¿ Ei tidsreise til skjelpaddebyen

PINGYAO: På vegen til Lhasa ligg den best bevarte han-kinesiske byen. Pingyao har overlevd krig, industrialisering og revolusjon.

Hustaka attmed ei av dei fire hovudgatene gjennom Pingyao, med bytårnet i bakgrunnen.
Hustaka attmed ei av dei fire hovudgatene gjennom Pingyao, med bytårnet i bakgrunnen.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Me var oppe i femtida for å få med oss ljoset kring soloppgang, då sjølv hovudgata låg nesten folketom. Dette er så nær ein kjem draumen om ei tidsreise – ein bevart gamleby der bymurane er intakte og suset av soge er høyrleg av di byen er utan biltrafikk. Soloppgangen såg me oppe på den ti meter høge og seks kilometer lange bymuren som omkrinsar Pingyao – ein by me vart fascinerte av slik me vert fascinerte av fortida og av gamlebyar som Siena, Toledo, Jerusalem og Antigua i Guatemala.

Slik vart det ein mjuk overgang frå smaua, hutongane, i den gamle delen av Beijing til hutongane på kryss og tvers mellom dei 4000 småhusa innanfor bymurane i Pingyao, sett bort frå at husa her er eldre, frå Ming og Qing, og bymurane endå eldre, frå 1300-talet.

Men murane kring dei gode Pingyao-minna stoggar ikkje åtaka frå nyhendestraumen. Medan eg skriv, høyrer me i alle kanalar at kinesiske styresmakter innfører strenge tryggleikslover i Hongkong for å kvela sjølvstenderørsla der, og at dei har sett i verk drastiske tiltak i Xinjiang, mellom anna for å dempa folkeveksten hjå den uiguriske minoriteten der. Og lågare i det vestlege nyhendebiletet og solidaritetshierarkiet finn ein nedslåande rapportar om tvangsflytting av tibetanarar.

Beijing Vest

Frå Beijing gjekk ferda vår vestover, etter kvart til dei fjernaste regionane, men fyrst med eit stogg attmed vegen, i Pingyao, med avreise frå same stasjon som Lhasa-toget: Beijing Vest.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement