Poetar1. Tomas Tranströmer (1931–2015): 2. George Mackay Brown (1921–96):3. Kenneth Steven (1968–):Safirblå isfuglfryd

Publisert

1. Tomas Tranströmer (1931–2015): Psykologen og poeten som vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 2011, skreiv ikkje mykje. Det meste kan rommast i ei pocketbok på eit par hundre sider. Men kvantiteten er ikkje viktig når ein lèt seg gripa av metaforane hans, musikaliteten i språket, det mangetydige. Tranströmer gjev oss ikkje dogmatiske svar på livsgåtene, men rikeleg stimulans til undring.

2. George Mackay Brown (1921–96): Han skreiv dramatikk, noveller og essay, men var framfor alt poet. Djupt grunnfesta i heimstaden Stromness på Orknøyane skildrar han livet til bønder og fiskarar, men med eit utsyn utover det. Det lokale vert knytt saman med bibelhistorier, katolsk tradisjon og ikkje minst den norrøne kulturen. Mackay Brown femnar alt dette med kjærleik, slik folk på øyane omfamnar han som den store poeten sin.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement