Siste borsj i Kyiv?
Andrej Kurkov rapporterer frå hovudstaden i Ukraina, som Russland meiner ikkje har livsens rett.
Kyiv-buarar i kø ved ein busstasjon i morgontimane torsdag, mange på flukt vestover etter dei fyrste russiske luftåtaka mot den ukrainske hovudstaden.
Foto: Umit Bektas / Reuters / NTB
Kyiv-buarar i kø ved ein busstasjon i morgontimane torsdag, mange på flukt vestover etter dei fyrste russiske luftåtaka mot den ukrainske hovudstaden.
Foto: Umit Bektas / Reuters / NTB
I tre kveldar på rad har telefonen ringt ustanseleg. Eit par gamle vener, Igor og Irina, ringde for å seie at dei skulle køyre ein tur opp i Karpatane. Andre ringde berre for å høyre om eg trudde det ville bli krig, og så om eg trudde krigen ville starte straks eller om to veker. Så vende den russiske presidenten seg til det russiske folket på TV for å fortelje sin versjon av Russlands og Ukrainas historie og om å forandre verda.
Russland godkjende to ikkje-eksisterande «statar» på ukrainsk territorium og skreiv under avtalar om venskap og militært samarbeid med dei. Putin sa at no ville «grensene» mot Ukraina – det vil seie frontlina – bli garanterte av den russiske hæren. Det innebar at frå no av ville den russiske hæren skyte frå ukrainsk territorium mot ukrainsk territorium.
Kva er det som er endra? kan du spørje.
Ein god del! Før Putins «reorganisering» svara ukrainske troppar med skarpt på granatar frå separatistane. No er det slik at dersom den ukrainske hæren svarar på granatar frå den russiske hæren, vil det bli kalla ein russisk-ukrainsk krig. Og dei russiske troppane som kringset Ukraina, kan invadere ukrainsk territorium frå kva punkt som helst langs den 3000 kilometer lange grensa mot Russland og Kviterussland.
For første gong kjenner ein på spenning i Kyiv. Framleis er det ingen panikk. I nærleiken av huset mitt byggjer den libanesiske restauranten Mon Cher ein sumarterrasse. Dette året har vi hatt ein svært kort meteorologisk vinter. No er våren komen, temperaturen stig til 13–14 gradar celsius. Sola skin, fuglane syng, og på vegane frå vest kjem det militære lastebilar og militære sjukebilar. Dei passerer Kyiv og held fram austover.
Eg hugsar 2014, da òg drog pansra personellkøyretøy frå den vestlege delen av Ukraina og austover, og øydelagde stridsvogner og utbrende panserbilar kom attende på traktorar. No går all trafikken berre austover. Men det finst ein annan aust–vest-straum. Flyktningar frå Stanytsia Luhanska, ein by rett ved frontlina nær Lugansk, har nådd Kharkov. Hittil gjeld det berre eit dusin menneske. Dei forlét bustadene sine fordi dei rekna med at snart ville det ikkje vere noko att av dei. Dei overlevde i 2014–2015, da ein tredjedel av husa i byen med 15.000 innbyggjarar vart øydelagde av artillerigranatar. Inntil nyleg var framleis om lag 7000 igjen i byen. Kor mange som er att no, er vanskeleg å seie. Særleg etter at ein separatistgranat trefte ein barnehage. Mirakuløst nok vart ingen drepne.
Og eg tapte togbillettane mine. Meininga var at eg skulle dra til Sievjerodonetsk i Luhansk oblast 2. mars og returnere til Kyiv den 4. med nattog. No kjem eg ikkje til å reise.
Fram til for eit par dagar sidan, var eit filmteam frå Kyiv framleis i gang med å lage ein film basert på romanen min Grå bier i ein delvis forlaten landsby nær Sievjerodonetsk, 16 kilometer frå frontlina. For ei vekes tid sidan kom militæret og åtvara dei om at ei evakuering kunne starte kva tid som helst. «Russarane vil varsle to timar for dei går til åtak!» sa ein ukrainsk offiser til filmteamet, «så gjer dykk klare!»
Filmprodusenten, Ivanna Diadiura frå Kyiv, vart samd med lokale sjåførar om at dei skulle stå klare i tilfelle evakuering. Denne «forsikringa» kostar mange pengar. Det er framleis lite arbeid i området, men folk har bilar. Bilar, men ikkje vegar. Meir presist: Det finst ikkje asfalt. I ei veke stod bilane gjerandslause, men så kom politiet og bad dei fjerne seg på augneblinken.
Filmteamet er alt attende i Kyiv. Dei fekk ikkje fullført filminga. Dei må finne ein annan innspelingsstad – kan hende i Tsjernihiv eller Sumy oblast, der det er mange forlatne eller halvtomme landsbyar. Desse oblastane grensar òg til Russland, og på den russiske sida av grensa står det russiske troppar. Kor lenge vil det vere trygt å gjere opptak der? Det veit ingen!
Eg uroar meg ikkje over denne filmen lenger. Etter talen til Putin har eg tenkt på noko heilt anna. Vener heldt fram med å ringje og ringje. Men så fekk eg ei oppringing som fjerna uroa mi.
Ein litteraturlærar, Larisa Aleksejevna frå skule nr. 92, der alle dei tre borna mine ein gong gjekk, ringde meg for å spørje om eg kunne kome dagen etter og ha ein time om kriminallitteraturens historie. Dette kom fullstendig uventa, og eg svara ja tvert.
Timen gjekk retteleg bra. Medan eg tala om forskjellen mellom australske, japanske og britiske kriminalhistorier, gløymde eg Russland, president Putin og brotsverka deira. Det verka som borna òg gløymde Russland og ein mogleg krig.
På veg heim frå skulen sette eg meg ned i ein kafé for å ta ein kopp te og litt å ete. Eg gløtta inn i andletet til folk kring meg og lytta til samtalane deira, men det var ingen samtalar. Folk drakk kaffi og åt sandwichane sine i det stille.
Ukrainske politikarar har snakka høgare enn vanleg. Utanriksdepartementet oppmoda president Zelenskyj om å bryte diplomatiske samband med Russland. Ein tidlegare parlamentsmedlem, aktivisten Boryslav Bereza, bad Zelenskyj innføre krigslovgjeving i Luhansk og Donetsk. Noko seier meg at president Zelenskyj ikkje vil gjere nokon av delane. Han har alt slått fast at han framleis vonar Ukraina vil unngå ein storkrig.
Eg skulle gjerne forstått korleis han tenkjer, men så langt har eg ikkje klart det. Leiaren for «Det luhanske folkets republikk», godkjend av Russland, Venezuela, Cuba og Abkhasia, har kravd at Ukraina «frigjev» den andre halvparten av Luhansk oblast, som separatistane ikkje kontrollerer. Han ønskjer å skape ein «republikk» med grensene til den ukrainske oblasten. Leiaren for «Den donetske republikken» er taus nett no, men tidlegare har han òg truga med å ta heile Donetsk oblast frå Ukraina.
Det russiske utanriksdepartementet slo fast at dei godkjenner begge «republikkane» innanfor dei noverande grensene, men at grensene til ein «stat» – generelt – er ei privatsak for «staten» sjølv.
Ein framtidig krig ligg trugande i denne utsegna, men trugsmålet ser ikkje ut til å vere overhengande. Tidsrommet mellom godkjenninga av «republikkane» og Russlands vidare operasjonar mot Ukraina kan strekkje seg frå to veker til tre månader eller lenger. Det kjem heilt an på korleis verda reagerer på denne situasjonen. Dersom reaksjonen er høgrøysta og dei nye sanksjonane verkeleg skader den russiske økonomien, kan pausen vare i seks månader. Om reaksjonen syner seg å vere svak, vil det ikkje ta lang tid før krigen er eit faktum.
Russland tente pengar til denne krigen i Europa ved å selje olje og gass. No har Russland store økonomiske reservar, og berre sanksjonar som hindrar andre pengestraumar inn i Russland, kan tøyme det russiske ønsket om å ta seg lenger inn på ukrainsk territorium.
Medan eg skriv desse linene, sjekkar eg nyhendemeldingane. No har Putin erklært at han godkjenner «republikkane» med vidare grenser enn dei territoria som er kontrollerte av separatistane. Og så å seie samstundes ser eg at president Zelenskyj nettopp har underteikna ein ordre om verving av reservistar til hæren.
I dei seinare vekene har mange ukrainarar blitt militære ekspertar. Eg òg. Eg veit alt at ein framrykkjande hær mistar mannskap i forholdet 10 til 1. Det vil seie at tapa til dei som forsvarer eit landområde, er berre ein tidel av tapa til dei som avanserer.
Venene mine sende meg ein skjermdump frå ei nettside som tilhøyrer den russiske regjeringa og handlar om forsyningar. Skjermdumpen syner at Burdenko – det største militærsjukehuset i Moskva – er ute etter å kjøpe 45 000 liksekker. Omsynsfullt nok har dei nytta det medisinske omgrepet: patologisk-anatomiske sekker. Dette talet på sekker fell bra saman med utsegna til ein tidlegare russisk general, som sa at Russland er budd på å miste opptil 50.000 av soldatane sine i ein offensiv i Ukraina. Eg sende skjermdumpen vidare til ein ven som forstår seg på systema for offentlege forsyningar. «Det er falsk informasjon», skreiv han attende. «Dei har hatt hundretusenvis av liksekker klare i lang tid!»
Og igjen, medan eg skriv, ser eg ei melding om at Putin ikkje berre har godkjent «republikkane», men «konstitusjonane» deira òg. Desse «konstitusjonane» slår fast at territoria til «republikkane» er heile Donetsk oblast og heile Luhansk oblast. I same augneblinken som eg las desse nyhenda, rykte krigen mykje nærmare.
Det er alt mykje vanskelegare å halde tankane på krigen på avstand.
Putin snakka ein eller annan stad att og kom med eit ultimatum til Ukraina og verda: Anten godkjenner Ukraina og verda Krim som russisk og Ukraina droppar for alltid draumen om å bli med i Nato, eller så marsjerer den russiske hæren til Kyiv.
Ukrainske nyhendesendingar er alt fulle av varsel om russiske åtak. Det mest «populære» går ut på at Russland først vil gå til åtak på tre byar: Kharkiv, Kyiv og Kherson. Eg forstår det slik at Kherson vil bli angripen frå Krim, Kharkov frå den russiske Belgorod-regionen, men kvar vil dei angripe Kyiv frå? Den kortaste vegen til Kyiv for den russiske hæren er gjennom Kviterussland og Tsjernobyl-sona. Der finst det nesten ikkje vegar, men mykje sump og små elvar. Ja, det er mange russiske stridsvogner på den andre sida av den kviterussiske grensa. Satellittbilete har synt russiske militære som har trena på å byggje mellombels pongtongbruer til stridsvogner over elvane nær Ukraina.
Det er uråd å føreseie handlingane til Putin, ein kan berre sjå målet hans klart, kva han ønskjer å oppnå. I den siste talen sin sa han spesifikt at han ikkje godtek Ukraina som ein stat. For han er landet ein del av Russland. Så målet er å ta Ukraina og gjere det til Det sørvestre føderale distriktet i Den russiske føderasjonen. Statsdumaen kan endre den russiske konstitusjonen i løpet av to timar, slik han gjorde da han inkluderte Krim i den russiske konstitusjonen. Det utøvande og tankelause statsmaskineriet til Russland er klart til å oppfylle kvart innfall Putin måtte ha.
