Skiftande og ustyrleg dagsorden
TV-valkampen har sausa saman saker og personar og skapt eit villare politisk klima.
Førre veke var statsministerkandidatane Trygve Slagsvold Vedum (Sp), Jonas Gahr Støre (Ap) og Erna Solberg (H) på folkemøte i Studentersamfundet i Trondheim i regi av NRK.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Førre veke var statsministerkandidatane Trygve Slagsvold Vedum (Sp), Jonas Gahr Støre (Ap) og Erna Solberg (H) på folkemøte i Studentersamfundet i Trondheim i regi av NRK.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
hompland@online.no
Valkampen går inn for
landing, sjølv om det kan dukka opp dritpakkar i siste liten. Partileiardebattar er blitt arena for overraskande rapportar som lobbygrupper får konfronterande programleiarar til å trekka fram i sola. Og brått blei Ropstad og verdipartiet KrF klistra til kreativ sjonglering med heimar og bustadverdiar.
DEN POLITISKE dagsordenen er ikkje lett å planlegga. Store saker kan koma kasta på utanfrå, men dei må treffa ein politisk nerve og skapa strid for å prega valkampen. Pandemi og Afghanistan gjorde det ikkje.
Når nye saker dukkar opp, blir andre slitne og forsvinn i skuggen, for det er ikkje plass til mange i mediedramaturgien. Då må partia legga om og tilpassa seg, slik at dei ikkje blir hengande fast i saker og vinklar som taper aktualitet. Det var Arbeidarpartiets lagnad då valkampen deira imploderte for fire år sidan. Dei hadde satsa alt på kamp mot stigande arbeidsløyse, men då trenden snudde og møtte bompengar, klarte dei ikkje å venda den skadeskotne supertankaren.
I år dukka FNs klimarapport opp som dagsorden-endrar. Valkampen blei litt villare og varmare, og avstanden mellom partia blei meir enn meteren. Det gagna dei grøne partia at klimaet kom ut av periferien og inn i sentrum.
Arbeidarpartiet kom på ny i skvis i distrikta, og Senterpartiet hamna i si eiga dieselfelle. Framstegspartiet greip sjansen og flytta hylet frå flyktningar til olje. Ytre høgre treng likevel ikkje tvila på at Listhaug er på deira side. Ho snik seg til å halda fast på det sylvifiserte kodeordet og slepper ein fis om islam av og til.
PARTI SOM GÅR OPP på meiningsmålingane, har ein tendens til å stiga endå meir. Effekten er sjølvforsterkande i begge retningar, så parti som går ned, fell endå meir. Mange veljarar henger seg på ei vogn i fart, og nokre blir hengande fast. Valforskarar kallar det bandwagon-effekt, eller «rævadiltareffekten» mellom bergenske statsvitarar.
I siste fase av valkampen har det vore Senterpartiets lagnad, Venstres von og SVs fata morgana.
NOKRE LANGE OG DJUPE liner ligg likevel fast i partias posisjonar, prosentar og plasseringar. Det dominante Arbeidarpartiet har falle ned ein divisjon og gler seg over tal som ville ha vore ein katastrofe for nokre få val sidan.
Ein annan tendens er at fleire saksfokuserte småparti ser ut til å klara sperregrensa og etablera seg med stortingsgrupper som må reknast med. Det rammar dei klassiske styringspartia, som må samla spreidd og usikker støtte bak statsministerkandidaten sin.
EIT MOTTO FOR TV-valkampen har vore: «Vi er nysgjerringe på dere som personer.» Derfor blei det stilt sjukt mange dumme spørsmål. Byråsjefen minner om at hos dei gamle
grekarane, som fann opp demokratiet, betydde «idiot» ein privat person som ikkje interesserer seg for offentlege saker og politikk. Han tek til vitande at Sylvi Listhaug er glad i å brodera, at Støre heller vil ha «vanlig pils» enn champagne, og at SV-leiaren trumfar det med «industriøl».
HJELPESKRIVARANE er ikkje pripne, særleg ikkje Vertinna, men dei er samde om kva som var det kleinaste i TV-valkampen – endå verre enn masete partileiarutspørjingar og rotete partileiardebattar med programleiarane i hovudrolla som inkvisitorar.
Lågpunktet var då NRK TV i beste og mest opplysande sendetid samla nestleiarane i partia til eit slags Nytt på nytt på speed, med direkte og overraskande spørsmål. Programmet var gruppert som «dokumentar» og gjekk inn i serien «Bruk din stemme».
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF, Rogaland) las grøssande opp eit av dei oppgitte spørsmåla, og for å vera ekstra tydeleg formulerte ho det slik: «Har du hatt sex eller pult på Stortinget?»
Dei andre lét seg lokka inn i kofferten, smilte flautt og stotra, til SVs Bergstø vida ut temaet og Raudts Sneve kunne fortelja at ho har skrivebord som både kan hevast og senkast og brukast i fleire stillingar; ho kan også sitja på toppen. Men fru Larkin Bollestad frå barne- og familiepartiet tok komiprisen med denne: «Eg har meir enn nok mæ å gjera det hjemma, så dæ har eg ikkje gjort.»
TEMATIKKEN blei følgt opp av helseminister Høie. Dersom han får halda fram etter 13. september, blir det kos, klapp, kyss og klem og one night stands. Den monomane Erna vedgjekk at slikt finnes, men tilrår ikkje praksisen. I motsetnad til i politikken slo ho eit slag for monogami og stabile partnarar. Kunne ikkje dei to sameinast i at slike øvingar i det minste bør haldast innforbi same kohort?
Samtykke og tillit er av-
gjerande. Som Solberg så pregnant formulerte det i eit velregissert folkemøte i Studentersamfunnet i Trondheim på spørsmål om gjenopning av lærarutdanninga i Nesna, som universitetet i nord har lagt ned: «Jeg støtter systemet og stoler på styret.»
VERTINNA ERGRAR seg stadig over at ho røysta på førehand, og at det ikkje kan gjerast om. Byråsjefen meiner ho har seg sjølv å takka og kan ha det så godt. For han skal det vera høgtid over valhandlinga, så han kler seg alltid opp og tar på seg ei demokratisk mine når han går til valurna på sjølve valdagen.
Der er spaltisten på line. Ha eit godt val.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
«Jeg støtter systemet og stoler
på styret.»
Erna Solberg, statsminister