ofte på konto i avdelinga til den amerikanske sentralbanken i New York, New York Fed. Fleire långjevarar har prøvt å få tak i dollar som statar har på konto i New York Fed, når desse ikkje har betalt gjelda si. USA og det amerikanske rettssystemet har kvar gong avvist desse krava. Så lenge Oljefondet er under Noregs Bank og ikkje ei eiga juridisk eining, kan i praksis ingen saksøkja Oljefondet for å få tak i pengane der. Valutareservar er heilage.
Eller dei var det til USA i særskilde tilfelle fann ut at dei vil kverrsetja valutareservar. Dei gjorde det fyrst mot Cuba, dei har gjort det mot Nord-Korea, og dei har gjort det mot Iran. Men dei har aldri gjort det mot store, sentrale aktørar på verdscena, og dei har i røynda vore nokså åleine om å gjera dette. Russland trudde ikkje at andre enn USA ville byrja slik, og dei trudde nok heller ikkje at USA ville gjera det. Dei prøvde likevel å sikra seg.
Krim
Russland har selt og sel store mengder olje, som vert notert i dollar, til USA. Mange av desse dollarane har Russland late hamna som valutareservar på depotkonto i New York Fed. Men det er ikkje til å leggja skjul på at dollarrestriksjonane USA gjennomførte etter Krim, mot russiske oljeselskap og russiske bankar, og dei som dreiv med banksamarbeid med russiske oligarkar og russiske oljeselskap internasjonalt, skapte problem for den russiske regjeringa, som i tillegg hadde stor statsgjeld i dollar.
Etter Krim gav Putin ordre om at Russland måtte gå med overskot på driftsbalansen for å verta kvitt særleg dollargjelda, men òg for å byggja opp internasjonale valutareservar, som Putin etter alt å døma har trutt kunne verna landet mot internasjonale finansrestriksjonar. I tillegg har den russiske sentralbanken teke ut store delar av pengane dei hadde ståande på konto i New York Fed. Kvar har så desse reservane hamna?
Ikkje kontantar
Det er ikkje slik at internasjonal handel går føre seg i kontantar. Når Tyskland har betalt for russisk gass i euro, har det ikkje gått store lastebillass med eurosetlar til Moskva, eller dollar på fly frå USA når dei har betalt for russisk olje. Moderne handel går føre seg med digitale pengar, og desse digitale pengane må plasserast ein stad, om ein då ikkje kjøper gull for dei og lagrar dei i ein kjellar.
Det er dessutan slik at berre den amerikanske sentralbanken kan laga dollar. Dimed kontrollerer banken utdelinga av dollar til bankar som driv med transaksjonar med digitale dollar. Det gjer USA nær allmektig i internasjonal finans.
Putin og den russiske sentralbanken har sjølvsagt vore klare over dette. Dei har heilt sidan 2014 prøvt å kvitta seg med dollar, både i form av eiga gjeld i dollar og i form av digitale dollar. Særleg ivrig vart Russland etter å kvitta seg med dollar etter 2018, då Trump gjekk etter sju oligarkar for «vondarta aktivitetar verda over».
Meir gull!
Då er vi attende til Goldman Sachs. Dei gjev opp tala i amerikanske dollar, men det er i denne samanhengen ei rekneskapseining. I januar hadde den russiske sentralbanken valutareservar svarande til 595 milliardar dollar. Dei dollarane dei har kvitta seg med, har mykje gått til å kjøpa nett gull. Ja, så langt har den russiske sentralbanken gått at dei i motsetnad til nesten alle andre sentralbankar som har gull, ikkje har dette lagra i USA eller i England, men heime i Moskva. Dei har 132 milliardar dollar, vel 20 prosent av reservane, i gullbarrar.
Men nesten ingenting av resten av valutareservane i pengar og verdipapir er heime i Russland. Det er i praksis ikkje mogleg i særleg grad, utan at vi skal gå altfor nøye inn på kvifor. I tillegg til gullet har dei 16,7 prosent i renminbi, kinesiske yuan, ståande i Beijing. Men resten, nesten to tredjedelar, har dei i valutareservar som no er låste. Og dei har framleis 96 milliardar amerikanske dollar, stort sett alt i form av amerikanske statsobligasjonar, verdas mest likvide verdipapir.
Desse amerikanske obligasjonane er rett nok ikkje plasserte i USA, men i depotkontoar hjå to belgiske selskap, som er verdas største depothaldarar av verdipapir. Desse to belgiske selskapa har den same funksjonen for verdipapir som BoE hadde for gullbarrar før andre verdskrigen. Dei flyttar rundt på eigarskapen, utan å flytta verdipapira. Men svært mykje av reservane til den russiske sentralbanken er i tillegg plassert i dei tyske, franske og japanske sentralbankane som reint digitale pengar.
Rubel for gull?
Ja, i teorien kan gullet og den kinesiske valutaen nyttast til å forsvara verdien på rubelen, men det er ikkje enkelt. Ingen i Vesten vil no taka mot gull for rublar, og det er ikkje lett å konvertera renminbi som ikkje flyt fritt i den internasjonale valutamarknaden.
I tillegg kjem Swift-sanksjonane mot russiske bankar som får inn dollar, yen og euro. Ein lite dristig spådom er at stadig meir av russisk import må skje via Kina, særleg av den typen som står på amerikanske sanksjonslister.
Mykje av dei mest avanserte mikroprosessorane som russisk våpenindustri treng, vert produsert på Taiwan på basis av amerikanske patent og teknologi. Biden har no kopiert sanksjonsregimet som Trump innførte mot Huawei overfor Russland.
Men det vesentlege i denne samanhengen er at Russland langt på veg er stengt ute av den internasjonale finansmarknaden og ikkje får nytta valutareservane til å forsvara rubelen. Det kjem til å føra til høg inflasjon og redusert levestandard i Russland.
Men nei, det er ikkje slik at russiske selskap ikkje får kjøpa ting internasjonalt, det er berre vorte vanskelegare. Russland får framleis selja olje og gass, og inntektene frå dette kan til dømes gå til å kjøpa naudsynte ting for folkesetnaden og finansiera i det minste delar av krigføringa i Ukraina.
Tunge tider
Det er likevel særs vanskeleg å vera Russland no. Alle vil ut derifrå, Oljefondet, BP, Shell, Equinor… Men sanninga er at dei ikkje får selt det dei eig, til ein meiningsfull pris. Ja, dei kan framleis selja seg ned på Moskva-børsen, men då vert det på billigsal. Og korleis skal dei få konvertert rublane dei då får, til dollar og euro? I røynda er investeringane tapte for alle som vel å selja no.
Dei to før nemnde belgiske selskapa som held verdipapir i depot for mange av investorane i verda, Euroclear og Clearstream, har til saman verdipapir for 50 billionar euro. Verdipapir flyttar ikkje på seg når dei vert selde og kjøpte, dei vert berre registrerte digitalt på nye kontoar eller får endra verdi på kontoar rundt omkring i verda.
Eit av dei belgiske selskapa har no kunngjort at dei ikkje lenger vågar å ha noko å gjera med bankane dei samarbeider med i Russland, på grunn av sanksjonane. Torsdag denne veka slutta dei båe dessutan med all handel med rublar, som har fått fastsett nominell verdi utanfor Russland. I praksis veit ingen kva rublar er verde på den internasjonale marknaden. I røynda vert verdien for tida dimed sett til null.
Konkurs
Slik det ser ut no, kan ikkje den russiske sentralbanken betala ned på den trass alt vesle statsgjelda Russland har. Dei har per no ikkje ein metode å overføra pengar på til kontoane til dei som har lånt dei pengar. Då er den russiske staten, som for tida er særs formuande, konkurs, noko som igjen automatisk fører til ei mengd vonde følgjer.
Korleis hamna vi her no når krigen er eit faktum? Globalisering. USA har flytta nesten alt av særs avansert mikroprosessorproduksjon til Taiwan, som er truga av invasjon frå Kina, og det meste av litt enklare teknologiproduksjon til... ja, de gissa rett, Kina.
EU og Storbritannia har på si side flytta mykje av den fossile energiproduksjonen til Russland ved ikkje å investera i olje og gass. Tek Russland Odesa, noko det ser ut som dei gjer, kontrollerer dei dessutan 30 prosent av verdas eksport av kveite. Både Russland og Ukraina har etter kommunismens fall vorte kornkammer for verda. Då har vi ikkje eingong snakka om den russiske kunstgjødselproduksjonen.
Ikkje noko av denne auka handelen ser ut til å ha hjelpt på vandelen som Merkel var så glad i å snakka om. Teorien om at samhandel skulle føra til evig fred, var populær før fyrste verdskrigen. Han kom på mote att på 1980-talet og varte til Trump fekk makta. Om noko har vel det faktumet at Vesten har flytta energiproduksjon til Russland og vareproduksjon til Kina, gjeve despotar større sjølvtillit, nett slik keisar Vilhelm fekk før fyrste verdskrigen, då Tyskland passerte Storbritannia i industriproduksjon.
No har Vesten gått til finansiell krig mot Russland av di Russland har gått til krig i den tru at energieksporten skulle verna dei mot alvorlege sanksjonar. Om Kina tek Taiwan, kan ikkje USA lenger produsera dei moderne våpensystema dei har gjort seg avhengige av. 92 prosent av dei beste og mest spesiallaga mikroprosessorane vert laga på Taiwan, på grunnlag av amerikanske patent. Det kjem til å taka mange år å flytta produksjonen heim eventuelt.
Denne veka har Russland sendt ekstra mykje gass til EU. Ukrainas bøn om boikott av russisk gass og olje, vert ikkje høyrd. Putin, på si side, ville atterreisa eit imperium. I staden kan Russland verta ein vasallstat av Kina.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.