Og i Ukraina, i alle kyrkjer og moskear, ber dei om fred – det vil seie i alle bortsett frå dei 12.000 eller så ortodokse kyrkjene til Moskva-patriarkatet. Der ber dei framleis for den russiske patriarken Kirills gode helse. Andre kyrkjer har bede kyrkjene i Moskva-patriarkatet om å be for fred, men Moskva-patriarkatet lèt ikkje høyre frå seg.
I 2014, da det ukrainske parlamentet heldt eit møte vigd til militære operasjonar i Donbas, eit møte som representantar for alle kyrkjer og kyrkjesamfunn var inviterte til, vart det erklært eit minutt stille til minne om dei ukrainske soldatane som døydde i krigen. Heile parlamentet reiste seg, med unntak av representantane for Moskva-patriarkatet. Dei heldt seg trassig i stolane. Og prestane frå Moskva-patriarkatet nekta å gravleggje ukrainske soldatar som fall i krigen. Likevel var det ingen som sette fyr på kyrkjene deira eller var valdelege mot dei.
I det siste har SBU-offiserar teke russiske agentar som freista å sprengje kyrkjene til Moskva-patriarkatet i Kharkiv i lufta. Agentane hadde tenkt at kyrkjesprenginga skulle vere eit casus belli – eit påskot til å gå til krig.
Det er ikkje noko verre i verda enn krig. Sjølv koronaviruspandemien verkar no som noko kvardagsleg og forståeleg. Krig kan aldri forståast eller godtakast.
Ukrainarane held fram med å leve som vanleg. I går stogga eg framfor ein moderne hipsterbarbersalong. Der var det to kundar som fekk trimma skjegget, medan ein tredje venta på tur med eit glas whisky i baren.
Samstundes landa eit kanadisk transportfly lasta med våpen på flyplassen i Kyiv.
Den nye ukrainske røyndomen overgår storleg min forfattarfantasi. Eg kan ikkje seie at eg likar det. Men eg godtek denne røyndomen.
Dei gamle venene mine, Igor og Irina, som hadde køyrt til Karpatane for å kome unna krigen, ringde for å seie at dei tenkte på å køyre gjennom Polen til Litauen. Både Polen og Litauen er trufaste partnarar med Ukraina. Om det vert naudsynt, vil dei ta imot ikkje berre Igor og Irina, men hundretusenvis av andre ukrainarar. Eg vonar berre at behovet ikkje melder seg.
Mellom telefonsamtalane i går kveld laga eg borsj til nokre journalistar som var komne heim til meg, og eg håpa at Putin ikkje ville spolere middagen vår.
Han gjorde ikkje det. I staden valde han å sende rakettar mot Ukraina klokka fem om morgonen dagen etter. Krigen starta i Donbas, og det kom angrep andre stader òg, også frå Kviterussland.
No er vi i krig med Russland. Men undergrunnsbanen i Kyiv går, og kafeane er opne.
Det har nettopp kome rapportar om at Ukraina har brote det diplomatiske sambandet med Russland. Sidan kampane byrja, har Ukrainas hær skote ned seks russiske fly og to helikopter. Det er klart at vi har lide store tap.
Medan den russiske aggresjonen endra seg frå dag til dag tidlegare, endrar han seg nok frå time til time. Men eg blir verande her og skriv til dykk, slik at de får vite korleis det går i Ukraina under krigen mot Putins Russland. Pass på dykk sjølve, kvar de enn er.
Andrej Kurkov
Omsett av Lasse H. Takle
Kurkov skreiv siste del av brevet torsdag klokka 11.
Mosaikken som framstiller Guds mor på fasaden til ein lokal regjeringsbygning berre to hundre meter frå frontlina, er blitt ugjenkjenneleg av kulehol.
I dei seinare vekene har mange ukrainarar blitt militære ekspertar. Eg òg.
Andrej Kurkov
Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.
Busett i Kiev i Ukraina. Faren var ukrainar og testpilot for Sovjetunionen.
Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.
Skriv fast frå Ukraina for Dag og Tid.