Frå Medisinsk museum1. Maren i myra:2. Finsen-apparatet:3. Jarnlunga:Håvard Tangen
1. Maren i myra: Som å velja millom pest og kolera, er enno eit ordtak. På 1800-talet var koleraen ein hard røyndom i Noreg. Takk vere karantene slapp me undan den fyrste bylgja i 1831, men året etter kom han til Drammen, og sidan til Kristiania. Truleg var det ein bøddel som bar smitta med seg til hovudstaden. Næringslivet ville ha fri flyt, og det var uvisst korleis koleraen spreidde seg. Maren i myra er eit tagalt vitnemål om koleraen kring 1850. Ho vart graven opp etter 1900, mesta like heil som dei spadde henne ned.
2. Finsen-apparatet: Tuberkulose, eller tæring, var ei fæl sykje, som diverre ikkje er utrudd i dag heller. Tæringa sette seg i ymse luter av lekamen, jamvel i hud og bein. Den færøyske vitskapsmannen Niels Rydberg Finsen laga eit apparat med ljosstrålar som skulle hjelpa mot tæring. Museet eig eit slikt Finsen-apparat som har vore nytta på Rikshospitalet i si tid. Finsen kan vera ein av fåe nobelprisvinnarar frå Færøyane. Hovudgata i Torshavn er oppkalla etter han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.