Engelske lyrikarar1. Oscar Wilde (1854–1900): An Ideal HusbandThe Importance of Being Earnest 2. John Clare (1793–1864):

Publisert

1. Oscar Wilde (1854–1900): Wilde hadde ein stor og mangslungen forfattarskap bak seg med høgdepunkt som komedien An Ideal Husband, det udøyelege lystspelet The Importance of Being Earnest og diktet «The Ballad of Reading Gaol». Det siste er eit overtydande og kraftfullt kampskrift mot fangemishandling og dødsstraff. Diktet kom ut under pseudonymet C.3.3, som var fangenummeret hans frå Reading-fengselet der Wilde måtte sona ei to år lang umenneskeleg fengselsstraff for homoseksualitet. Rettsforfylginga mot Wilde er eit skamfullt kapittel i britisk rettssoge.

2. John Clare (1793–1864): Etter Robert Burns er Clare den neste som stig fram som diktar frå landarbeidarbakgrunn i skotsk og engelsk dikting. Sermerkt for Clare er kjensla for naturen og skiftingane i landskapet gjennom årstidene, og intim kunnskap om planteliv og dyreliv i det landskapet som var hans. I dag vert dikta hans lesne som varsel på det moderne, framandgjorde medvitet. Framandgjeringa for Clare vart framkalla då det kjende og trygge landskapet vart opprive og omskapt ved lova som tok bort allmenningsjorda – alt godt skildra i diktet «Eg er» («I am»).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement