Ordbøker du berre må ha1. Nynorskordboka2. Med andre ordMed andre ord3. Norsk OrdbokNorsk OrdbokAud Søyland
Foto: Samlaget
1. Nynorskordboka er den ordboka eg brukar aller mest. På ordbok.uib.no kjem det opp eit verktøy der du kan velja nynorsk, bokmål eller begge, og klikkar du på ordklassesymbolet, kjem alle bøyingsformer opp. Dette får me heilt gratis, fordi staten ved Språkrådet og Universitetet i Bergen ajourfører ordboka og lèt oss få tilgang – via pc og mobilapp. Slike gode kan me få når me bur i ein velferdsstat!
2. Med andre ord er Magne Rommetveits verk med framlegg til nynorske alternativ for bokmålsord og -uttrykk. Står du fast når du møter ordet «betinget», er det berre å slå opp i Med andre ord, som gir deg forklaringar og døme i fleng. Rettnok er ordboka strengare enn det som er vanleg i nynorsk i dag, men me har ikkje vondt av det, sjølv om det no er opna for mange an-, be- og heit-ord i nynorsk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.