Utanriks

Vil binde Tyskland til masta

Filosofen Jürgen Habermas har tidlegare tatt til orde for fredsforhandlingar i Ukraina. No vil han ha europeisk opprusting.

Den tyske filosofen Jürgen Habermas vil at Europa lausriv seg meir frå USA, og åtvarar om at Trump kan dra EU med seg ned i dragsuget.
Den tyske filosofen Jürgen Habermas vil at Europa lausriv seg meir frå USA, og åtvarar om at Trump kan dra EU med seg ned i dragsuget.
Publisert

Alle alternativ ligg på bordet no: Om lag to månader etter at Donald Trump kom tilbake til Det kvite huset, går Europa gjennom eit geopolitisk skifte. Førre torsdag melde Financial Times at dei største europeiske militærmaktene, deriblant nordiske land, er i «uformelle samtalar» om framtida til Nato. Eit av alternativa som blir diskutert, er å gjere alliansen uavhengig av USA om fem til ti år, ved at Europa rustar nok opp til å garantere for eigen tryggleik.

Også sosialfilosofen Jürgen Habermas argumenterer for å ruste opp for å gjere Europa uavhengig av USA. Dette er naudsynt, skriv han i ein artikkel med tittelen «Ein appell for Europa», som stod på trykk i Süddeutsche Zeitung førre fredag, dersom EU «framleis kan telje med i ei verd som er i geopolitisk rørsle og i ferd med å gå opp i saumane». Skal europeiske verdiar framleis ha verkekraft ute i verda, må det òg ligge makt bak dei.

Statspasifisten

Den no 95 år gamle Habermas er kanskje det nærmaste det sameinte Tyskland kjem ein statsideolog. Han har vore ein sentral premissleverandør i den tyske samfunnsdebatten sidan det vesttyske sekstiåttaropprøret, særleg i debattane om det tyske skuldspørsmålet etter andre verdskrigen.

Krigsrøynsla har spela ei stor rolle for verdsbiletet hans. Far hans var medlem av nazistpartiet, sjølv var han medlem av Hitlerjugend i tiårsalderen. Seinare vart han venstreorientert sosiolog og filosof. Første gongen han kunne røyste, støtta han eit pasifistisk opposisjonsparti, Det alltyske folkepartiet (GVP). Sidan den gongen har han forsvart ei form for pragmatisk pasifisme: Militærbruk kan rettferdiggjerast, men berre i visse situasjonar.

Blindgjengarane

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement