Stor ståhei for ingenting?
Etter nesten tre år med forhandlingar og bitter strid kan brexit-prosessen ende med at britane blir verande i EU.
Ein EU-tilhengar demonstrerer utanfor parlamentet i London 3. april. Framleis kan vedkomande få viljen sin til slutt.
Foto: Alkis Konstantinidis / Reuters / NTB scanpix
Ein EU-tilhengar demonstrerer utanfor parlamentet i London 3. april. Framleis kan vedkomande få viljen sin til slutt.
Foto: Alkis Konstantinidis / Reuters / NTB scanpix
Utanriks
peranders@dagogtid.no
Soga om brexit får stadig nye kapittel. Eigentleg skulle Storbritannia ha vore ute av EU 29. mars, men det britiske parlamentet har enno ikkje klart å finne ut korleis landet skal forlate unionen. Snart tre år etter at 51,9 prosent av dei frammøtte veljarane røysta for utmelding av EU, er framleis utfallet heilt i det blå. Og framleis er det fullt mogleg at den lange og bitre striden endar med at britane blir verande i unionen.
Ei av forklaringane på kaoset ligg i den tilsynelatande klåre og enkle formuleringa som dei britiske veljarane skulle ta stilling til i 2016: «Skal Storbritannia bli verande medlem av Den europeiske unionen eller forlate Den europeiske unionen?» Så snart fleirtalet hadde røysta for utmelding, viste røyndomen seg å vere svært komplisert. Få i det politiske systemet i London hadde sett for seg dette utfallet, og ingen ante korleis sjølve utmeldinga skulle gå føre seg, eller kva forhold Storbritannia kunne få til EU etterpå.
Lite motiverte
Likevel verkar det underleg at britiske politikarar ikkje har klart å einast om brexit etter tre år med intens debatt. Men ei medverkande årsak kan vere at eit klart fleirtal av dei ikkje ønskjer at Storbritannia skal gå ut av EU. Før folkerøystinga i 2016 var 74 prosent av medlemene i Underhuset mot ei utmelding, og framleis er majoriteten EU-tilhengarar. Dette har neppe styrkt motivasjonen deira for å sikre at brexit blir realisert.
Kva rolle grunnhaldninga til parlamentsmedlemene har spela i denne prosessen, veit ingen. Men viljen til å finne dei naudsynte kompromissa for å gjennomføre brexit har i alle fall ikkje vore imponerande.
Statsminister Theresa May var sjølv mot utmelding, men ho har i det minste arbeidd hardt for å gjennomføre brexit som lova – utan hell. Avtalen som den britiske regjeringa fekk med EU i november i fjor, med vilkår for utmeldinga frå unionen, har tre gonger blitt forkasta av eit klart fleirtal i Underhuset.
Nei til alt
EU gav sjølvsagt ikkje ved dørene i forhandlingane. Sidan EU-kommisjonen og leiarane i andre medlemsland slett ikkje ønskte at Storbritannia skulle melde seg ut, kunne ein knapt vente at prosessen skulle bli enkel. Jo dårlegare kår britane fekk, jo større var sjansen for at brexit vart avlyst. Og avtalen som May enda med, vart altså uakseptabel for det britiske parlamentet, også etter nokre mindre revisjonar.
Men i tillegg har dei britiske parlamentarikarane også forkasta alle andre brexit-alternativ som det har vore røysta over. Parlamentet har mellom anna sagt klart nei til ei EU-tilknyting à la EØS-avtalen, og klart nei til å forlate EU utan nokon avtale. På onsdag kveld vedtok til og med Underhuset ei lov mot å forlate EU utan noka form for avtale – med 313 mot 312 røyster. Og veljarane er omtrent like splitta som parlamentet: Heller ikkje i opinionen finst det noko fleirtal for nokon av alternativa.
