Reportasje
Å kome på land med ære
Lineskipperen er ein halvt mytologisk figur blant dei som er kjende med kystkulturen. Han er meir hovding enn moderne leiar, noko som berre skulle mangle, sidan livet her ute tilhøyrer ei anna tid.
Jostein Ladehaug Dean er i ferd med å kaste den første enden av lina, om bord på MS «Vestfisk».
Foto: William Sem Fure
Det er ikkje så mange som veit det eller bryr seg om det, men nett no er fiskerinasjonen Noreg inne i ein gullalder som vi ikkje har sett maken til på fleire generasjonar. Alt før covid-19 runda mange dekksfolk millionen i årsløn – unggutar på nitten kan fort tene det dobbelte av det òg, om dei kjem seg med den rette båten.
Sjølv har eg nærare ti år på sjøen bak meg, først som trålfiskar, deretter som høvedsmann i kystvakta, og til slutt som linefiskar. Eg fekk så vidt smake på oppgangen før eg la inn årane i 2019. Den nest siste turen min varte berre to månader – og på desse to månadene hadde eg like mykje på lott som eg fekk for sju samanhengande månader i 2012.
Når eg har prøvd å fortelje om erfaringane mine frå denne verda, har eg oftast vorte møtt med anten mistru eller total mangel på forståing. Det er kan hende ikkje så rart. Eg studerte litteraturvitskap, historie og tysk ved Universitetet i Bergen, medan eg jobba som fiskar når sjansen baud seg mellom semestera.
Ein større kontrast er vanskeleg å sjå føre seg, og eg strevde tidvis med å foreine desse to verdene sjølv. Eg snakka med ein maskinist om dette ein gong, og han sa at eg berre måtte la vere å prøve:
– Når du seier at du arbeider som fiskar, så ser dei fleste føre seg ei kasse med øl under tofta på ein liten sjark ute på fjorden. Dei tenkjer sjelefred og «naturens harmoni».
Profesjonelt fiske er naturlegvis noko heilt anna. På den eine turen min som trålfiskar reiste eg i lag med Dan, ein dekksmann som hadde vore linefiskar tidlegare. Han fylte hovudet mitt med forteljingar om livet på lina, som han kalla det. Ifølgje han var trålfisket nesten som å vere på cruise i samanlikning:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.