Palestinske byar1. Jeriko:2. Gaza: Det finst ingen annan by som har meir å by på. På ein tur gjennom gamlebyen passerer ein heilage stader so ein knapt kan anda: Gravkyrkja, reist der Jesus vart korsfesta.
1. Jeriko: Byen er rekna for å vere verdas eldste. Grunnlegginga gjekk føre seg fleire tusenår før den mykje omtalte utvandringa frå Egypt til området. Han er med sine fire hundre meter under havet den klårt mest lågtliggjande i verda. Trass i særs høge sommartemperaturar vert byen rekna som den trivelegaste av mange palestinarar, uansett kvar i landet dei kjem frå. Vitjarar til området bør leggja turen dit – byen er like viktig som meir berømte kandidatar, som Bethlehem, Ramallah og Hebron.
2. Gaza: Frå innland til kyst: Oldtidsstaden Gaza må ein ikkje gløyme. Er ein so heldig å kome gjennom sperringane som gjer Gazastripa til verdas største fengsel, får ein løn: Ingen stad vert ein møtt med større venlegheit. Godt gjort av eit folk som er so hardt prøvde. Dei treng då òg meir enn nokon andre kontakt med omverda. Men hald deg unna staden når det kjem luftåtak frå nabolandet. Og, som me har sett på nyheitene, det er òg livsfarleg å kome nær grensegjerdet når det vert demonstrert mot innesperringa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.