Varer som ikkje skal vare
Det er meir enn appetitt på nye dingsar som driv oss til å skifte smarttelefon.
I løpet av ganske få år gjer oppdateringane av operativsystema mange smarttelefonar utoleleg trege, eller minnet i mobilen er for lite til å kunne oppdatere i det heile. Produsentane av smarttelefonar pressar altså sjølve fram den raske utskiftinga.
llustrasjon: Maxx-Studio / Shutterstock / NTB scanpix
I løpet av ganske få år gjer oppdateringane av operativsystema mange smarttelefonar utoleleg trege, eller minnet i mobilen er for lite til å kunne oppdatere i det heile. Produsentane av smarttelefonar pressar altså sjølve fram den raske utskiftinga.
llustrasjon: Maxx-Studio / Shutterstock / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Økonomi
peranders@dagogtid.no
Iblant blir dei absurde trekka i samtida overtydelege. Den amerikanske høgtalarprodusenten Sonos kom i skade for å forarge mange trufaste kundar med tilbodet sitt i vinter: Eigarar av gamle Sonos-høgtalarar vart lova ein rabatt på 30 prosent av prisen på fleire nye modellar frå selskapet. Alt kundane trong å gjere, var å aktivere ein funksjon dei kalla «Recycle Mode» – «resirkuleringsmodus» – på dei gamle Sonos-høgtalarane sine. Dette fører til ein elektronisk sjølvdestruksjon som gjer høgtalarane ubrukelege for alltid.
Selskapet pådrog seg ein storm av kritikk med påfunnet sitt. Og kan hende vart reaksjonane sterkare nett fordi Sonos er kjent for å lage kvalitetsprodukt med lang levetid. Men i røynda var dette klønete marknadsføringsgrepet berre ein litt karikert variant av det som er normaltilstanden for elektronikk og ei rekkje andre såkalla «varige forbruksvarer»: Dei fleste ting skal ikkje vare særleg lenge. Svært mange produkt er laga på måtar som gjer dei utdaterte eller ubrukelege etter nokså kort tid.
På engelsk ber fenomenet namnet planned obsolescence – planlagd forelding. Det held profitten oppe, det held ingeniørar og designarar i sving, og det held hjula i gang i industrien. Men det er ikkje bra for miljøet, og det er svært tvilsamt om det er bra for dei som kjøper produkta.
Ikkje så smart
Eit mykje brukt døme på slik utdatering er smarttelefonane. I snitt går det berre kring to og eit halvt år mellom kvar gong vestlege forbrukarar byter til ein ny mobil. Det er forbløffande kort levetid for så kostbare varer. Dei nyaste og mest avanserte Iphone-modellane kostar til dømes kring 15.000 kroner.
Den stadige utskiftinga av elektroniske produkt som smarttelefonar har store miljøkonsekvensar. Klimagassutsleppa frå IKT-industrien har til no vore ganske moderate, men dei stig raskt. I år er det venta at utsleppa frå kommunikasjonsteknologi vil utgjere kring 3,5 prosent av dei globale klimagassutsleppa. I 2040 kan slik teknologi stå for heile 14 prosent av utsleppa, heiter det i ein studie publisert i Journal of Cleaner Production i 2018, og den største auken er venta å kome frå smarttelefonane: Utsleppa frå denne kjelda åleine kan bli åttedobla innan 2040, meiner forskarane bak studien.
Dyrebare stoff
Det er ikkje straumforbruket til smarttelefonane eller dei store datasentera som er problemet, det er apparata i seg sjølve. Kring 90 prosent av utsleppa som er knytte til ein smarttelefon, kjem frå produksjonen av mobilen. Avansert elektronikk som mobilar er avhengig av råstoff frå gruvedrift, mellom anna gull og ei gruppe grunnstoff som går under namnet «sjeldne jordartar», og utvinninga av desse stoffa er energikrevjande og ofte naturøydeleggjande. Og det kjem lite med nytteverdi ut att frå apparata vi kastar. Å hente ut att dei små mengdene med sjeldne mineral frå kvar mobil er ikkje rekningssvarande. Berre kring 1 prosent av smarttelefonane blir resirkulerte.
Om industrien – eller forbrukarane – kunne lage produkt med vesentleg lengre levetid, ville det altså ha ein stor miljøeffekt. Over fem milliardar menneske har mobiltelefon i dag, og over halvparten er smarttelefonar, ifølgje Pew Research. Og om tre års tid er dei aller fleste av desse mobilane søppel.
Oppdatering
Forbrukarappetitten på nye digitale dingsar er slett ikkje heile forklaringa på utskiftingstakten. Sjølv om vi ikkje knuser, druknar eller går lei av mobilen, får han inga lang levetid. Ein Iphone er til dømes ganske solid bygd til mobiltelefon å vere, problemet ligg ein annan stad. I løpet av ganske få år gjer oppdateringane av operativsystema mange smarttelefonar utoleleg trege, eller minnet i mobilen er for lite til å kunne oppdatere i det heile. Produsentane av smarttelefonar pressar altså sjølve fram den raske utskiftinga.
Smarttelefonane er lette å gripe til som døme på den planlagde foreldinga av varene våre. Nesten alle har ein slik, dei er dyre, avanserte – og svært kortlevde. Men problemet stikk langt djupare i kulturen og økonomien vår enn som så. Vi som lever i dag, kjenner knapt til noko anna enn bruk og kast-prinsippet. Men det har ikkje alltid vore slik.
Bil for livet
Om vi går attende til tida da konsumentsamfunnet vart skapt, var det mange som tenkte annleis. Henry Ford, som stod bak den første masseproduserte bilmodellen, såg for seg at ein T-Ford skulle vere ei investering for livet. Da Ford lærte ingeniørfaget på 1800-talet, var idealet at ting skulle byggjast for å vare. «Den som kjøper ein av bilane våre, skal aldri trenge å kjøpe ein annan bil», sa Ford i 1922. Rett nok var den gjennomsnittlege levetida berre åtte år, men det var lenger enn bilane til konkurrentane. T-Forden skulle vere enkel å reparere, og eit reparasjonssett følgde med kvar bil.
Men alt i 1923 tok konkurrenten General Motors til å endre Chevrolet-modellane sine frå år til år. Sjølv om dei fleste endringane var kosmetiske, var dei med på å endre mentaliteten til bilkjøparane. Lina til GM vann fram, og Ford-konsernet byrja sjølv med stadige justeringar av designen.
Kreativ kasting
Prinsippet om stadig utskifting av industriprodukta fekk snart eit fagleg fundament å stå på. Under depresjonen i USA i 1930-åra vart det teke til orde for rask utskifting av «varige varer» for å få i gang økonomisk vekst att. Eigedomsmeklaren Bernard London var i 1932 truleg den første som nytta omgrepet «planlagd forelding», i artikkelen «Ending the Depression Through Planned Obsolescence». Han tok til orde for at styresmaktene burde utstyre industriprodukt med ei maksimal levetid, til dømes fem år for bilar, for å halde aktiviteten oppe i økonomien.
I boka Consumer Engineering frå 1932 skreiv forfattarane Roy Sheldon og Egmont Arents om «kreativ kasting» og skildra appetitten på stadig meir moderne produkt som eit særtrekk ved USA. Interessant nok knytte dei framveksten av bruk og kast-samfunnet til dei enorme naturressursane i USA, eit land svært ulikt Europa: «Vi har framleis trekledde åsar å avskoge og underjordiske sjøar av olje å tappe.»
Ny bil kvart år
Konsumerismen tok ikkje slutt med depresjonen, tvert om, han nådde nye høgder i etterkrigstida. Alt kring midten av 1950-åra hadde dei fleste husstandar i USA fått seg bil, fjernsyn og kjøleskåp. Om veksten skulle halde fram, måtte utskiftingstakten haldast høg, og konsumentsamfunnet akselererte. Sjølv om teknologien vart stadig betre, vart levetida på mange varer kortare. Harvey Earl, designar for General Motors, forklarte prinsippet sitt slik i 1955: «Den store jobben vår er å framskunde forelding. I 1934 eigde folk i snitt ein bil i fem år. No er snittet to år. Når snittet har blitt eitt år, har vi lukkast til fulle.»
Draumen til Earl vart ikkje oppfylt. Bilar har generelt mykje lengre levetid og toler langt fleire mil i dag enn dei gjorde for nokre tiår sidan, i tillegg til at dei har blitt langt tryggare og meir komfortable. Dei verste døma på planlagd forelding finn vi no på andre felt, og som nemnt er elektroniske produkt blant dei som eldest raskast. Avfallsberga veks og veks, og nordmenn er blant dei store søppelprodusentane. Ifølgje undersøkinga Global E-waste Monitor kasta nordmenn nesten 30 kilo elektrisk avfall i 2016 og var dermed det verste landet i OECD.
Felt i Italia
I ei tid med veksande miljømedvit prøver både styresmakter og mange miljø- og forbrukarorganisasjonar å ta tak i dette problemet. Problemet er å prove at produsentane faktisk reduserer levetida til produkta sine medvite. Fleire land har granska nokre av dei store elektronikkselskapa ut frå mistanke om at dei korta ned levetida på produkta sine med vilje.
Apple-leiinga har heile vegen nekta for at selskapet driv med slikt, men i 2018 vart selskapet dømt til ei bot på ti millionar euro i Italia for planlagd forelding: Det nye operativsystemet som kom med Iphone 7, gjorde Iphone 6-telefonane svært trege, noko Apple ikkje fortalde kundane da dei tilrådde dei å oppdatere dei «gamle» telefonane sine. I same slengen vart mobilprodusenten Samsung dømd til ei bot på fem millionar euro i ei liknande sak.
Overdimensjonerte oppdateringar av programvare er berre ein del av biletet. Det finst mange andre måtar å sørgje for at elektroniske produkt får eit kort liv på. Den mest banale er sjølvsagt å lage dårlege varer med veike komponentar. Ein annan er å gjere det umogleg å skifte ut batteriet sjølv. Ein tredje variant er å gjere produkta vanskelege eller umoglege å reparere, til dømes ved å lime saman komponentane i staden for å bruke skruar, nekte å levere reservedelar til uavhengige reparatørar – eller slutte å levere reservedelane til eit produkt i det heile.
Når det finst så mange måtar å gjere produkt ubrukelege på, er det ikkje lett å kome uvesenet til livs. Men det finst måtar å gjere det på som kan sikre oss meir levedyktige produkt og skåne miljøet. Dei skal vi fortelje om i neste nummer av Dag og Tid.
Kjelder: Giles Slade: Made to Break, Wall Street Journal, The Economist, BBC, Wikipedia.
Over fem milliardar menneske har mobiltelefon i dag. Om tre års tid er dei aller fleste av desse mobilane søppel.