Tre favorittar

Låtar av Ronnie Lane (1946–1997)

Publisert Sist oppdatert

1. «Harvest Home» (1976): Briten Ronnie Lane var først bassist i Small Faces, verdas beste modband, så tok han bassen med til Faces, verdsmeistrar i feel-good-rock, før han fekk nok, kjøpte ein falleferdig sauegard i Wales og begynte å laga låtar som denne. Ei melankolsk perle som visstnok vart til i blomeenga ved sida av sauebeitet etter at han og resten av bandet Slim Chance hadde vore ute og sådd byggkorn.

2. «The Poacher» (1974): Brått står eg der med vaiande gras oppetter føtene, høyrer bekken som sildrar, og ser på ein gråhåra gamling som står ved elvebreidda og fiskar. Og der nappar det i snøret! Orda og melodiane til Ronnie Lane har ei eiga evne til å pirra fantasien og ta meg med inn i historiene og stemningane som vert formidla. Verdsklasse!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement