Ris og ros til norsk arkitektur
Arkitekturopprøret har delt ut pris for stygg og vakker arkitektur. Vi kan alt merke ei mentalitetsendring som ikkje ville ha vore mogeleg for berre nokre år sidan.
Arkitekturopprøret gjev gjæv pris til Nygaardsplassen i Fredrikstad.
Foto: Kyrre Sundal / Mad arkitekter
Arkitekturopprøret gjev gjæv pris til Nygaardsplassen i Fredrikstad.
Foto: Kyrre Sundal / Mad arkitekter
Arkitekturopprøret heiter ei rørsle som finst både på Facebook og på Instagram: På Facebook nærmar gruppa seg 30.000 fylgjarar, medan talet på Instagram er 65.000 fylgjarar. Om vi skal snakke om folkerørsle i vår tid, så er arkitekturopprøret eit av få fenomen som lever opp til det omgrepet.
Kva vil opprøret? «Vi krever plass for en tradisjonsorientert arkitektur og byplan», heiter det i programmet deira. Dei vil bort frå «store bygg omgitt av dødt rom» og «glatte blanke fasader».
I førre veke innførte gruppa ei prisutdeling i Noreg – Grøss-medaljen, prisen for det styggaste nybygget i landet, saman med «Arkitekturopprørets Hederspris». Det nye Munchmuseet vann Grøss-prisen, medan Nygaardsplassen i Fredrikstad vann heidersprisen. Prisane vart delte ut i Oslo onsdag førre veke.
Som mange av lesarane veit, har Dag og Tid hatt ein serie om tettstadutvikling og kjøpesenter over mange år. Ei von med denne serien var å vekkje til medvit og mentalitetsendring knytt til arkitektur. Det skjedde i liten grad den gong, men no skjer ei endring som er unik. Det synest mellom både arkitektar og journalistar.
«Et tidsskille»
Representantar for Munchmuseet var inviterte til å møte opp og ta imot Grøss-prisen – det gjorde dei ikkje, som sjølvsagt ikkje var å vente. Men mottakaren av heidersprisen, Mad arkitekter, møtte opp og takka for prisen.
Nygaardsplassen har alt vekt oppsikt. Det er ei oppgradering av ein bydel i Fredrikstad der klassisk materiale som tegl er bruka, og der bygningane er i ein harmonisk storleik. Den nye bydelen, reist i 2019, har vorte kalla eit «Mini-Brooklyn i Fredrikstad».
Det skulle berre mangle at mottakaren av ein heiderspris ikkje dukka opp, kunne vi tenkje. Men så enkelt er det likevel ikkje. Å vera med på eit arrangement som fremjar ein tradisjonelt inspirert arkitektur, har vore tabu i mange arkitektkontor i landet.
Det er Cityplan AS og Mad arkitekter som står bak bydelen, og Trond Elverum og Sander Grundvig frå sistnemnde var der. «Nygårdsplassen og prisen er en del av et større tidsskille, der modernismen ikke lenger er enerådende», sa Elverum under prisutdelinga, ifylgje Avisa Oslo.
Det er oppsiktsvekkjande at dei mest modernistiske arkitektane i landet deltok på arrangementet. Mad arkitekter, som opphavleg heitte Moderne Arkitektur og Design, er blant Noregs mest kjende kontor. Dei er kjende for bidraget til Barcode-rekkja i Bjørvika – ein bydel som ikkje akkurat utstrålar «tradisjonell fornying».
«Landets grimmeste»
At det går føre seg eit «større tidsskille», har òg media fått med seg. For nokre år sidan ville eit slikt arrangement knapt vorte lagt merke til. No er det annleis. Ikkje berre regionaviser og nettaviser, men også Morgenbladet og Aftenposten dekte utdelinga. I Morgenbladet heiter det at prisutdelinga kjem til å «etablere seg som en varig del av bransjen». Grøss-prisen vekkjer òg åtgaum utanlands: Avisa Berlingske i Danmark har ei nyhendesak om det som skulle bli Oslos signalbygg, men som enda som «landets grimmeste» bygning.
Heller ikkje i media har det vore stovereint å skrive positivt om ein brei og folkeleg byggjekunst. Mange minnest dekninga av Bjørvika då den illgjetne rekkja Barcode vart reist. Aftenposten vart den gong skulda for å drive kampanje for den supermoderne fasaden til Oslos nye sjøside.
Det rette tidspunktet
Samtidig meiner eg å merke ei generell mentalitetsendring. Til dømes tala generalsekretær for Fortidsminneforeininga, Ola Harald Fjeldheim, under tildelinga. Han gav si tilslutning til eit skifte i norsk arkitekturpolitikk. Mellom mange medlemer av Fortidsminneforeininga har idealet vore ein såkalla brotsestetikk: Dersom gamle bygningar fekk nye tilbygg, skulle det synast gjennom ein kontrastfull arkitektur.
I tillegg kjem positive nyhende frå andre stader i landet. Eg nemner to saker som har fått riksdekning: Det heilt særeigne Petrahuset i Lødingen kommune i Nordland, som skulle sanerast, men no har fått ein ny eigar som vil bevara huset. Det er mykje takka vere Britt Marie Bye, som har skrive ei bok om tomme hus i Utkant-Noreg. Ei anna historie er ein sveitservilla i Steinkjer som Bane Nor kjøpte i 2017, og som dei vedtok å rive – etter fånyttes å ha freista få folk til å koma og flytte villaen. Då den førre eigaren såg rivingsvedtaket, kjøpte han like godt huset attende.
Men det er ikkje til å koma unna: Bak desse lysglimta trugar stygge fakta. Noreg er enno eit av dei landa i Europa som restaurerer minst og byggjer mest nytt – med uheldige fylgjer for klimaet. Kring 40 prosent av alle klimautslepp kjem frå byggjesektoren. Vi er òg det landet i Europa som har flest bilbaserte kjøpesenter. Og om lag 70 prosent av alle reguleringsplanar er private – eit høgt tal jamført med andre land.
Politikarane kan ikkje lenger vera passive tilskodarar til denne utviklinga. Dei lyt ta tilbake styringa – og då med ein arkitekturpolitikk med romslege, humane stilartar. Som punkta ovanfor viser, skjer det ei mentalitetsendring frå det eine til det andre området. Det er politikarane som no står for tur. Tidspunktet har aldri vore betre.
Ronny Spaans
Ronny Spaans er fyrsteamanuensis i norsk ved Nord universitet og fast skribent i Dag og Tid.
Det er oppsiktsvekkjande at dei mest
modernistiske arkitektane i landet deltok på arrangementet.