2024 eller 2031 etter Kristus?
Når blei Jesus fødd? Kva er utgangspunktet for tidsrekninga vår?
Betlehemsstjerna.
Foto via Wikimedia Commons
Den tidlegaste kristne tradisjonen seier at Jesus var 40 år gammal då han blei krossfesta, og at dette var i år 33 etter Kristus. Jødane hadde månekalender og påskeaftan alltid første vårfullmånedag. Dette året er første dagen i påsken ein sabbat, sidan krossfestinga skjedde på førebuingsdagen, som er fredagen, og oppstoda første dagen i veka, altså søndagen.
Landshovdingen Pilatus og øvstepresten Kaifas verka til 37 e.Kr. Mellom åra 29 og 36 er det berre år 33 e.Kr. at fullmånen er på ein fredag. Krossfestinga skjedde dermed 3. april 33. Med ein alder på 40 år skulle dette gje som resultat at Jesus blei fødd i år 7 før Kristus.
Betlehemsstjernakan ikkje ha vore eit allment iaugefallande fenomen, men noko som dei innvigde såg og tolka. Ei samanstilling av planetar er slik den einaste naturlege tolkinga. Etter gammal tradisjon var Saturn planeten til jødane, og Fiskane var stjernebiletet deira. Kongeplaneten var Jupiter.
Ei samanstilling av planetane Jupiter og Saturn i Fiskane hadde dermed svært tung symbolverdi i førestillingsverda til presteastronomane. I år 7 f.Kr. stod desse planetane uvanleg nær kvarandre. Heile tre gonger kryssa dei kvarandre i Fiskane, siste gongen svært nær kvarandre og nærast stilleståande, 12. og 13. november.
Denne samanstillinga var så spesiell at hennar like først vil skje om 25.732 år. Sidan stjernebakgrunnen då var endra, var det altså ei eingongshending, eit varsel om ein jødisk kongefødsel av det eineståande slaget.
To vismennlegg så ut på reise frå Babylon, då dei ser første møtet mellom planetane 15. mars, og frå Damaskus får dei følgje av den tredje, for vismannsbrorskapet var spreitt ut over heile Midtausten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.