Tese 3:
Helvetet må avskaffast av omsyn til folkehelsa
Karl Evang var helsedirektør frå 1938 til 1972. Fotografiet er frå 1972.
Foto: NTB
Karl Evang var ein av dei grunnleggjande ideologane bak velferdsstaten og helsedirektør frå 1938 til 1972 (det var før åremålet kom). Evang hadde i unge år forfekta ein radikal opplysningsfilosofi som sameinte Voltaire med Marx og Lenin.
På 1930-talet tok han til orde for eit naturvitskapleg «utreinskingsarbeid» for å fjerne «fra vårt oppdragelsessystem og andre borgerlige samfunnsinstitusjoner hele det villnis av metafysikk, av overleverte dogmer og svunne tiders virkelighetsoppfatning, som fremdeles behersker disse områder».
I tråd med dette perspektivet var han òg ein varm talsmann for eit seksualliv frigjort frå moralske normer, basert på naturvitskapleg sakkunne. Den vitskapsbaserte erotikken bar ifølgje den unge legen bod om «nye, bedre og høyere former for kjønnsliv enn dem vi hittil har kjent».
Som helsedirektør i arbeidarpartistaten forlét Evang den leninistiske paternalismen frå ungdomstida til fordel for ein vitskapleg opplyst paternalisme. Evang såg på helseadministrasjonen sin som ein «generalstab» som førte an i «en fortløpende kamp mot alle de skadelige agens som søker å undergrave menneskenes helse og arbeidskraft».
Helsedirektøren snakka frimodig som ein general: «Et eneste øyeblikks sløvning av oppmerksomheten ved en av helsevesenets utallige hygieniske forposter kan utløse en epidemi», medan «det rette grepet gjennom rett organ, på rett tid, kan redde liv, arbeidskraft og menneskelykke».
Med sin naturvitskapleg reformerte sosialisme nærte helsedirektør Evang framleis ein nærast grenselaus tillit til fagkunnskapen, framfor alt den legevitskaplege, og den frigjerande rolla fagkunnskapen har. «Legevitenskapen kan», forkynte han i stordomstida, «revolusjonere verden – en sunn slekt overalt – hvis fornuften får rå.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.