Sterk frålandsvind
49,2 prosent av all vindkraftproduksjon i Noreg er eigd av utanlandske aktørar, og framover kan det verte meir. Facebook og Google er blant dei som kjøper opp krafta.
Google har sikra seg all kraftproduksjon frå Tellenes vindpark i Sokndal og Lund kommune i Rogaland dei fyrste tolv driftsåra. Vindparken er eigd av det amerikanske investeringsselskapet BlackRock og utvikla av dei norske selskapa Zephyr og Norsk Vind Energi.
Foto: Zephyr
Google har sikra seg all kraftproduksjon frå Tellenes vindpark i Sokndal og Lund kommune i Rogaland dei fyrste tolv driftsåra. Vindparken er eigd av det amerikanske investeringsselskapet BlackRock og utvikla av dei norske selskapa Zephyr og Norsk Vind Energi.
Foto: Zephyr
Vindkraft
eva@dagogtid.no
I heieområde sørvest i Bjerkreim og over mot Hå kommune i Rogaland vert det no reist 70 vindturbinar i det som kjem til å verte ein av Noregs største vindparkar. Dei nær 200 meter høge vindturbinane skal produsere om lag éin milliard kilowattimar i året, eller éin terawattime. Vindparken inneber bygging av nær 45 kilometer med internvegar i det til no nær urørte landskapet, i tillegg til fem kilometer tilkomstveg til anlegget.
Den som nærmar seg anleggsområdet frå aust, vert møtt med eit skilt som fortel dette, og at vindparken «er et betydelig bidrag til norske og internasjonale målsetninger om økt fornybar energiproduksjon» med ein estimert årlege produksjon som svarar til straumbruken til rundt 55.000 husstandar.
Det går ikkje fram av skiltet at all krafta frå dei 70 vindturbinane dei fyrste 15 åra er kjøpt opp av amerikanskeigde Facebook, men det er tilfellet. Det er gjort etter avtale med det tyske investeringsselskapet Luxcara, som eig heile vindparken.
Denne utanlandske eigarskapen til vindpark og kraft er ikkje eineståande.
Av og for andre
Søraust for Bjerkreim, i nabokommunane Lund og Sokndal, har teknologiselskapet Google sikra seg all kraftproduksjon frå Tellenes vindpark, eigd av det amerikanske investeringsselskapet BlackRock, for ein periode på tolv år.
I Eigersund kommune eig Luxcara 100 prosent av ein vindpark som Dalane Tidende skriv at det sveitsiske energiselskapet Axpo har ein langsiktig avtale om å kjøpe straum frå.
I Time og Hå kommune eig det japanske selskapet Eurus Energy Europe og sveitsiske EWZ saman 86 prosent av Høg-Jæren vindpark med 32 vindturbinar.
Og på grensa mellom Bjerkreim og Gjesdal kommune har EWZ – energiselskapet til Zürich kommune – tidlegare i år kjøpt Måkaknuten Vindpark, som er under utbygging.
Annleis ser det ikkje ut elles i landet.
Blant dei 35 allereie eksisterande vindkraftverka i Noreg er det 11 med utanlandsk eigarskap, ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Fleire av dei største vindkraftverka har mykje utanlandsk eigarskap, medan dei små i større grad har norsk eigarskap, og per juni i år er 49,2 prosent av all vindkraftproduksjon eigd av utanlandske aktørar. Framover vert det truleg meir. Så mange som 15 av 18 nye vindkraftverk fram mot 2020 er nemleg heilt eller delvis eigde av utlendingar, melde Klassekampen i haust.
Kva er det som gjer norsk vindkraft meir attraktiv og lønsam for utlendingar enn for nordmenn?
Kjøp og sal
Vindparkane i Rogaland som er nemnde ovanfor, er alle utvikla og prosjekterte, eller kjøpte opp, av Noregs største private utbyggjar av vindkraft, Norsk Vind Energi, som seinare har selt heile eller delar av prosjekta vidare.
Lars Helge Helvig er gründer, majoritetseigar og styreleiar for selskapet. Han seier norske investorar synest å ha høgare avkastningskrav enn fleire utanlandske investorar, og at norsk pensjons- og forsikringskapital inntil ganske nyleg òg har vore hindra frå å investere i selskap og prosjekt som ikkje er børsnoterte. Det siste er endra no, og Norsk Vind Energi er glade for å sjå aukande interesse også frå norske kapitalmiljø.
– Investeringar i vindkraft er nytt for mange, og det tek tid å verte kjend med og trygg på dei ulike risikoane som trass alt er til stades. I botn og grunn er det òg eit spørsmål om tilgang til alternative investeringar med betre avkastning, seier han.
Delar av vindparken på Høg-Jæren vart selt utanlands for meir enn ti år sidan, men det var i 2015 og 2016 utanlandske aktørar for alvor fekk auga opp for den norske vindkrafta. Det var òg då vinden verkeleg byrja løne seg for Norsk Vind Energi, har Helvig nyleg fortalt Dagens Næringsliv. I 2015 hadde selskapet eit resultat før skatt på 57 millionar kroner, i fjor var det 317 millionar kroner.
Ønskjer norsk kapital
Norsk Vind Energi har i dag att eigardelar i to av vindparkane som alt er i drift, men er driftsansvarleg for fleire. I tillegg har selskapet starta planlegginga og utvikling av fleire nye vindprosjekt, både innanlands og utanlands. Eitt av dei er det som kan verte Europas største vindkraftverk, Hordavind i Hordaland, med 200–250 vindturbinar.
Helvig seier at rundt 90 prosent av det som er teke ut av selskapet, og som alternativt kunne vorte ståande som eigardelar i vindprosjekta, er reinvestert i 15–16 nye tidlegfaseselskap.
Tanken er ikkje å behalde store eigardelar frå desse prosjekta heller.
– Då vi byrja med vindkraft, var planen å sitje att med så stor eigardel som økonomien tillét. Etter kvart har vi innsett at dette for oss ikkje er rett forvalting av verdiane som er skapte. Vi kan ta mykje større risiko enn eit pensjonsfond som forvaltar sparepengane for andre. Problemet for mange start-ups, trass i gode idear og teknologi, er startkapital. Her kan vi få til meir positivt ved å reinvestere enn om vi lèt verdiane stå att i prosjekta, seier Helvig.
– I kva grad jobbar de for å få norske investorar med dykk?
– Det har vi brukt ein del tid på, men førebels utan resultat. Vi ser ei aukande interesse, og det er difor eit arbeid vi kjem til å vidareføre både nasjonalt, regionalt og lokalt. Vi ønskjer å få flest mogleg norske investorar med oss.
– Har de prøvd å få norske kommunar inn som eigarar?
– Det ville vore interessant, og vi er positive til at også kommunar kan vere langsiktige investorar. På den måten kan vi sikre at ein større del av verdiane vert verande att lokalt, noko vi ønskjer. Vi ser at dette førekjem i enkelte andre land, men så langt har det ikkje vore tema i dialog med kommunane vi har prosjekt i, svarar han.
Seint ute
Øyvind Isachsen er administrerande direktør i Norwea, ein interesse- og bransjeorganisasjonen som arbeider for å fremje norsk fornybar energiproduksjon. Han trur norske investorar og selskap kjem til å engasjere seg meir i vindkraft framover enn dei har gjort så langt – både fordi det no finst mindre vasskraft att å byggje ut, og fordi vindturbinane vert billegare og billegare å byggje og vindkrafta tek til å løne seg.
Det ser han òg teikn til i medlemsmassen til Norwea. Blant dei rundt 130 medlemsbedriftene er det i dag fleire norske enn utanlandske, og slik var det ikkje før. Alle dei fem nyaste medlemmene i organisasjonen er norske.
– Den norske kraftbransjen har vore seint ute. Dei har hatt nok med vasskrafta og har ønskt å halde på monopolet der. For kvar vindmølle som kjem opp, vert det meir straum i marknaden, og straumen vert mindre verd. Men no tek norske kraftprodusentar til å kome etter, så den neste utbyggingsrunden kjem nok til å verte norskare, seier han.
Meir lønsamt
Ordninga med grøne sertifikat har sikra vindkraftinvestorar ei stabil avkasting, men ho kunne vere låg. Lønsemda i bransjen har derimot gått opp dei siste åra. Straumprisane har vorte høgare og vindkraftteknologien har gått gjennom stor utvikling, slik at kostnadene har gått ned.
Då Isachsen byrja i Norwea for elleve år sidan, kosta det oppunder 70 øre å produsere éin kilowattime, og vindkraftverka vart subsidierte. I dag ligg kostnaden på mellom 28 og 30 øre, og Statnett skriv i langtidsanalysen sin for kraftmarknaden frå 2018 til 2040 at det kjem til å verte lønsamt å byggje vindkraftverk i Noreg i løpet av dei ti neste åra.
– Når vindkrafta vert meir utvikla og lønsemda går opp, trur eg det automatisk kjem til å gje norske selskap ein slags forkjøpsrett, seier Isachsen.
– Er det eit mål for Norwea å auke den norske eigarskapen?
– Det gjer det nok enklare. Det er jo hyggjelegare om det er nordmenn som byggjer ut sine eigne naturressursar. Samstundes var det òg amerikanarane som fann olja utanfor kysten vår, og det var franskmenn og tyskarar som bygde ut dei fyrste norske fossane. Vindkrafta kjem nok til å verte norskeigd raskare enn dei. Det viktigaste for meg er likevel omlegginga til eit fornybart samfunn. Då treng vi meir kraft, og delar av den må vere vindkraft, seier Isachsen.
Ja til pengane
Senterpartist og ordførar i Bjerkreim, Torbjørn Ognedal, tykkjer det er synd at både kraftverka og krafta frå Bjerkreim har utanlandsk eigarskap, men seier det har vore lite motstand mot vindkraftparkane både politisk og blant grunneigarane. Unntaket er eit nytt prosjekt som formannskapet nyleg gav dispensasjon for.
– Kvifor har de gått inn for vindparkane?
– Mykje på grunn av pengane. Vi reknar med å få inn om lag 20 millionar i eigedomsskatt årleg for alle vindparkane. Det utgjer 10 prosent av kommunebudsjettet. Grunneigarane får òg ein del. Eg veit ikkje kor mykje, det er jo private avtalar, men dei får ganske god avkasting, dei òg, og det kan bety ein del for landbruksinteressene i området, seier han.
Områda der det no vert bygd 70 vindturbinar, er ifølgje ordføraren stort sett utmark som frå før har vore brukt til «lite og ingenting».
– Ein av grunneigarane sa at det siste året etter at dei byrja lage vegar til vindparken, hadde det vore meir folk innom dette området enn på dei føregåande 100 åra til saman. Eg skal ikkje gå god for den informasjonen, men det er eit område der ein har kunna gå og aldri treft noko menneske, seier han.
– Har kommunen sjølv vurdert å gå inn i vindkrafta som deleigar?
– Vi har ikkje ein sjanse. Det er snakk om milliardar i investeringar, seier Ognedal.
Vil ha ny skatt
Ikkje alle kommunar med vindparkar har eigedomsskatt, som i Bjerkreim.
Time og Hå har i staden inngått ein avtale med Høg-Jæren vindpark om ei årleg overføring på 1,5 millionar kroner per kommune. Avtalen fell vekk dersom kommunane innfører eigedomsskatt. Tidlegare Time-rådmann Brit Nilsson Edland har sagt til Stavanger Aftenblad at «det hadde blitt betydelig mer penger med eiendomsskatt enn det vi nå får i frivillig bidrag frå vindparken».
Utover ordinær skatt, eventuell eigedomsskatt og det grunneigarane får betalt, er det med dagens regelverk ikkje meir av verdiane frå vindkrafta som vert att lokalt. Det er i hovudsak snakk om arbeidsplassar, fyrst og fremst i byggjeperioden.
– Straumen frå vindkraftverka gjev arbeidsplassar og tryggleik i kraftkrevjande industri, men vindkraft gjev ikkje mange arbeidsplassar direkte, seier Isachsen i Norwea.
– Difor har vi argumentert for ein naturressursskatt, som ville sikre at meir av verdiane frå vindparken vert verande att i kommunane, legg han til.
Også Norsk Vind Energi ønskjer at større verdiar skal leggjast att lokalt, og har etterlyst endringar i skatteregimet for vindkraft.
Naturressursskatt går til kommunar og fylkeskommunar og har i dag ein skattesats på 1,3 øre per kilowattime. Av dette går 1,1 øre til kommunen og 0,2 øre til fylkeskommunen.
Landssamanslutninga av norske vindkraftkommunar har òg argumentert for ein slik skatt på vindkrafta.
Større kostnader
Anders Skonhoft, som er professor i samfunnsøkonomi ved NTNU, meiner vindkraftnæringa bør betale grunnrenteskatt til liks med vasskrafta, slik at ein del av avkastinga går tilbake til fellesskapen.
Grunnrenteskatten går til staten og vert rekna på grunnlag av produksjon time for time, gonga med spotprisen på krafta, med fråtrekk av driftskostnader og avskrivingar. Grunnrentesatsen er frå 2019 på 37 prosent, slik at inntektene frå vasskrafta samla vert skatta med nær 59 prosent.
– Vindkraftnæringa brukar ein naturressurs som høyrer til samfunnet og fellesskapen. Då er det naturleg at dei òg betaler. Ikkje for kor mykje naturressursar dei brukar, men ut frå kor mykje dei produserer på ressursane, seier Skonhoft.
Han har lenge argumentert for at vindkraftutbygginga i Noreg verken har noko med klimapolitikk å gjere eller er samfunnsøkonomisk lønsam. Det fyrste grunngjev han med at det er det kvotetaket EU set, som bestemmer årlege utslepp i Europa, ikkje kor mykje vindkraft som vert produsert. Det andre ved at kostnadene ved omfattande miljøøydeleggingar og tap av biologisk mangfald ikkje er tekne med i reknestykket. Om vindkraftparkane har nasjonal eller utanlandsk eigarskap, meiner Skonhoft har mindre å seie.
– Naturen vert øydelagd for å produsere straum. Om det er ei norsk eller ei utanlandsk bedrift som står bak, betyr etter mitt skjønn ikkje noko. Det spesielle med vindkrafta er at ho får øydeleggje miljøet utan å betale. Du får store område med vegar, støy og visuell problematikk utan at nokon tek kostnaden, seier han.
Kjem endringar
Fagforbundet El og It meiner derimot at den private eigarskapen i vindkrafta er eit problem, og vil avgrense han til ein tredjedel, slik som i vasskrafta. Forbundet vil i tillegg ha grunnrenteskatt og innføre heimfall for vindkraftanlegg.
Isachsen i Norwea trur vindkrafta sakte, men sikkert kjem til å hamne i norsk eige uansett, og ser ikkje grunn til å innføre restriksjonar i eigarskapen.
Han seier Norwea òg er imot grunnrenteskatt på vindkrafta, og syner til at vinden verken er ein avgrensa ressurs, gjev superprofitt eller gjer same dramatiske inngrep i naturen som vasskraftverka.
– Eit vasskraftverk kan stå i hundrevis av år og har uendeleg konsesjon, medan vindturbinane må fjernast når dei er ferdige. Dei gjer ikkje same dramatiske inngrep i naturen.
– Grunnrenteskatt trur eg hadde stogga utbygginga av vindkraft i Noreg til det vart superbilleg å produsere, og det er ei stund til det er det, seier han.
Kva veg det går, kan det kome eit fyrste hint om i løpet av hausten.
Eit regjeringsoppnemnt utval leidd av tidlegare NVE-sjef Per Sanderud ser no på skattlegginga av både vasskrafta og vindkrafta. Utvalet skal kome med framlegg til endringar innan 1. oktober.
– Den norske kraftbransjen har vore seint ute.
Øyvind Isachsen, adm.dir. i Norwea