Økonomi

Cruisetrafikken fortener ikkje subsidiar

Det lettaste klimatiltaket er å slutte å subsidiere fossil energibruk.
 

Cruiseskipet «Norwegian Prime» i Geiranger sommaren 2024.
Publisert Sist oppdatert

Klimatiltak flest handlar om å gjere fossil energi dyrare. Dimed vert all energi dyrare, og sidan energi er eit fundament for all velstand, gjer klimatiltak oss fattigare enn vi elles ville ha vore. Til sjuande og sist betyr dette at innbyggjarane betaler for klimatiltak.

Nokre unnatak finst likevel, og det viktigaste er å slutte å subsidiere bruk av fossil energi. Dette er utbreidd i mange land. Ifølgje Det internasjonale pengefondet (IMF) utgjer desse subsidiane mellom 0,5 og 1 prosent av verdsøkonomien, eit enormt beløp.

Dei verkeleg store summane her er energisubsidiane i Kina, Saudi-Arabia, Russland og Indonesia. Vestlege demokrati subsidierer i liten grad energibruk, sjølv om mange land hadde støtteordningar under kraftkrisa i 2022.

Det kan hende at nokre av desse subsidiane har gode verknader, men det er liten tvil om at det å kutte subsidiar er blant dei billigaste klimatiltaka. Slike subsidiar inneber jo at den som brukar energien, ikkje eingong betalar det det kostar å få olje, gass eller kol opp av jorda, raffinert og transportert.

Noreg subsidierer bruk av straum, både til hushalda og kraftkrevjande industri, men vi subsidierer ikkje bruk av fossil energi. Vi har likevel ein del subsidiar og spesielle ordningar som fører til auka bruk av fossil energi i fleire næringar.

Ei slik næring er cruisetrafikk. Kvart år er det over 5000 anløp av cruiseskip i norske hamner. Tal frå Kystverket tyder på at klimagassutsleppa frå desse skipa er kring éin million tonn CO2 i året. Dette er om lag like mykje som utsleppa frå innanlandsk flytrafikk og tilsvarer ein fjerdedel av dei årlege utsleppa frå alle personbilar i Noreg. I tillegg kjem utsleppa frå ferjer mellom Noreg og kontinentet, som er om lag like store som dei frå cruiseskipa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement