Politikk
Tru, von og toretale
Dei kristenkonservative ved Oslo Symposium trur på ei politisk høgredreiing. Den skal kome frå dei yngste.

Det er fredag, og opp Wergelandsvegen køyrer ein bilkortesje med ministrar på veg til statsråd på Slottet. Statsministeren sjølv er kristen og gift med ein prest. Men på SAS-hotellet nokre hundre meter unna har folk samla seg for å få han bytt ut ved neste val, nett fordi han ikkje fører ein kristenvenleg politikk. På Oslo Symposium mobiliserer deltakarane for ei borgarleg regjering til hausten.
Dei jobbar i motbakke. Kyrkja er på vikande front. Færre blir døypte, færre blir konfirmerte, og færre går i gudsteneste, syner tal frå Statistisk sentralbyrå: «Færre tviler, færre tror og flere tror ikke», konkluderte dei i 2021. Det går ikkje berre føre seg ei sekularisering.
Nordmenn er òg jamt over nokså liberale. I folkesetnaden er det brei semje om likekjønna ekteskap. Ei meiningsmåling gjord for NRK 19. februar i år synte òg at over halvparten av folkesetnaden er positive til aktiv dødshjelp, medan berre 20 prosent var mot. Då statskanalen spurde om den nye abortlova i desember, fekk dei liknande tal. Liberale verdiar er mainstream. Oslo Symposium er motkultur.
Arrangøren sjølv, Bjarte Ystebø, meiner presset mot kristendomen er uttrykk for ei utvikling som har gått føre seg i snart 60 år.
– Tida vår er eit produkt av sekstiåttarrevolusjonen. Vi lever i forlenginga av ungdomsopprøret frå den gongen. Då kom unge idealistar inn i leiarstillingar i alle delar av samfunnet. Det har prega oss sidan. Over tid har vi gått frå å gjere det legitimt å kritisere religion, til å nærmast kriminalisere han, men no lurer eg på om vi ser ein reaksjon. Kristne verdiar kan få sin renessanse, seier Ystebø.
I døra blir eg helsa velkomen av fire ungdomar i byrjinga av 20-åra. Kvar femte påmelde er under 30. I år har symposiet òg eit eige arrangement for dei yngste deltakarane, med over 60 påmelde. Arrangørane vonar på fornying. Optimismen bygger delvis på den mykje omtalte bølga av unge, konservative menn. I fjor sommar blei omgrepet «tradwife», ei kvinnerolle som legg seg tett opp mot den tradisjonelle husmorrolla, òg populær mellom mange unge i sosiale medium.
TikTok frå bedehuset
Og nett sosiale medium har blitt ein ny kanal for å spreie ordet. På TikTok har unge misjonærar og predikantar fått store følgarskarar. Jesusinfluensarar kallar dei seg. Titusenvis følger videoane dei legg ut, ofte humoristiske, men som regel med eit misjonerande innhald. Algoritmane skal spreie Ordet.
– Jesus kan bli årets influensar i 2025, seier 26 år gamle Mikael Lao frå talarstolen.
Inne i salen er det førebels tradisjonelle medium som gjeld. Det er tre TV-kamera i rommet. I resepsjonen står TV-journalistane klare til å intervjue deltakarane. Symposiet blir kringkasta over heile landet via dei kristne TV-kanalane Kanal 10, Bedehuskanalen og Sverigekanalen. Eit par tusen følger arrangementet på YouTube.
– Til saman er det fleire titusen sjåarar, fortel Ystebø.
Men på pressebenken tynnast det ut utover ettermiddagen. Riksavisene gjekk då partileiarane var ferdige på talarstolen.

Agitasjon og andakt
Så å seie alle på podiet er røynde talarar. Nokre talar med store kjensler. Dei græt. Andre held opp Bibelen og får forsamlinga ned på kne for å be. I publikum er det mange som klappar, andre lyttar med andakt. Dei fleste talarane får ståande applaus.
Men dette er ikkje eit vekkingsmøte. Bakteppet er politisk, og målet for mange av talarane er å berge Noreg og Vesten frå eit moralsk og kulturelt forfall.
– Symposiet er ein reaksjon på og ei mobilisering mot sekulariseringa, og det at særteikna ved sivilisasjonen vår blir oversette, fortel Hallgrim Berg, tidlegare stortingsrepresentant for Høgre.
– Ein urban-hedonistisk kultur og levemåte har teke over mykje av den jødisk-kristne kulturarven.
Hallgrim Berg, tidlegare stortingsrepresentant (H)
– Ein urban-hedonistisk kultur og levemåte har teke over mykje av den jødisk-kristne kulturarven. Kos, karriere og komfort har blitt dei viktigaste verdiane. Men det er verdt å spørje seg om det er nok for at eit samfunn skal overleve. I dag er det liten plass for dei grunnleggande omsyna som ligg under kvardagspolitikken. Då er det godt å møte intelligente menneske med alternative tenkemåtar, seier Berg.
Perverteringa
Truls Olufsen-Mehus frå partiet Konservativt (tidlegare Dei kristne) meiner at forfallet har religiøse undertonar.
– Landet har mista Guds velsigning. Vi har ikkje født nok born på femti år. Færre giftar seg. Det har gått føre seg ein nådelaus kamp mot borna og familien, og ekteskapet er utvatna og pervertert. Vi må vende om og ta ansvar. Dårlege tider skaper sterke menn, medan gode tider skaper svake menn. Tida for svake menn til å regjere er over. No må mennene bli sterkare.
Sjølv kan Olufsen-Mehus ta 125 kilo i benkpress, vitsar konferansieren frå talarstolen.

Makt og motstand
Sjølv om det er mykje snakk om familieverdiar og nestekjærleik, er mykje av tematikken på podiet prega av motstandsånd. Mange er opprørte over aborttala, «den hyppigaste dødsårsaka i Noreg». Andre vil ha slutt på «radikal kjønnsideologi i skulen», og ei undervisning med vekt på at det berre finst to biologiske kjønn. Mange meiner både stortingspartia og kyrkja er blitt for radikale. Ikkje alle kjenner seg att i verdigrunnlaget i storsamfunnet, heller ikkje i Den norske kyrkja.
– Den norske kyrkja har aldri vore så liberal som no, meiner Therese Egebakken frå den konservative kyrkjevallista Frimodig kyrkje.
– Det skal ikkje mange tastetrykk til for å melde seg ut. Men eg er glad i denne kyrkja, trass alt.
Den mest sentrale enkeltsaka er konflikten i Midtausten.
– Den norske kyrkja har aldri vore så liberal som no.
Therese Egebakken, Frimodig kyrkje
– Israel og Ukraina er dei fremste forsvararane av demokratiet i dag, blir det sagt frå scenekanten, til jublande applaus.
Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk er uroa for det han meiner er auka antisemittisme i det norske samfunnet.
– Holocaust hender diverre òg i vår tid. 7. oktober 2023 gjekk det fleire jødiske liv tapt enn nokon gong sidan kremasjonsomnane i Auschwitz stilna for 80 år sidan. Gisla i Gaza er på mange måtar vår tids konsentrasjonsleirfangar. Dei sit der berre fordi dei er jødar.
Dugnadsånd
Dei 420 som sit i salen, har betalt 990 kroner for å få konferansepass. Det er ein grunn til at det kostar å delta. Medan Fritt Ord dei siste åra har gitt sekssifra støtte til Globaliseringskonferansen i Oslo og Regnbuedagene i Bergen, får Oslo Symposium ikkje støtte utanfrå. Men det går rundt likevel, med private bidrag.
– Vips sju-seks-tre-åtte-null-fem, lyder det gong på gong frå talarstolen.
Vona er at TV-sjåarane òg vil bidra.
Dette er dugnad, fortel Ystebø.
– Vi har ingen offentlege inntektskjelder. Det er vi vane med i miljøet vårt. For å vere ærleg veit eg ikkje kor eg skulle søkt for å få det heller.
Elefanten i rommet
Sjølv om deltakarane ønsker seg eit meir kristenkonservativt samfunn, er det ikkje nødvendigvis semje om korleis det skal sjå ut. Det store stridstemaet i forkant av årets konferanse var korleis ein skal tolke den politiske utviklinga i USA. Dit er det mange av deltakarane som har kontaktar gjennom evangelikalske miljø.
