Samfunn

Tru mot Trump

Den gamle skulekompisen min Manuel Perez (57) frå California er ein av dei som heiar på Donald Trump. Men ein stad går grensa, sjølv for han.

Manuel Perez framfor huset han leigde i 2016. Også ved valet den gong stemte han på Donald Trump, men då eg besøkte han, var ikkje politikk noko tema.
Publisert Sist oppdatert

«Wow, Trump og Vance har ballar!

Dei lét Zelenskyj få vite alternativa.»

Det var straks etter det famøse møtet på Det ovale kontoret i Washington at Manuel Perez la ut meldinga på Facebook, og ho stod i sterk kontrast til det folk elles la ut denne kvelden. Der var det unison fordøming av framferda til verdas mektigaste mann og visepresidenten hans. Det er slike som Manuel Perez dei fleste nordmenn ikkje kan forstå. Korleis kan han og andre velje ein mann som Donald Trump til president i USA?

Eg måtte ringe.

– Du veit, her i Noreg meiner mange at amerikanarane er galne som kan røyste på ein slik rabiat, populistisk, inkompetent, narsissistisk, løgnhals...

– Eg høyrer kva du seier, seier Manuel og humrar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement