Tre favorittar
Loft på Voss
Foto: Torunn Markussen Ringheim
1. Ringheimsloftet: På Voss står tre mellomalderloft på rekkje frå Lydvo over Finne til Ringheim. Minst kjent er Ringheimsloftet, som skal vera frå før 1349. Interessa mi for mellomalderbygningar kom då eg var liten. Det staselege Ringheimsloftet var vanskeleg å oppdaga, då det er kledd med liggjande plank til vern mot vind og vêr. Vakre pryddører er gjorde av meisterhand. Laftinga er utsøkt mellomalderhandverk.
2. Lydvaloftet: Loftet er bygt før 1349, kanskje før 1300. Loftet har imponerande kunsthandverk. Rundt hovuddøra i andre etasje er utskorne dekorasjonar. Dei ligg utanpå tømmerstokkane som relieff. Beitskiene har figurmålingar. Loftet skal ha vore brukshus med matlager i første etasje og klesloft med gjestesenger i andre. Tømmerstokkar i første høgda har bore ein svalgang som gjekk rundt loftet i andre høgda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.