Skattejakt på sokkelen
Regjeringa seier at ho vil avvikla leiterefusjonsordninga. Det er ei sanning med store modifikasjonar.
Samferdsleminister Knut Arild Hareide, olje- og energiminister Tina Bru, finansminister Jan Tore Sanner og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn på pressekonferansen om forslaget til omlegging av petroleumsskatten.
Foto: Fredrik Hagen
Samferdsleminister Knut Arild Hareide, olje- og energiminister Tina Bru, finansminister Jan Tore Sanner og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn på pressekonferansen om forslaget til omlegging av petroleumsskatten.
Foto: Fredrik Hagen
Petroleum
jon@dagogtid.no
Kor lett er det å spå om framtida for norsk olje og gass? Det er ikkje lett. I 2016 sa Frederic Hauge, Bellona-leiaren, at «norsk gass er i ferd med å bli verdiløs», visstnok av di EU ikkje lenger ville ha norsk gass. I dag er gassen meir verdifull enn nokon gong. Ja, så godt eller gale har det gått at norske gass faktisk er vorten meir verd enn oljen, både i relative og i absolutte tal.
Kvar dag eksporterer Noreg no gass for 1,7 milliardar og olje for 1,2 milliardar. Målt i oljeekvivalentar er prisen på eit «fat» gass no høgre enn på eit fat olje, og det sjølv om oljeprisen er høg. 85 prosent av pengane som all denne oljen og gassen gjev av overskot, går rett i statskassa. Ja, om så Noreg hadde hatt høve til å produsera ti gonger så mykje gass som i dag, hadde verda vore viljug til å kjøpa all den gassen og betala mykje for han.
For EU ville ikkje ha mindre gass, dei ville ha meir, mykje meir. Det er forståeleg. Gass er den perfekte balansekrafta for den ustabile sola og vinden. Gasskraft kan i motsetnad til kolkraft slåast rett av og på og genererer berre halvparten så høge CO2-utslepp som kol og mykje mindre luftureining. Når verda vil verta reinare, etterspør ho meir gass. I år har gassprisane i EU gått opp med 120 prosent.
Mismot
Men trass i at verda etterspør norsk gass som aldri før og prognosane til Det internasjonale energibyrået, IEA, viser ein stadig aukande etterspurnad etter både olje og gass fram mot 2050, har det særleg langs kysten likevel spreidd seg eit mismot. Dei fleste som arbeider med olje og gass og leverer produkt og tenester til næringa, er vortne nervøse for arbeidsplassane.
Mykje av æra eller skulda ber regjeringa. Berre tolv dagar før valet la ho fram eit tilsynelatande radikalt forslag om å endra skatteregimet for olje- og gassnæringa. Dessutan var både miljøvernminister Sveinung Rotevatn frå Venstre og samferdsleminister Knut Arild Hareide frå KrF til stades på pressekonferansen.
Ja, når ei omlegging av skattesystemet for petroleumsnæringa skal kunngjerast, er det naturleg at både finansministeren, som har ansvaret for skatt, og olje- og energiministeren, som har ansvaret for næringa, er til stades. Men dei to andre ministrane hadde ikkje saksansvar for området.
Innstramming?
Hareide og Rotevatn var der for å selja inn omlegginga av skattesystemet som ein klimasiger for mellompartia i regjeringa. For kva var det dei fire ministrane kunne fortelja på pressekonferansen? At den mellom klimaengasjerte ikkje særleg godt likte leiterefusjonsordninga skulle avviklast – ja, den ordninga som mange kallar subsidiering av oljenæringa – og at oljeskattregimet skulle verta nøytralt.
Statsminister Erna Solberg stadfesta sjølv på Facebook at det var slik skatteomlegginga skulle forståast: «Med et nøytralt skattesystem slipper vi også diskusjonen om hvordan oljeselskapenes fradrag over tid skal verdsettes og det nytter ikke lenger å komme med påstander om subsidier.»
Dei fleste såg ut til å vera samde med Solberg. Alt dagen etter pressekonferansen fekk finansminister Jan Tore Sanner ros frå Raudt i Politisk kvarter, og ei rekkje miljøvernorganisasjonar støtta framlegget.
Ja og nei
Ja, det er i og for seg sant at leiterefusjonsordninga formelt vert avvikla om framlegget går gjennom, men det er nokså lite sant reelt. Det hadde vore mykje meir sant om dei fire ministrane som tok del i pressekonferansen, hadde sagt at leiterefusjonsordninga no vert gjeldande for heile olje- og gassnæringa på norsk sokkel. For det er det som i røynda, med små modifikasjonar, skjer om framlegget til regjeringa vert vedteke. For å forstå kvifor må vi forstå kva leiterefusjonsordninga er for noko.
Skattenivået til olje- og gassnæringa er 78 prosent på alt overskot (i tillegg kjem utbyte frå Equinor og alle inntektene til Petoro, difor får staten minst 85 prosent av inntektene frå norsk sokkel). Og 78 prosent har det vore i meir enn éin generasjon no. Dimed får næringa også frådrag på 78 prosent over ein gjeven årsperiode. Men før 2005, då leiterefusjonsordninga vart vedteken, var det slik at ein måtte ha eit overskot å føra leitekostnadene mot, ein måtte vera i det vi kallar «skatteposisjon».
Sagt på ein annan måte: Om du var ein ny aktør på norsk sokkel og ikkje tente pengar på olje og gass som du hadde funne før, og likevel byrja å leita etter olje, men ikkje fann noko, ja, så tapte du alle pengane du hadde nytta på leiting. I klartekst: Ikkje noka inntekt, ikkje noko frådrag.
Ikkje Saudi-Arabia
Det er ikkje til å koma forbi at norsk sokkel er ein vanskeleg stad å leita. Det er ikkje som i Saudi-Arabia, at ein berre kan bora i grunnen og så forventa å finna olje eller gass. Dei fleste leiteboringar på norsk sokkel resulterer ikkje i drivverdige funn, og når det fyrst vert gjort funn, tek det 10–15 år før drifta kjem i gang.
I praksis innebar det gamle regimet at norsk sokkel var lukka for alle andre enn etablerte oljeselskap som hadde eit overskot å føra leitetap mot. I røynda var det før 2006, då leiterefusjonsordninga vart gjord gjeldande, berre fem aktørar som leitte etter olje og gass på norsk sokkel.
Desse fem aktørane fann berre 1 milliard fat olje og lite gass mellom 2000 og 2006. Med den nye leiterefusjonsordninga kom ei rekkje nye aktørar til. Mellom 2007 og 2017 vart det funne seks milliardar fat olje og store mengder gass.
På søknadsrunden i 2020 søkte 33 selskap om leitelisens på norsk sokkel. Kor mykje har ordninga kosta? 136 milliardar. Men det vert ikkje eit heilt rett tal, for også før ordninga vart innført, vart det leitt etter olje på norsk sokkel. Dei som var i skatteposisjon før ordninga, fekk alle refundert minst 78 prosent av leitekostnadene.
Pengar i handa
Så kva var det reint skatteteknisk leiterefusjonsordninga innebar? Jau, eit kontantstraumprinsipp. Alle kostnader eit selskap hadde til leiting eitt år, kom til frådrag året etter. Om du ikkje hadde eit overskot å føra leitekostnadene mot, gav staten deg 78 prosent av kostnadene du hadde på leiting rett inn på bankkonto året etter leiteboringa. Ja, du las rett, du fekk pengar frå staten om du ikkje fann noko.
Dette reduserte risikoen mykje for nye aktørar og dei som lånte pengar til desse, og difor har norsk sokkel fått mykje høgre aktivitet og kjem til å produsera olje- og gass langt lenger enn nokon såg føre seg på byrjinga av 2000-talet.
Sjølve stjernedømet er Johan Sverdrup: Om vi tek utgangspunkt i midtoverslaget om kor mykje Sverdrup kjem til å produsera i framtida – midtpunktet er eit konservativt overslag, ny teknologi har det med å forlengja produksjonen – er verdien av feltet i dagens pengar og pris 1500 milliardar. Selskapet som fann Sverdrup i 2010, var vesle Lundin Energy Norway, eit selskap som ikkje var i skatteposisjon, men likevel fekk refundert 78 prosent av kostnadene ved leiting.
Alle får
No vil regjeringa at kontantstraumprinsippet frå leiterefusjonsordninga skal gjerast gjeldande for alle kostnader og investeringar på norsk sokkel. Oljenæringa skal ikkje lenger skriva av investeringar over fleire år, men kunna trekkja av alt på skatten det året investeringane eller leitinga går før seg. Investerer du og leiter du eitt år, reduserer det skatten din med 78 prosent det påfylgjande året.
Fordelen med dette systemet, sett frå oljenæringa si side, er at det gjer investeringar meir føreseielege, og at det betrar likviditeten til selskapa. Dei får langt meir kontantar her og no i staden for å måtta basera seg på ei usikker inntekt i framtida. Og ei krone her og no set vi menneske, inkludert eigarar av olje- og gasselskap, mykje meir pris på enn ei krone i framtida.
Taper eller vinn staten på dette? Finansdepartementet meiner at dette på sikt vil auka inntektene, dei får inn meir skatt der framme. Dessutan varer statar, i det minste i utgangspunktet, evig, og dimed kan ein stat i motsetnad til individ planleggja for æva. Den eventuelle omlegginga får heller ingen konsekvensar for statsbudsjettet. Olje- og gasspengane staten får inn, går direkte til Oljefondet, som staten som regel hentar ein nokolunde fast prosentdel av kvart år.
Atterhaldet
Ja, det er eit «men» her. Regjeringa kjem med ei konkret innstramming i skatteregimet, og det er kan henda litt underleg målt opp mot den overordna retorikken om nøytralitet. Mantraet er at det nye systemet gjer ei investering relativt sett like lønsam etter skatt som før skatt, både for staten og for selskapa. Og ja, slik skattesystemet har vore før, og særleg no under den ekstraordinære oljepakken, har det i teorien vore mogleg at oljeselskapa på grunn av skattesystemet investerer i prosjekt som ikkje er samfunnsøkonomisk lønsame.
Her høyrer det rett nok med å nemna at både Klimarisikoutvalet og Riksrevisjonen har peikt på at det i praksis heller er slik at oljeselskapa på grunn av høge krav til avkasting har late vera å investera i prosjekt som er samfunnsøkonomisk lønsame. Ein av grunnane til at Stortinget vedtok oljepakken, var nettopp å få gjennom prosjekt som samfunnet og dimed staten som heilskap tener på, og det sjølv om skattesystemet dimed vart mindre nøytralt.
Staten er alt
Kven er så det største oljeselskapet på sokkelen? Det er sjølvsagt staten. For staten er heile sokkelen i røynda ei statleg verksemd. Staten tek 78 prosent av kostnadene og risikoen, og i byte får staten 78 prosent av inntektene. Men for selskap som no vil leita og ikkje er i skatteposisjon, kjem det ei innstramming for dei som ikkje finn noko. Og nett det er eit avvik frå den nøytraliteten som regjeringa seier at deira framlegg til nytt skattesystem fremjar.
Regjeringa vil no innføra ein generell overskotsskatt for olje- og gassnæringa på 6,2 prosent, som er langt lægre enn den generelle overskotsskatten på land på 22 prosent. Vi får ein særmerkt overskotsskatt for ei særmerkt næring, noko regjeringa og Finansdepartementet var sterkt mot då oljepakken vart vedteken i fjor. Dei hevda at ein lik grunnleggjande overskotsskatterate var viktig for å hindra at ulike næringar skulle få høve til å pressa på for særmerkte ratar for ulike sektorar. No har dei endra meining.
I alle høve: For å halda skattenivået på det gamle 78 prosent innfører dei no i tillegg til ein overskotsskatt på 6,2 prosent, ein konstantstraumskatt på 71,8 prosent. Og det vert ikkje heilt nøytralt. Staten tek ikkje sin del av rekninga for leiting fullt ut. For om du ikkje kjem deg i skatteposisjon, får du ikkje refundert 78 prosent, men 71,8 prosent.
Høgre risiko
Endringa er ei klar innstramming for dei selskapa som ynskjer å leita på norsk sokkel, men enno ikkje har inntekter frå den same sokkelen. Dimed møter nye aktørar ein høgre risiko enn før. Dei får ikkje ei garantert tilbakebetaling frå staten på 78 kroner per 100 kroner dei leiter for, men 71,80. Dette kan sjå ut som ei lita endring, men når ein ny aktør eller gruppe kanskje vil nytta nokre milliardar på leiting, tel slikt ein god del.
Trøysta for dei som er redde for at innstramminga fører til mindre leiteaktivitet, er at langt fleire aktørar takk vera leiterefusjonsordninga no er i skatteposisjon enn i 2005. Dimed kjem det også i framtida, om den komande regjeringa ikkje seier nei til nye leitelisensar, til å vera mange som ynskjer å leita, men truleg ikkje så mange som det kunne ha vore under det noverande skatteregimet.
Her høyrer det også med å nemna at stadige endringar i eit skattesystem, særleg under valkampar, gjer alle aktørar meir nervøse, og otte fører som regel til lægre investeringar.
Joker Støre
Kjem framlegget frå regjeringa til å verta vedteke? Ja, nei, tja. Førre helg gjekk Jonas Gahr Støre ut og sa at han støtta prinsippa i framlegget til regjeringa, men med visse atterhald. Staten må «følge opp med en politikk som kan fremskynde og gjøre veien kortere til å komme i gang med havvind, hydrogen og fangst og lagring av CO2. Det er viktig for oss».
Det er uvisst kva Støre meiner med dette i skattesamanheng, men vi bør ikkje sjå bort ifrå at han i kodar snakkar om såkalla «friinntekt» og ei utviding av olje- og gasskattregimet på sokkelen til all energiverksemd der. Friinntekt har fram til no vore ein berebjelke i styringa av aktivitetsnivået i olje- og gassnæringa. For høg aktivitet, mindre friinntekt – for låg aktivitet, høgre friinntekt.
Litt enkelt sagt er friinntekt ei ekstrainntekt som gjer at oljenæringa dei fyrste åra etter ei investering nærast er garantert å få minst den same avkastinga som næringslivet på land. Men storleiken på friinntekta har variert mykje med åra. Oljepakken som Stortinget gav næringa i fjor, auka friinntekta. Stoltenberg II reduserte friinntekta då oljeprisen var rekordhøg.
Mindre oljefond
No gjer altså regjeringa framlegg om å fjerna friinntekta, sidan ho ikkje er skattenøytral. Men den komande regjeringa ynskjer at vi skal investera i hydrogen, CO2-lagring og havvind på sokkelen. Då vert spørsmålet kva slags skattesystem desse næringane skal møta der ute. Ja, dei kan få store subsidiar, som er naudsynte i dag sidan desse satsingane ikkje er marknadsøkonomisk lønsame.
Men subsidiar lyt ein løyva over statsbudsjettet, som er underlagt handlingsregelen. Kjem derimot havvind og hydrogen inn under sokkelregimet til oljenæringa, som er halden utanfor handlingsregelen, kan ein løyva store pengar indirekte via skattesystemet og nytta mykje meir av Oljefondet til utgifter på land.
Ein kombinasjon av skattefrådrag på 78 prosent og friinntekt kjem enkelt sagt til å velta nesten alt av kostnader ved grøn satsing til havs over på staten via skattesystemet, og gje dei som byggjer ut hydrogen og havvind på sokkelen ei nær garantert normalavkasting på investeringane.
Jau, eit slikt energiskattesystem for både olje, gass, hydrogen og havvind utanfor handlingsregelen kjem nærast automatisk til å føra til auka olje- og gassleiting. Men det er staten som gjev ut leitelisensar. Regjeringa kan når som helst strupa leitinga gjennom å ikkje gje nye leitelisensar eller nye leiteområde.
Men framtida kjenner ingen. I påvente av eit nytt skattesystem kan vi hyggja oss med at både Sverdrup og norsk gasseksport kjem til å gje oss alle store inntekter i mange år enno. Frederic Hauge må venta nokre år til på avviklinga.
Ja, du las rett, du fekk pengar frå staten om du ikkje fann noko.
Oljeskattsystem
Regjeringa har føreslått eit nytt og nøytralt skattesystem for oljenæringa.
I framlegget får oljenæringa ein overskotsskatt på berre 6,2 prosent, men dei får samstundes ein særskatt på 71,8 prosent.
Endringa gjer at det vert litt vanskelegare for nye aktørar å koma seg inn på norsk sokkel.