Det kinesiske dilemmaet
Det er store pengar å tene i Kina. Men er det klokt å inngå ein frihandelsavtale med ein totalitær stat?
President Xi Jinping og andre politiske leiarar avlegg truskapslovnad til det kinesiske kommunistpartiet under feiringa av 100-årsdagen til partiet i Beijing 28. juni i år. Under Xi har overvakinga av borgarane i Kina nådd nye høgder.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
President Xi Jinping og andre politiske leiarar avlegg truskapslovnad til det kinesiske kommunistpartiet under feiringa av 100-årsdagen til partiet i Beijing 28. juni i år. Under Xi har overvakinga av borgarane i Kina nådd nye høgder.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Kina
peranders@dagogtid.no
Ein studietur til Kina i september 2006 gav ei kjensle av å sjå ei verdshistorisk omvelting på nært hald. Dei tallause heisekranane i Shanghai og Beijing likna passarar som teikna ein ny verdsorden der Kina igjen skulle bli verdas største økonomi. Og midt i den eksplosive veksten var det òg meir som rørte seg. Møta med unge, liberale kinesarar gav eit inntrykk av at Kina var i ferd med å opne seg. Det var mogleg å tru at modernisering, massemedium og marknadsøkonomi skulle føre landet i liberal lei, kanskje til og med fram til demokrati.
Ein av dei eg møtte, var ein ung student i medievitskap ved Fudan-universitetet i Shanghai. Ho skreiv på ei masteroppgåve om ein populær talentkonkurranse på fjernsyn, etter mal av «Idol», der folk kunne røyste på den artisten dei likte best. Hypotesen hennar var at dette var ei form for trening i demokrati: Sjølv røysterett i ein idolkonkurranse var noko radikalt nytt, for utfallet var opp til folket, ikkje staten.
Først tykte eg tolkinga hennar var naiv og rørande. Seinare kom eg til at ho kanskje var inne på noko. Og dei dystre nyhenda som kjem frå Kina i desse dagar, har mint meg på denne samtalen.
Patriotisme
Forherdinga av det kinesiske diktaturet under president Xi Jinping har pågått lenge, og i sommar var tida komen for å slå ned på populærkulturen. Styresmaktene har forbode rangering av kjendisar etter popularitet på nettet og vil regulere det dei kallar «kaoset» av fanklubbar.
Idolkonkurransar har blitt kansellerte, og kommunistpartiet har erklært at også underhaldningsbransjen må bidra til å dyrke fram «ein patriotisk atmosfære» i Kina. Valet av skodespelarar og gjester i filmar og show på fjernsynet skal regulerast nøye, med vekt på «politiske haldningar og moralsk oppførsel». Kommunistpartiet har òg retta hard kritikk mot «feminine menn» i underhaldningsbransjen: Kinesiske gutar skal heretter få meir maskuline førebilete i media.
Partiet får som vanleg viljen sin. Dei siste månadene har ei rekkje kinesiske kjendisar gått på kurs for å lære om historia til kommunistpartiet, og dei har stått fram med offentleg sjølvkritikk og bede om orsaking for syndene sine.
Totalitært
Desse inngrepa på kulturfeltet kan verke trivielle samanlikna med den brutale undertrykkinga av uigurane i Xinjiang, der hundretusenvis truleg er fengsla, og kring éin million menneske skal ha blitt sende til omskoleringsleirar. Og undertrykkinga av kinesiske opposisjonelle har gått føre seg lenge.
Men når kommunistpartiet tek nakkegrep også på populærkulturen, fortel det om vilje og evne til å gjere Kina fullt ut totalitært. Og under president Xi, som kom til makta i 2012, har òg indoktrineringa og personkultusen nådd høgder som minner om styret til Mao.
Partiet har i år vedteke at «Xi Jinpings tankar om sosialisme med kinesiske karaktertrekk for ein ny æra» skal bli pensum for alle kinesiske barn, frå barneskule til universitet. Målet er at ideane til presidenten skal gjennomsyre alle samfunnsdelar.
Få statar har i slik grad levd opp til definisjonen av totalitarisme, her frå Store norske leksikon: «Et totalitært regime er en betegnelse på politiske systemer hvor myndighetene i prinsippet kontrollerer all aktivitet i samfunnet.»
1984 i praksis
Mange statsvitarar har hevda at modernisering og marknadsøkonomi på sikt fører til ei demokratisk utvikling. Men slik har det ikkje gått i Kina. Alle voner om at velstandsveksten skulle føre landet i retning av demokrati, er gjorde til skamme. Og den tekniske utviklinga har ikkje gjort samfunnet meir liberalt, tvert imot: Digitalteknologien har gjort det mogleg for kinesiske styresmakter å overvake og kontrollere folk i ein grad som inntil nyleg var utenkjeleg.
Dette reiser vanskelege spørsmål for Noreg og andre vestlege land, som lenge har vore ivrige etter å auke handelen med Kina for å hauste vinstar av den kinesiske veksten: Er det klokt å knyte økonomien enda tettare til eit diktatur av dette kaliberet – eit diktatur leidd av folk som gong på gong har vist at dei er villige til å bruke økonomisk makt for å presse andre statar til å teie?
Laks og moral
Dei siste åra har ei rekkje land fått merke at makthavarane i Beijing har liten toleranse for kritikk. Og ei av dei første skyteskivene var Noreg, som hamna i fryseboksen etter at den norske Nobelkomiteen gav fredsprisen til den kinesiske opposisjonelle Liu Xiaobo i 2010. Det bilaterale sambandet mellom landa vart brote, og forhandlingane om ein frihandelsavtale stogga. Men dei økonomiske verknadene var i dette høvet overraskande små. Handelen mellom landa heldt fram med å vekse, sjølv om norsk lakseeksport til Kina stupte.
Den norske responsen på saka er interessant: Forholdet vart ikkje normalisert før Noreg og Kina i 2016 laga ei felles erklæring der den norske regjeringa la seg flat og forsikra at Noreg «la stor vekt på Kinas kjerneinteresser» og ville «gjere sitt beste for å unngå framtidig skade på det bilaterale forholdet».
Amnesty International uttrykte uro over at Noreg etter dette ville unngå vanskelege spørsmål om menneskerettar, medan norske lakseprodusentar og NHO jubla.
Straff og handel
Andre land har i større grad enn Noreg fått merke den kinesiske viljen til å bruke økonomiske musklar for å nå politiske mål. Døma er mange:
z Da den australske regjeringa i fjor tok til orde for ei nærare gransking av opphavet til koronapandemien, svarte Kina med straffetoll på mellom anna korn, kol, kjøt, kopar, trelast, vin og sjømat frå Australia.
z Da Canada i 2019 arresterte den Huawei-tilsette Meng Wanzhou på oppmoding frå USA, svarte Kina med straffetiltak mot canadisk soya, rapsolje, erter og svinekjøt.
z Da den svenske Pen-klubben gav Tucholsky-prisen til den kinesiskfødde forleggjaren Gui Minhai, som er svensk statsborgar og sit fengsla i Kina, kom det skarpe åtvaringar frå kinesarane. «Vi serverer god vin til venene våre, men for fiendane våre har vi haglegevær», sa Stockholm-ambassadør Gui Congyou til svensk radio.
Kinesiske handelsdelegasjonar til Sverige vart kansellerte, og Kina har truga med nye sanksjonar.
z Da Litauen oppretta diplomatisk kontakt med Taiwan i år, kalla Kina heim ambassadøren sin frå Vilnius og stogga prosessen med å godkjenne litauiske varer i den kinesiske marknaden.
Kjøper venskap
Lista kan gjerast lengre: Mongolia har blitt straffa for å ta imot Dalai Lama, Sør-Korea har blitt straffa for å ha kjøpt eit amerikansk rakettforsvar, og så vidare. Også selskap kan bli råka: Da den svenske kleskjeda H&M uttrykte «uro over påstandane» om slavearbeid på bomullsmarkene i Xinjiang-provinsen, vart H&M-produkta fjerna frå dei kinesiske plattformene for netthandel, og dei fysiske utsala til selskapet vart sletta frå dei digitale karta i Kina.
Makta til Kina viser seg òg på meir subtile måtar. I Hellas vart eit statleg kinesisk selskap hovudeigar i hamna i Pireus i 2016, og i 2017 blokkerte Hellas ei erklæring frå EU som skulle kritisere Kina for menneskerettsbrot. «Vi set pris på at dette EU-landet held fast ved den korrekte posisjonen», sa ein talsmann for det kinesiske utanriksdepartementet.
Ungarn, eit land som har fått store investeringar frå Kina, har ved fleire høve blokkert Kina-kritiske fråsegner i EU-systemet. Og regjeringa i Serbia, ein annan mottakar av store kinesiske investeringar, har dei siste åra støtta Kina internasjonalt når det gjeld omstridde tema som Hongkong, Taiwan og Xinjiang.
Vendepunkt
Trass i alt dette: Inntil nyleg har dei fleste vestlege land streva for meir økonomisk samarbeid med kinesarane. Handelen med Kina var så lukrativ at dei fleste land valde å oversjå menneskerettsbrota. EU har forhandla med Beijing om ein stor investeringsavtale sidan 2013, og sist vinter såg det ut til at forhandlingane snart var i mål. Noreg har forhandla med Kina om ein frihandelsavtale sidan 2008, rett nok med sju års stillstand etter at Liu Xiaobo vart tildelt fredsprisen.
