Kunnskap

Å drepe dyr

Med stadig betre kunnskap om kva dyr har av sansar, kjensler og medvit, blir det også naudsynt å endre synet på kva tid og korleis vi skal ta livet av dyr.

Storviltjakt med blykuler kan gje høg konsentrasjon av bly i viltkjøtet.
Storviltjakt med blykuler kan gje høg konsentrasjon av bly i viltkjøtet.
Publisert Sist oppdatert

Evne til sansing er noko vi deler med alle levande organismar. Mange forskarar meiner at hos dyr var det jobben med å tolke signal frå desse sansane som dreiv fram utviklinga av sentralnervesystemet. Denne klumpen av nerveceller vart på eit eller anna tidspunkt i evolusjonen stor og kompleks nok til å halde oppe ein synkronisert elektrisk aktivitet der heile sentralnervesystemet er kopla saman i eit felles «super-nettverk», også kalla medvit.

Dette medvitet blir fargelagt og i stor grad styrt av kjensler, skapte i djupet av dei eldste delane av hjernen. Og når vi drep dyr, er det lett å få ei kjensle av at vi utslettar eit anna medvit, eit unikt og levande fenomen som er der i den eine augneblinken og borte for alltid i den neste.

Det er, og vil alltid vere, uvisst kvar grensa skal gå mellom dyr vi meiner har medvit, og resten av den levande naturen kring oss. Den norske lova om dyrevelferd (paragraf 2) har ei liste over dyreslag vi meiner har så høgt utvikla medvit at det er naudsynt å verne velferda deira: pattedyr, fuglar, krypdyr, amfibium, fisk, tifotkreps, blekksprut og honningbier. Dette er ei lovfesting som får konsekvensar for både liv og død.

Bedøving

Når vi avlivar virveldyr med sentralnervesystem og blodforsyning likt det vi finn hos oss menneske, er det krav om at dyret skal bedøvast før vi

sikrar oss at dyret er daudt ved å tappe ut blodet. Meininga med slik bedøving er å stogge den synkroniserte elektriske aktiviteten i hjernen på dyret og dermed nullstille produksjonen av medvit i så lang tid at vi kan fullføre avlivinga utan å setje i gang dei medvitne prosessane frykt, stress og smerte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement