1. «Blue» (1971): Ein sundagskveld i 1980, like før eg skulle ta bussen til hybelen på Voss, sende NRK eit pauseinnslag på tv. Indra Lorentzen dansa til ei urstemme som gjekk rett i fletta på meg. Eg fekk med meg rulleteksten, skreiv ned namnet på artisten, ei Joni Mitchell, og låta, «Blue», før eg sprang til bussen. Etter skuletid neste dag kjøpte eg den ikoniske, mørkeblå LP-plata og vart frelst.
2. «Both sides now» (1969/2000): «Eg har sett livet frå båe sider no», skreiv Joni Mitchell i 1967. Ho var tidleg i 20-åra, såg ut som 14, og folk tykte ho var pretensiøs. Men den spinkle kanadiaren som ættar frå Modalen i Hordaland, hadde fleire traumatiske opplevingar bak seg. Mellom anna hadde ho adoptert bort eit barn. Mitchell spelte inn denne tilbakeskodande songen både som 26-åring og 57-åring. «Both sides now» kler båe aldrar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.