Labours ønske
På onsdag starta May samtalar om brexit med Labour-leiar Jeremy Corbyn. Den hardaste brexit-fløya i Det konservative partiet er no spela ut på sidelina. Sjansane har dermed auka noko for at May kan få fleirtal for ein modifisert variant av avtalen ho forhandla fram med EU.
Labour-leiinga ønskjer ei tettare tilknyting til EU enn det regjeringa har lagt opp til, og vil mellom anna at Storbritannia skal vere med i tollunionen til EU. Mange kommentatorar trur at tidspresset no vil få May til å inngå eit kompromiss med Labour.
Men samtalane mellom May og Corbyn aukar òg sjansane for eit anna utfall: Det kan ende med ei ny folkerøysting om EU-medlemskapen. Også dette alternativet vart forkasta i parlamentet i mars, men det er framleis det Labour eigentleg ønskjer.
EU-venleg
– I Labour er det eit klart fleirtal for ny folkerøysting. Partiet har aldri slått seg til ro med at britane skal forlate EU, seier Storbritannia-kjennar Per Edgar Kokkvold, tidlegare redaktør og generalsekretær i Norsk Presseforbund.
– Partileiar Corbyn sjølv er gammal EU-motstandar, og han personleg ville neppe ha noko imot ein mjukare brexit, med medlemskap i tollunionen og den indre marknaden. Men han leier eit svært EU-venleg parti, og Labour vil at ein brexit-avtale skal opp til folkerøysting, seier Kokkvold.
– Verken Corbyn eller May er gode på kompromiss. Men om dei likevel skulle bli samde, vil partiet truleg presse Corbyn til å krevje at ein slik avtale må godkjennast i ei folkerøysting.
Theresa May vil på si side slett ikkje ha noka slik røysting. I desember åtvara ho om at ein ny folkerøysting vil gjere «uboteleg skade på integriteten til politikken vår».
Fleirtal i folket
Det er mange om og viss i denne artikkelen. Men om det kjem til ei folkerøysting om ein ny brexit-avtale, er det eit ope spørsmål kva britane kan få å velje mellom. «No deal», ei utmelding utan avtale med mogleg kaos i overgangsfasen, er neppe aktuelt som alternativ. Men i Labour ønskjer mange at det skal vere mogleg å røyste for vidare EU-medlemskap. Også småparti som Det skotske nasjonalistpartiet og Liberaldemokratane, og einskilde konservative politikarar, ønskjer at britane skal røyste over medlemskapen igjen.
Om det kjem så langt, har EU-tilhengarane etter alt å døme gode sjansar for å vinne. Det siste året har meiningsmålingane i Storbritannia vist fleirtal for å halde fram som EU-medlem, og fleirtalet har auka dei siste månadene. På dei nyaste målingane er marginen i favør av vidare medlemskap på kring åtte prosentpoeng blant dei som har oppgjeve eit standpunkt.
For tidleg
Men mange av EU-tilhengarane i Storbritannia har halde att med kravet om ei ny folkerøysting. Dette er eit risikabelt spel, og tidlegare i vår åtvara mellom andre Alastair Campbell om at tida ikkje var mogen. Den segnomsuste medierådgjevaren til Tony Blair er no sentral i kampanjen «People’s Vote», som vil ha ei ny EU-røysting. «Dette er ikkje veka for å presse på for ei ny røysting. Avtalen til May må mislukkast først», skreiv Campbell i The Guardian 9. mars.
Kanskje er tida snart inne for EU-tilhengarane. Avtalen som May forhandla fram, kan i alle fall ikkje kallast vellukka.
Bittert
Men om det kjem ei ny folkerøysting som avlyser heile brexit, blir det ikkje slutten på den britiske EU-striden, meiner Per Edgar Kokkvold.
– Mange britiske politikarar og kommentatorar seier at ei ny folkerøysting kan skape ro. Men slik blir det ikkje. Striden kjem i så fall til å bli enda bitrare enn sist. Svært mange britar vil føle at eliten lurer dei. Den politiske eliten i Storbritannia har aldri akseptert at folkefleirtalet sa nei.
Blir det ei ny EU-røysting, har folk grunn til å kjenne seg narra, meiner Kokkvold.
– Leiarane i både Labour og Dei konservative lova å respektere utfallet av folkerøystinga i 2016. Og før valet i 2017 hadde båe partia programfesta at dei skulle få Storbritannia ut av EU. Men i parlamentet er det mange som ikkje har akseptert utfallet, og vil gjere det dei kan for å avlyse skilsmålet og få ei ny folkerøysting.
Ny røysting
Også Jan Erik Mustad, førstelektor ved Universitetet i Agder og Storbritannia-spesialist, trur at brexit-spelet kan ende med ei ny folkerøysting.
– Når May no har rekt ut handa til Corbyn, kan det vere dei finn ei rute mot ein mjuk brexit. Men Labour vil at resultatet uansett skal opp til folkerøysting. Og om samtalane deira ikkje lukkast, kan det anten bli ei ny folkerøysting eller eit nytt parlamentsval. «No deal» verkar usannsynleg no.
Mustad har sjølv meint sidan i fjor sommar at det rette vil vere å halde ei ny folkerøysting om EU-medlemskapen i Storbritannia, for å kome ut av den fastlåste situasjonen.
– Det har vore så mange røystingar i parlamentet, utan å få noko fleirtal. Folket burde få ein ny sjanse til å velje, med klare alternativ: anten ein framforhandla brexit-avtale eller å halde fram som EU-medlem.
– Men om det blir ei ny røysting, kjem det til å vekkje sterke reaksjonar frå mange som røysta nei i 2016?
– Ja, det blir truleg opptøyar om det blir ei ny folkerøysting. Mange vil kjenne seg svikne om det endar med vidare EU-medlemskap. Men brexit-prosessen har gjort folket enda meir splitta sidan 2016, og politikarforakten har berre blitt djupare. Folk er lei, seier Mustad
– Blir det halde ei ny røysting, får folket berre vise sin harme. Det har vore opptøyar i London mange gonger før òg. Men no er det på tide å vere pragmatisk og finne ei løysing, seier Jan Erik Mustad.
Open dør
Om ikkje parlamentet samlar seg om ei løysing innan 12. april, er britane ute av EU. EU-kommisjonen har gjort det klart at det krevst ein god grunn om Storbritannia skal få nok ei utsetjing med brexit. Men ei ny britisk folkerøysting om medlemskapen ville nok vere ein god grunn i auga til EU-leiarane. Og dei held framleis døra open: I desember i fjor slo EU-domstolen fast at Storbritannia kan stogge utmeldingsprosessen og bli verande medlem på same vilkår som før, så lenge det britiske parlamentet har godkjent det.
I sum: Ei avlysing av brexit er no fullt tenkjeleg. Men kva som er det mest sannsynlege utfallet, er ei anna sak. Brexit-prosessen rører seg så fort at det einaste trygge for journalistar er å skrive om han i sanntid på nettet. Nokre av premissane for denne artikkelen kan ha falle før avisa kjem frå trykkeriet.
Jan Erik Mustad ønskjer slett ikkje å prøve seg som spåmann denne gongen.
– Eg sat hos NRK og spådde utfallet av folkerøystinga om brexit i 2016. No har eg lært at slikt skal eg ikkje gjere.
– Den politiske eliten i Storbritannia har aldri akseptert at folkefleirtalet sa nei.
Per Edgar Kokkvold
Brexit
23. juni 2016 røysta 51,9 prosent av britane for at Storbritannia skulle forlate EU.
13. november 2018 vart den britiske regjeringa og EU samde om ein avtale med vilkår for utmeldinga.
Avtalen har blitt forkasta tre gonger av det britiske parlamentet.
Om ikkje parlamentet godkjenner ein ny avtale innan 12. april, er britane ute av EU utan avtale.
Det er venta at EU kjem til å gje britane ei ny utsetjing.