I dag kan me ynskje lesarane velkomne til rund bursdag her i bokstova. Det er Klok på bok nummer 1600 du les no, og det er eit tal ein ikkje skal kimse av. At kimse tyder kaste med nakken, er noko alle saman veit, så det vil me ikkje bruke spalteplass på å slå fast.
Finaste gåva til fødselsdagen fekk me på førehand frå Svenska Akademien. Marta Kløve Juuhl har sjølvsagt heilt rett når ho skriv: «Ja, det var vel kjekt for deg å skriva at forfattaren er nobel, utan å leggja til at romanen du siterer frå, er omsett til norsk seinare.»
Det gjekk 95 år frå Sigrid Undset fekk Nobelprisen i litteratur i 1928, til Jon Fosse vart vinnar i år. Boklækjaren har mistanke om at det kunne ha vore fleire verdige vinnarar frå Noreg på alle desse åra. For å finne ut om lesarane meiner me har hatt kvalifiserte kandidatar mellom ho Sigrid og han Jon, vil me be folk om å skrive til klok@dagogtid.no og namngje norske forfattarar som hadde fortent prisen i «turkeperioden». Alle som deltek i undersøkinga, er med i trekkinga av ein bokpremie. Slik kan det verte du som får ei gåve, når Klok på bok har bursdag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.