Gode fotturar på Lesja og Dovre

Publisert

1. Nedre Floten: Dette er ei 4 km lang, flat strandline skapt på slutten av istida av ein bredemd sjø. For folk og hestar på veg til seters, var ho ein ypparleg kvileplass. For dei som ikkje skulle til fjells, men ville langsetter dalen, var flata ein lett transportveg. I dag er desse vegane mest brukte til turgåing og terrengsykling. Namnet Floten har samanheng med adjektivet flat. Her er det verkeleg flatt, jamført med dei bratte dalsidene både ovanfor og nedanfor.

2. Øykjesvee: Du startar frå Fokstugu på Dovrefjell i retning mot Grimsdalshytta. Du har gått i vel ein time og er komen opp i nesten 1400 moh. Då blir du overraske over å finne ei grasslette i denne høgda der det elles er mest stein og ur. Eg har høyrt folk seia at dette er den vakraste staden i fjellet. I dag beiter sauer her, men her må det òg ha vore beite for hestar (øyk = hest). Båe e-ane på slutten av ordet skal uttalast; den siste blir då trykklett.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement