Meiner Putin bryr seg om folkerett
Mange land sender våpen til Ukraina, men Noreg er meir utsett for russiske mottiltak enn dei fleste, meiner folkerettsjurist Cecilie Hellestveit.
Russiske panservogner av typen T-72, fotograferte i Rostov-regionen i det sørlege Russland under ei øving i januar. Rakettvåpena som Noreg vil gje til Ukraina, er eigna til åtak på stridsvogner.
Foto: AP / NTB
Russiske panservogner av typen T-72, fotograferte i Rostov-regionen i det sørlege Russland under ei øving i januar. Rakettvåpena som Noreg vil gje til Ukraina, er eigna til åtak på stridsvogner.
Foto: AP / NTB
Utanriks
peranders@dagogtid.no
Måndag braut den norske regjeringa med ein 63 år gammal regel og vedtok å sende våpen til eit land i krig. Noreg skal gje 2000 panservernrakettar av typen M-72 til Ukraina som eit bidrag til kampen mot den russiske invasjonshæren, og alle stortingspartia unnateke SV og Raudt støttar avgjerda.
Med dette går Noreg inn i rekkja av europeiske land som støttar Ukraina med våpen. Likevel er ikkje dette vedtaket utan risiko for Noreg, meiner Cecilie Hellestveit, som er jurist med krigens folkerett som spesialfelt. Ho har i fleire intervju og debattar denne veka åtvara om at våpengåva til Ukraina gjer Noreg til ein «medkrigar».
– Vi kan sende masse naudhjelp til eit land i krig utan problem, men om vi sender våpen, endrar det spelereglane. Det gjer oss ikkje til ein part i krigen, men vi har teke stilling. Og det er opp til russarane å avgjere om dei vil svare med tiltak i grensetraktene mot Noreg. Eg seier ikkje at Noreg med dette er part i ein krig med Russland. Men ved å sende våpen eksponerer vi oss sjølve for ein større risiko. Vi kastar ballen over til Moskva, seier Hellestveit.
Som moglege russiske mottiltak har Hellestveit før nemnt kyberåtak på Noreg, provokasjonar i nordområda eller tiltak for å blokkere leveransen av dei norske våpena til Ukraina. Russisk UD har på si side åtvara land som sender våpen til Ukraina, om at Russland vil halde dei «ansvarlege for eventuelle konsekvensar» ved bruk av våpna.
Kald krig
Da Noreg i 1959 vedtok at norsk militært materiell ikkje skulle sendast til land i krig, var det med den kalde krigen som bakteppe, påpeikar Hellestveit.
– På den tida var regelen at USA og Sovjetunionen var innblanda i dei fleste krigar rundt i verda, og norsk våpeneksport kunne involvere Noreg i spelet mellom supermaktene. Den typen risiko har ikkje vore særleg relevant dei siste 30 åra. Risikoen har heller vore at våpen kan hamne i hendene til terroristar eller brukast til krigsbrotsverk. Og i Noreg har vi blitt vande til at bruken vår av militærmakt i utlandet – i Kosovo, Afghanistan, Libya og Syria – ikkje har kostnader for oss her heime. Situasjonen no er annleis.
– Venstre-leiar Guri Melby meiner du skremmer folk i utrengsmål?
– Eg meier det er viktig at både folk flest og politikarar i Noreg skjøner at det å sende våpen til eit land i krig med Russland ikkje er symbolpolitikk. Det er ikkje mine ord ein skal frykte i denne situasjonen, seier Hellestveit.
–?Eg kritiserer ikkje avgjerda regjeringa har teke. Men det er viktig at vi er klar over kva dette vedtaket inneber. For oss er det ein viss risiko, fordi det opnar eit rom for kva Russland kan gjere mot Noreg. Men her må ein vege ulike interesser opp mot kvarandre, og eg går ut frå at det er det politikarane har gjort. Truleg ser dei det som ein større risiko for norsk suverenitet på sikt om Russland får ta Ukraina.
Verna av EU
– Ei lang rekkje europeiske land har vedteke å sende våpen til Ukraina no. Risikoen for russiske represaliar er dermed fordelt på mange statar?
– Ja, men det er ikkje ein risiko som er likt fordelt. Noreg har grense mot Russland og er sårbar i nord. Dei andre europeiske landa som sender våpen, er med i EU, og det gjev dei eit visst vern. EU har bevisst valt å sende våpen av denne årsaka: å gjere det klart at om Russland gjer noko mot eit EU-land, er det EU som vil svare. EU-landa har ein felles overbygning, og det er eit vern Noreg ikkje har. EU har slett ikkje brukt alle verktøya i kassen sin mot Russland enno.
– Andre land pådreg seg truleg større risiko enn Noreg gjer. Finland har òg sendt våpen til Ukraina. Finnane har ei over 1300 kilometer lang grense mot Russland og er ikkje medlem i Nato?
– Men Finland er medlem av EU, det er ikkje vi. I tillegg har Finland ikkje bygd ned den militære kapasiteten sin på same vis som Noreg har. Finnane har framleis eit mobiliseringsforsvar som no er sett i beredskap, det har ikkje vi.
– Nato er ein militærallianse og bør dermed gje Noreg eit betre vern enn EU-medlemskapen gjev Finland?
–?Ja. Men dette er ein europeisk krig. Og det er ikkje opplagt kor mykje som skal til for at Nato ser på ei russisk suverenitetskrenking mot Noreg som eit åtak slik dette er forstått i Nato-pakta, noko som ville gjere krigen meir global. Da eit russisk kampfly krenkte tyrkisk luftrom og vart skote ned i 2015, kom Nato til at situasjonen var framprovosert av at tyrkarane sjølve leverte våpen til Syria-krigen, ein krig utanfor Nato. Og om Noreg er medkrigar i Ukraina, kan Russland gjere ein del mottiltak som ikkje er folkerettsstridige slik dei elles ville vere.
Juristen Putin
– Invasjonen i Ukraina er eit alvorleg brot på FN-pakta. Kva får deg til å tru at Putin bryr seg så mykje om folkerettslege formalitetar?
– Å, han bryr seg. Det er tre argument for det: For det første er han sjølv utdanna folkerettsjurist. For det andre har den russiske krigføringa i Midausten vist at Putin er ein meister i å handtere folkerettslege spørsmål. Og for det tredje er det i Russlands eiga interesse å spele etter reglane. Om Russland ikkje bryr seg om reglane i folkeretten, kan andre land opptre på liknande vis overfor Russland seinare. Og om andre land ikkje har respekt for Russlands grenser, kjem Russland til å blø. Dette er eit veldig stort land.
– Braut ikkje russiske styrkar mange gonger med krigens folkerett i til dømes Tsjetsjenia-krigen under Putins leiing?
– Jau. Men det var ikkje ein internasjonal væpna konflikt. Folkeretten er sterkare og klarare for mellomstatlege krigar enn for konfliktar innanfor ein stat.
Det verkar innlysande at invasjonen av Ukraina er eit brot på folkeretten. Men så enkelt er det ikkje, påpeikar Hellestveit. Sidan Tryggingsrådet i FN ikkje har fordømt invasjonen, er det per definisjon ikkje avklart at åtaket er folkerettsstridig. I Tryggingsrådet er Russland permanent medlem, og sist helg la russarane som venta ned veto mot eit resolusjonsforslag om å fordøme invasjonen. I tillegg røysta Kina, India og Dei sameinte arabiske emirata avhaldande i Tryggingsrådet.
– Når Tryggingsrådet ikkje har konkludert, er det opp til kvar stat å ta stilling til krigen. I røystinga i generalforsamlinga i FN på onsdag viste det seg at ingen av medlemslanda i Shanghai-organisasjonen SCO tok stilling, mellom dei Kina, India og Pakistan. Også strategisk viktige afrikanske land som Mali, Algerie og Sudan let vere å ta stilling mot Russland. Og somme statar meiner invasjonen er eit brot på folkeretten, men held seg likevel nøytrale overfor krigen, som Israel og Tyrkia. Dei seier at dei ikkje vil setje eigne interesser på spel fordi det no er krig i Europa. Det er først og fremst Europa og USA som er engasjerte i denne saka.
Finanskrig
Vel så viktig som våpenhjelpa til Ukraina er truleg dei økonomiske sanksjonane USA og EU har sett inn mot Russland. Ei rekkje russiske bankar er utestengde frå det elektroniske pengeoverføringssystemet Swift, og store russiske valutareservar i utlandet er bandlagde. Den franske finansministeren Bruno Le Maire gjekk hardt ut i eit intervju tysdag da han sa: «Vi kjem til å føre ein total økonomisk og finansiell krig mot Russland.» Le Maire fekk tilsvar på Twitter frå den tidlegare russiske presidenten Dmitrij Medvedjev: «Pass tunga, mine herrar! Ikkje gløym at økonomiske krigar ofte har enda i verkelege krigar.»
Dei harde sanksjonane mot Russland kan igjen opne for russiske mottiltak, meiner Cecilie Hellestveit.
– Om Russland meiner at dei økonomiske sanksjonane er folkerettsbrot, kan russarane svare med andre tiltak som vil vere brot på folkeretten. Vi kan få ein spiral av gjensidige mottiltak. Og her kan land som meiner at Russland ikkje har brote folkeretten, velje sida til russarane.
Tviegga
Også sanksjonar er tviegga sverd. Russland har ganske liten handel med Europa bortsett frå salet av olje og gass, og er nokså sjølvforsynt med det meste. Og ved å stengje Russland ute av Swift-systemet vil truleg russarane knyte seg opp til eit kinesisk system i staden.
– Dette er eit dilemma. For EU er det ikkje ønskjeleg å presse Russland heilt inn i den klamme famnen til Kina. Europearane ønskjer ikkje at den framtidige frontlina mellom USA og Kina skal gå rett gjennom Europa, seier Hellestveit.
– I tillegg er det vanskeleg å lage kraftige økonomiske sanksjonar utan å råke russarar flest?
– Ja. Om det var snakk om FN-sanksjonar, ville dei hatt mykje breiare legitimitet, da ville «verdssamfunnet» stått bak. Og alle land ville vore bundne til å følgje dei. No kan russarane få andre SCO-land med på mottiltak mot vestlege økonomiar.
– Er det tenkjeleg at sanksjonane kan vere nok til å stagge Putin?
–?Trusselen om ei full utestenging frå Swift er kraftfull. Men kor dette går no, er umogleg å seie, det er for mange ukjende faktorar. Det store biletet i dag er jo at stormaktsleiarane ikkje vil ha krig. Det kostar for mykje, og før eller seinare taper alle. Samstundes er det ikkje lett å sjå korleis Putin skal kome seg ut av dette med æra i behald. Og EU og USA kan heller ikkje gje seg no, når Putin har fabla om det russiske imperiet og gått til ein aggresjonskrig i Europa.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.