Men i mars i år kom det eit dramatisk skifte i Kina-politikken til EU. Da vedtok EU-parlamentet å innføre sanksjonar mot fire høgare kinesiske tenestemenn som er mistenkte for å stå bak overgrep i Xinjiang-provinsen. Kina svarte med innreiseforbod for fem medlemmer av EU-parlamentet, pluss fleire EU-tenestemenn, diplomatar og ambassadørar. Konflikten eskalerte raskt. I mai vedtok EU-parlamentet ein knallhard resolusjon: Dei kinesiske sanksjonane vart kalla «eit ledd i eit totalitært trugsmål», og etter dette var investeringsavtalen i praksis død.
Kald krig?
Utviklinga no minner ein del om den kalde krigen: Vest står mot aust. Forholdet mellom USA og Kina har vore elendig etter at president Donald Trump starta handelskrigen sin mot Kina i 2018, og dei to supermaktene har kasta straffetoll og sanksjonar på kvarandre sidan.
President Biden er mildare i framtoningen, men har òg brukt ordet «folkemord» om det som skjer i Xinjiang, og i store trekk har han halde fram den harde lina. Uavhengig av kven som har makta i Washington, er det neppe nokon veg attende til den meir Kina-venlege politikken som USA førte i mange år.
I 2019 skreiv Jake Sullivan, som no er tryggingspolitisk rådgjevar for Joe Biden, dette i Foreign Affairs: «Det grunnleggjande mistaket med engasjementet (overfor Kina, red. merk.) var å gå ut frå at det kunne føre til grunnleggjande endringar i det politiske systemet, økonomien og utanrikspolitikken.» Slik gjekk det ikkje.
Her skal det seiast at Kinas oppførsel mot omverda skil seg mykje frå supermaktpolitikken som USA sjølv har ført, både under og etter den kalde krigen. USA har ikkje berre brukt økonomisk makt for å påverke politikken i andre land, men har òg brukt militærmakt mange stader i verda for å sikre eigne interesser.
Det presset Kina utøver mot andre statar, er mindre ambisiøst og handlar mest om å kneble kritikk mot det Beijing reknar som indre kinesiske tilhøve. Men framveksten til Kina skaper i seg sjølv ein heilt ny situasjon: Ein totalitær stat er på veg til å bli verdas sterkaste økonomiske makt, ein status som Sovjetunionen aldri var i nærleiken av. Og medan vestlege land heldt Sovjetunionen på armlengds avstand, er kinesisk økonomi no viktig for dei fleste land i verda. Inkludert Noreg: Kina er no vår tredje største handelspartnar etter EU og USA.
Ingen motsetnad
Inntil vidare held regjeringa fram strevet for å få til ein frihandelsavtale med Kina. NHO ivrar for å få ein slik avtale, som kan gje opptil 160 milliardar kroner i auka eksportinntekter, ifølgje Nærings- og fiskeridepartementet. Men med på kjøpet følgjer òg etiske dilemma.
Une Bastholm frå MDG formulerte det slik i Stortinget i januar i år: «Kina er i dag et brutalt diktatur som systematisk undergraver menneskerettighetserklæringen. Samtidig er Norge i ferd med å knytte seg enda tettere til Kina gjennom den planlagte frihandelsavtalen, i full viten om den brutale undertrykkelsen og slaveriet som uigurene lever under. Mener utenriksministeren at det er akseptabelt at en slik avtale inngås uten at forfølgelsen og undertrykkelsen av uigurene opphører?»
«Jeg er meget bekymret for menneskerettighetssituasjonen i Xinjiang», svarte utanriksministeren og viste til at Noreg har teke opp dette temaet med Kina ei rekkje gonger. «Regjeringen tillegger både norsk menneskerettighetspolitikk og ønsket om å styrke det økonomiske samarbeidet med Kina stor vekt. Næringsinteresser står ikke i motsetning til menneskerettigheter», sa Ine Eriksen Søreide.
«Handelen med Kina var så lukrativ at dei fleste land valde å oversjå menneskerettsbrota.»
Bakgrunn
Sidan 2008 har Noreg forhandla med Kina om ein frihandelsavtale.
Forhandlingane vart brotne etter at Liu Xiaobo fekk fredsprisen, men tok til att i 2017.
Under president Xi Jinping har undertrykkinga i Kina blitt langt hardare.
I mars innførte EU sanksjonar mot kinesiske tenestemenn for brotsverk i Xinjiang.
Konflikten førte til at forhandlingane om ein investeringsavtale mellom EU og Kina vart stogga.