– Påfallande normal valkamp
Rundt 200.000 veljarar bestemmer seg fyrst på valdagen. Valforskar Johannes Bergh seier det er lite truleg, men framleis mogleg, med nytt borgarleg fleirtal.
Det er stor interesse for partileiardebattane på TV i valkampen, men det er ifølgje valforskar Johannes Bergh sjeldan dei fører til store veljarrørsler.
Foto: Marit Hommedal / NTB
Det er stor interesse for partileiardebattane på TV i valkampen, men det er ifølgje valforskar Johannes Bergh sjeldan dei fører til store veljarrørsler.
Foto: Marit Hommedal / NTB
eva@dagogtid.no
Snittet av dei nasjonale målingane for september syner det som har vore hovudtendensen ei stund no: at fleirtalet av veljarane ønskjer ei ny og raudgrøn regjering. Ifølgje valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking skal det derimot ikkje store endringar til før det likevel kan verte ei ny Solberg-regjering.
– Det mest trulege er at det vert regjeringsskifte, men ein kan likevel gjere øvinga å spørje seg kva som skal til for at dei borgarlege får fleirtal, og då er realiteten at det ikkje skal veldig store veljarrørsler til. Ifølgje ei undersøking frå VG er det snakk om 140.000 veljarar som må flytte seg, og det er ikkje mange. Men dei må flytte seg på ein bestemt måte. Venstre og KrF må over sperregrensa, og MDG og Raudt må kome under. Høgre og Frp må nok også gå litt fram, så det er mykje som må klaffe samstundes for at borgarleg siger skal vere mogleg. Dei må ha maksimal flaks.
– Over éin million personar har alt førehandsrøysta. Kva kan endre situasjonen blant dei som ikkje har røysta i løpet av helga?
– Ja, over ein tredjedel av røystene er alt gjevne, kan hende endå meir. Samstundes syner undersøkingar at rundt 200.000 veljarar bestemmer seg fyrst på valdagen. I 2017 skifta halvparten av veljarane partipreferansar i løpet av valkampen, så det er potensial for endringar og dynamikk dei siste dagane.
– Kva type saker kan gje ein slik dynamikk?
– Helsepolitikk er viktig for veljarane, så dersom det skulle verte mykje debatt om noko som har med helse å gjere, eller for så vidt også pandemien og regjeringa si handtering av han, er det døme på saker som kan flytte ein del veljarar.
– KrF har lege under sperregrensa på dei fleste målingane i over eit år, men har krope litt oppover den siste månaden. Så kom saka om pendlarbustaden til Ropstad. Kor mykje har ei slik sak å seie?
– Om det ikkje var rett før eit val, vil eg tru saka hadde blåse fort over. Denne typen skandalar får sjeldan stor innverknad med mindre det er snakk om eit systematisk mønster for regelbrot eller åtferd som vert fordømd. Problemet for KrF er at det er val måndag, så sjølv om saka ikkje skulle få stor innverknad, kan ho verte avgjerande for partiet, som treng kvar einaste røyst dei kan få for å kome over sperregrensa.
– Korleis vil du karakterisere valkampen i år?
– Vi kunne ha venta at pandemien og det vi har vore gjennom det siste året, ville ha prega valet meir, så slik sett har det vore ein påfallande normal valkamp som har handla om heilt vanlege saker. Det er heller ingen enkeltsaker som har dominert. Miljø og klima har vore viktig, men det har òg vore mykje diskusjon om andre saker.
– Kor viktig er klimasaka?
– Ho er nok absolutt ei av dei viktigaste sakene, særleg blant unge veljarar under 30 år. Det såg vi tydeleg både ved førre stortingsval og ved lokalvalet i 2019. Resultatet av skulevalet syner òg at oppslutninga om dei tre klimapartia, SV, MDG og Venstre, er nokså stabil. Dei går samla sett fram frå 2017 og ligg på om lag same nivå som i 2019. Men MDG går tilbake frå 2019, til fordel for Venstre og SV, så klima og miljø er ikkje det einaste unge veljarar er opptekne av.
– Liv Signe Navarsete i Sp kritiserte nyleg VG for berre å drive med spel og spetakkel og ikkje skrive om dei politiske sakene. Kva rolle vil du seie media har spelt i denne valkampen?
– Media har ei sentral rolle. Sjølv om ein del kommunikasjon òg skjer gjennom sosiale medium, er det fyrst og fremst via dei etablerte media veljarane får informasjon om partia. Og det er lett å vere litt samd i det Navarsete seier, for det har vore mykje vekt på meiningsmålingar og aktuelle regjeringsalternativ, medan det veljarane treng mest, er informasjon om politiske saker og kva partia står for. Men dekking av målingar og aktuelle regjeringsalternativ har òg nyhendeverdi og allmenn interesse. Det er media si oppgåve å ha balanse mellom dei to delane i valkampdekkinga.
– Har det vore meir «spel og spetakkel» i denne valkampen enn det brukar å vere?
– Nei, eg trur ikkje det er grunnlag for å seie det. Det var jo også diskusjon om regjeringsspørsmålet i 2017.
– Dei TV-sende partileiardebattane kan vere kaotiske. Medfører dei store rørsler i veljarmassane?
– Nei, vanlegvis ikkje. Det er svært sjeldan vi ser direkte effektar av den typen debattar på målingane for dei enkelte partia. Men det er stor interesse for debattane.
– Dei borgarlege partia må ha maksimal flaks for å vinne valet.
Samtalen
Johannes Bergh
forskar og valekspert ved Institutt for samfunnsforsking
Aktuell
Stortingsvalet