Russisk tilbakegang
Folketalet i Russland har gått ned med nesten éin million på eitt år, og det er lite truleg at utviklinga kjem til å snu.
Folketalsnedgangen i Russland er størst i distrikta og særleg i dei nordlege regionane, som Murmansk.
Foto: Andrei Pronin / Ap /NTB
Folketalsnedgangen i Russland er størst i distrikta og særleg i dei nordlege regionane, som Murmansk.
Foto: Andrei Pronin / Ap /NTB
Russland
eva@dagogtid.no
Russiske forskingsskip tek seg fram langs norskekysten, der dei driv det som kan vere systematisk kartlegging av røyrleidningar og kommunikasjonskablar på norsk sokkel, melde Dagens Næringsliv nyleg. I Brussel har russarane drive etterretningsframstøytar som no har ført til eit brot i samarbeidet mellom Russland og Nato.
I sør går Russland stadig tyngre inn i Afrika, både økonomisk og gjennom militære samarbeidsavtalar med nye land. Og i nord prøveskaut den russiske marinen nyleg eit ballistisk missil, med rekkjevidd på over 8000 kilometer, frå ein ubåt i Kvitsjøen sør for Kolahalvøya, ifølgje The Barents Observer.
Innanriks er det derimot ikkje ekspansjon som pregar Russland for tida. Landet opplever no den største tilbakegangen i folketal som har vore registrert i fredstid, ifølgje The Moscow Times.
Mellom oktober 2020 og september 2021 gjekk den naturlege folkeveksten, altså fødselstal minus dødstal, ned med 997.000, skriv avisa. Det vil seie ein nedgang i folketalet på rundt 0,7 prosent.
Helge Brunborg er demograf og pensjonert forskar ved Statistisk sentralbyrå (SSB). Han seier at talet er dramatisk, og at Russland ikkje har vore i nærleiken av ein liknande nedgang sidan rundt år 2000, heilt i starten av Vladimir Putins tid ved makta.
– I år 2000 var fødselsunderskotet på 949.000, men sidan har det vore mindre. Eit par år mellom 2010 og 2015 hadde Russland eit lite fødselsoverskot òg, seier han.
– Korleis ser talet i dag ut når inn- og utvandring er inkludert?
– Migrasjonstal tek lengre tid å skaffe, så dei ligg ikkje føre for perioden frå oktober 2020 til september 2021 enno. Ser vi på snittet for dei fire åra før det, hadde Russland ei nettoinnvandring på litt over 200.000. Ligg det på same nivå no, vil det seie ein nedgang i folketalet på rundt 790.000, som er ein kraftig nedgang, seier Brunborg.
660.000 fleire døde
Hovudforklaringa på den store nedgangen no er koronapandemien. Russland er hardt råka av den fjerde pandemibølgja og har den siste veka registrert meir enn 1000 dødsfall per døgn som følgje av viruset. Samla har pandemien teke over 231.600 liv i landet, ifølgje det nasjonale informasjonssenteret for koronaviruset.
Med eit samla folketal på rundt 147 millionar vil det seie nær 0,16 prosent av befolkninga. Til jamføring utgjer dei som har mista livet av korona i Noreg, 0,016 prosent av befolkninga.
Men truleg er koronatala for Russland høgare. Uavhengige demografar har i alle fall estimert at det er registrert 660.000 fleire dødsfall enn vanleg i landet sidan pandemien starta.
– Russland hadde eit fødselsunderskot på rundt 300.000 før koronaen, i 2019. Så koronaen har altså tredobla underskotet, seier Brunborg.
– Eit nederlag
Det høge talet på koronadødsfall vert sett i samanheng med den låge prosentdelen vaksinerte i den russiske befolkninga. Trass i at Russland var tidleg ute med å utvikle sin eigen vaksine, Sputnik, og han har vore gratis tilgjengeleg for befolkninga sidan i vinter, har berre ein tredjedel av russarane late seg vaksinere.
Andre austeuropeiske land som Bulgaria, Romania og Polen har òg relativt høge dødstal som følgje av korona.
Russlandsforskar Helge Blakkisrud ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi) seier at tala frå Russland og den låge vaksinasjonsgraden må karakteriserast som eit nederlag for Putin.
– Det at berre éin av tre har vaksinert seg, trass i ganske innstendige oppmodingar frå Putin, tyder på grunnleggjande mistillit til styresmaktene og den informasjonen dei har kome med, seier han.
Langvarig trend
Når smittetala no aukar att, har fleire russiske regionar gjeninnført koronarestriksjonar, som krav om vaksinebevis for å kome inn på overfylte innandørsområde og obligatorisk vaksinasjon for nokre yrke, ifølgje Moscow Times.
Moskva er no òg delvis nedstengd ei veke for å prøve å redusere smittespreiinga: Butikkar og serveringsstader er i hovudsak stengde, underhaldnings-, kultur- og sportsarrangement er avlyste, og barnehagar og skular held stengt.
Men sjølv om Russland etter kvart skulle få bukt med dei høge smittetala og tala på koronarelaterte dødsfall, har landet ein lang veg å gå for å snu folketalsnedgangen. For nedgangen er òg del av ein meir langvarig trend som starta i 1990-åra under dei økonomiske og sosiale omveltingane etter oppløysinga av Sovjetunionen.
Låge fødselstal
Den russiske befolkninga gjekk ned med 5,6 millionar mellom 1995 og 2008, frå 148,5 millionar til 142,8 millionar, ifølgje det russiske statistikkbyrået Rosstat. Blakkisrud og Brunborg forklarar nedgangen med låge fødselstal og høge dødstal, særleg blant menn, og i stor grad knytt til mykje alkoholmisbruk.
– Folk hadde problem med å tilpasse seg den nye røynda. Den forventa levealderen for menn var på under 60 år, og barnekulla var små. Begge delar er ganske forståeleg i ein situasjon der ein ikkje visste om ein fekk utbetalt løn eller pensjon denne månaden, neste månad eller fyrst om eit halvt år, når det offentlege tenestetilbodet svikta og det sosiale tryggingsnettet gjekk i oppløysing, seier Blakkisrud.
Brunborg seier at det talet som fortel noko om kor mange barn kvar kvinne i snitt kjem til å få gjennom livet, var i sterk nedgang i Russland frå 1950-åra og fram til rundt 2000, men at det sidan auka ein del. Talet, som vert kalla «samla fertilitetstal», må derimot vere på om lag 2,06 for at folketalet ikkje skal gå ned på sikt, og det er langt under det i dag.
– Rundt 2000 låg fertiliteten på rundt 1,2, men i dag er han oppe på 1,5, om lag som i Noreg. Men fødselstala har svinga sterkt i Russland. Når det var befolkningsvekst i 2013 og 2014, kom det av at det vart fødd mange barn i fyrste halvdel av 1980-åra, som igjen kom av at det vart fødd mange barn i byrjinga av 1950-åra, like etter andre verdskrig, seier Brunborg.
Kompensasjon
Andre grunnar til at Russland hadde befolkningsoppgang nokre år mellom 2010 og 2015, var at folk byrja få betre økonomi, og at styresmaktene byrja prioritere å prøve å gjere noko med demografien, seier Blakkisrud.
– Gradvis vart det bygd ut ulike støtteordningar for mødrer, som fødselspengar, betre barnetrygd og ulike andre økonomiske insentiv for å få fleire barn. I tillegg fekk Russland om lag 2 millionar nye innbyggjarar då Krim vart annektert, seier han.
I dag er folketalet derimot lågare enn det var då Putin kom til makta, trass i dei 2 millionane på Krim.
– Det syner at den stadig mindre befolkninga er ein langtidstrend som berre ser ut til å kunne kompenserast ved ei monaleg innvandring også framover, seier Blakkisrud.
Han er derimot ikkje viss på at innvandringa til Russland kjem til å halde fram på same nivå som før.
– Innvandringa har nok stoppa litt opp under koronapandemien. Russland har tidlegare hatt fordelen av stor innvandring frå postsovjetiske land. Dette var folk som det var lett å integrere. I praksis var dei jo fødde og oppvaksne i eitt og same land. Men 30 år etter oppløysinga av Sovjetunionen gjer større kulturell og erfaringsmessige skilnader dette stadig vanskelegare. Tilflyttinga av etniske russarar frå tidlegare sovjetrepublikkar vert stadig mindre. Dei fleste som ønskte å flytte «heim», har alt kome, seier han.
I tillegg er fråflytting ein del av biletet, legg han til.
– Russland har verdas tredje største innvandrarbefolkning, men det er også ein god del russarar som forlèt landet. Med dei politiske innstrammingane som har skjedd det siste året, er det mange russarar som no vel å forlate landet for ein kortare eller lengre periode. Dette er ikkje berre opposisjonspolitikarar og aktivistar, men også unge velutdanna menneske som ønskjer seg eit anna liv. Det er nok ikkje alle desse Putin kjem til å sakne, men på sikt er det klart at dette vert eit alvorleg problem for Russland, seier Blakkisrud.
– Eit depresjonsteikn
Kva har så folketalsnedgangen å seie for Russland i dag?
– Det har kanskje noko å seie for sjølvkjensla til landet. Reint demografisk betyr det også at befolkninga vert eldre, at snittalderen går opp. Det vert færre yrkesaktive jamført med yrkespassive, og færre som må syte for fleire. Stor befolkningsnedgang kan dermed sjåast som eit depresjonsteikn, seier Brunborg.
Folketalsnedgangen er størst i distrikta og særleg i dei nordlege regionane, som Murmansk, skriv The Barents Observer.
Blakkisrud seier russiske styresmakter tek endringane på alvor.
– Ein annan trend er jo at folk flyttar frå nord og aust i Russland til sør og vest. Frå grensa mot Noreg i vest og til Beringstredet i aust har det vore jamn nedgang heilt sidan sovjettida. Einaste unntaket er i Vest-Sibir, der olje- og gassindustrien har trekt til seg arbeidskraft. På Tsjukotka, den austlegaste provinsen, er folketalet i dag berre ein tredjedel av det det var i sovjetperioden. I aust, i det området som vert omtalt som russisk fjerne Austen, opplever russiske styresmakter befolkningsnedgangen som eit stort problem. Dei fryktar at det skal verte eit folketomt område der kinesarane berre kan flytte inn og overta naturressursar og land, seier han.
– Er dette noko av grunnen til den ekspansive framferda til Russland utanriks?
– Eg trur ikkje det. Befolkningsnedgang er noko Kreml må ordne opp i på heimebane. Det vil ikkje hjelpe å vere ekspansiv, dei må heller prøve å gjere Russland attraktivt som arbeidsmarknad for å tiltrekkje seg folk om målet er å halde oppe folketalet. Men fyrst og fremst må dei investere i den befolkninga dei har: i helsevesenet, i sosiale ytingar og i å løfte ein større del av befolkninga over fattigdomsgrensa, seier Blakkisrud.
– Dystre utsikter
Verken Blakkisrud eller Brunborg trur derimot russarane kjem til å klare å snu befolkningsnedgangen.
– Då må dei jobbe med å auke både levealderen og fødselstalet. Nei, dei vil nok ikkje klare å snu utviklinga. Europa som heilskap kjem til å oppleve befolkningsnedgang. Kanskje Noreg også. Til no har vi vore berga av eit stort innvandringsoverskot og raskt dalande dødstal, men no er fertiliteten i Noreg òg så låg at vi må sjå i augo at det kan gå mot nedgang også her. Men utsiktene er dystrare i Aust-Europa, seier Brunborg.
Han syner til at FN i sin befolkningsprognose frå 2019 legg til grunn at folketalet i Russland kjem til å gå ned frå dagens 146 millionar til 126 millionar i 2100.
– Om koronaen varer, kjem nedgangen til å verte endå større, seier han.
Blakkisrud seier russarane må innstille seg på at nedgangen kjem til å halde fram også etter at pandemien er over.
– Går vi tilbake og ser på FNs framskrivingar og scenario for utviklinga i Russland frå tusenårsskiftet, har Russland rett nok klart å bremse nedgangen som er skissert der – trenden er flatare enn skrekkscenarioet frå slutten av 1990-åra og byrjinga av 2000-talet. Men det er likevel ingenting som tyder på at det går mot befolkningsvekst i Russland att, seier han.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.