Kommentar

Liberale ideal og amerikansk realpolitikk

Donald Trump lagar show med kontroversielle utsegner. Og medan media er opptekne av utsegnene hans, legg dei ofte ikkje merke til kva Trump faktisk gjer. Han gjer store endringar i USAs utanrikspolitikk. Men ikkje alltid slik media trur.

Vi kan ta blikket bort frå Donald Trump og i staden rette det mot USA sjølv – mot kursen til den store amerikanske statsskuta, dei lange linene og det internasjonale systemet, skriv Torbjørn Knutsen.
Publisert Sist oppdatert

Vi kan gjere eit tankeeksperiment. Vi kan ta blikket bort frå Donald Trump og i staden rette det mot USA sjølv – mot kursen til den store amerikanske statsskuta, dei lange linene og det internasjonale systemet.

Fleire statsvitskaplege teoriar tek for seg dette systemet. Dei ser verdspolitikken som eit biljardspel der USA er ei av dei aller tyngste kulene. La oss sjå på eit par av desse teoriane. Vi kan byrje med dei som byggjer på eit liberalt utsyn. Dei er opptekne av statar og statleg samhandling, men legg òg vekt på individ.

Liberale teoriar

Statar tek ingen avgjerder, seier dei liberale observatørane. Det er statsleiarar som tek avgjerder i internasjonal politikk.

Liberale teoriar legg til grunn ei optimistisk førestilling om at statar samarbeider for felles gevinst. Diplomatar forhandlar seg fornuftig fram til løysingar som er til beste for alle partar. Gjennom møte og konferansar blir dei samde om reglar som gjer samarbeid lettare. Dei forhandlar seg fram til kompromiss, utviklar rettsreglar, lovverk og internasjonale organisasjonar som fremjar felles interesser.

Liberale teoriar har hatt stor forklaringskraft for USAs utanrikspolitisk åtferd. Særleg for åra like etter andre verdskrigen, då USA tok initiativ til internasjonale organisasjonar som FN og WTO og dreiv fram utvikling av folkeretten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement