Reportasje
– Å, om me var del av Vestlandet
BJØBERG: I snart 200 år har høgfjellsgarden øvst i Hemsedal gjeve ly til farande i fjellet. Ivar Aasen og Fridtjof Nansen tok inn her. Men hovudnæringa til bjøbergingane er sau og rein.
Frå venstre: Helene Astrid Hillestad Brennhovd, Matilde Skare og Hanne Karoline Skrede frå Ulsok i Hemsedal har vore på dialektleir på Torsetstølan og er aktive i Hallingdal Målungdom. Bak ser ein elva Hemsil, som har gjeve dalen namn.
Alle foto: Håvard Rem
Fem stupbratte mil frå salte Sognefjorden går fylkesgrensa mellom Vestland (før Hordaland) og Viken (før og snart Buskerud). Skiltet på høgfjellet markerer meir enn eit fylkesskilje.
Her aust for Eldrevatnet (1110 moh.) går vasskiljet og vêrskiljet, målskiljet og landsdelsskiljet.
Vestland austafjells
Mørkedalen er fyrste dalen som ventar meg austafjells. Han ligg heilt nord i Hemsedal, som ligg heilt nord i Hallingdal. Få minutt frå fylkesgrensa svingar eg av riksveg 53, inn på tunet til den avsidesliggjande høgfjellsgarden Bjøberg (1014 moh.).
Eigedomen går opp til vasskiljet. Vêrskiljet ligg mindre fast. Det bles ein vestlandsk vind på Bjøberg, berre ei halv mil og 100 høgdemeter frå fylkesgrensa. Næraste tettstad austafjells ligg mykje lenger borte. Det er 25 kilometer og 400 høgdemeter ned til Hemsedal sentrum (604 moh.). Kring høgfjellsgarden er både vêret og målet prega av nærleiken til Vestlandet. Guro Sandvik, frua på Bjøberg, fortel:
– Det vert gjerne ikkje så kaldt på Bjøberg som nedi dalen. Midtvinters kan det vera minus ti her når det er tretti minusgrader i Hemsedal.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.