Det er òg her ein har henta konseptet bak Oslo Symposium. Amerikanske kristenkonservative har arrangert møte for å mobilisere politikarar aktivistar i ei årrekke. Nokre av konferansane er òg nemnde i norske medium: CPAC, Values Voters Summit og Road to Majority. Felles for dei er at dei trekker til seg vonfulle republikanske presidentkandidatar. Ein av dei, Mike Huckabee, var òg til stades i 2017, året etter konkurrenten Trump vart vald til president første gongen. Han forsvarte den amerikanske regjeringa.
Gift og falske profetar
I år er politikken til Trump-regjeringa nesten fråverande frå programmet. Slik har det ikkje alltid vore. Då den dåverande KrF-leiaren Knut Arild Hareide vitja konferansen i 2019, åtvara han mot Trump. Salen bua. I år ligg den nye amerikanske regjeringa under som eit latent bakteppe. I midten av februar åtvara Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk kristne mot å «drikke Trump-giften». Også Bjarte Ystebø tok avstand frå Trump i forkant av symposiet.
Det har skapt splid. Predikanten Runar Søgaard kalla Selbekk ein «falsk profet». Sjølv nemnde ikkje Selbekk Trump med eitt ord frå talarstolen. Det gjorde derimot Ragnar Hatlem, som kalla Trump eit «trumfkort for dei neste fire åra» i samband med konflikten i Midtausten.
Splittinga
Strid i det kristenkonservative miljøet er ikkje noko nytt. I 2023 var usemja mellom Bjarte Ystebø og Finn Jarle Sæle, som båe hadde vore redaktør i avisa Norge IDAG, så stor at sistnemnde arrangerte sitt eige symposium. Sæle var ikkje til stades i helga. Det var heller ikkje partileiaren i Konservativt, Erik Selle, eller Jan Hanvold og den mykje omtalte TV-kanalen hans, Visjon Norge.
– Vi har delteke tidlegare. I år vart vi ikkje inviterte. Men det er mogleg Norge IDAG vil arrangere eit eige symposium til hausten, opplyser Hanvold over telefon.
Men det skal vere høgt under taket, meiner Ystebø.
– Talarstolen er heilt open. Vi legg ikkje føringar for kva talarane skal seie. Vi har hatt politikarar frå venstresida her òg, frå Martin Kolberg til Erik Solheim og Mímir Kristjánsson. Men dette med Trump er vanskeleg. Det er ei sak som splittar kristne.
Ei anna ålmente
Utanfor konferansesalen har kristne organisasjonar og medium stilt seg opp. Her står til dømes Hermon. Det er Noregs største kristne forlag, men du finn neppe mange av bøkene deira i den lokale bokhandelen eller på folkebiblioteket. Kvifor? Høvet til å bli synleg er dårlegare og dårlegare, forklarer ein medarbeidar. Då forlaget vart etablert i 1983, fanst det 64 kristne bokhandlar i landet. No er det berre 16 att.
Kristenkonservative har eigne forlag, eigne TV-kanalar og eigne nisjemedium. Dei lever godt med det, merkar eg når eg freistar å intervjue deltakarar ved konferansen.
– Hei, eg er frå Dag...
– Ja, ja, Dagen?
– … og Tid.
– Å ja. Nei takk.
Endetidsteikn
Eg kjøper med meg ei av bøkene frå Hermon. Ho er skriven av rabbinaren Jonathan Cahn, ei kontroversiell røyst på den amerikanske høgresida. Han har argumentert for at Trumps valsiger i 2016 var føresagt i Bibelen, og samanlikna abort med barneofring. I boka les han Hamas’ blodige åtak på Israel den 7. oktober 2023 opp mot endetidsteikn i Johannes’ openberring. Den bibelske kampen mellom det gode og det vonde er framleis til stades gjennom hendingar i vår eiga tid. Det gjeld å posisjonere seg.
Men det er ikkje Cahns endetid som pregar symposiet. Folk er påfallande optimistiske.
Ute skin sola, inne brenn vona om eit anna Noreg.